tirsdag 8. desember 2009

Eksamen

No har eg levert inn til eksamen:) Eg har slete forferdeleg med internett i dag. Ein fiberkabel under sjøen mellom Hareid og Sulesund vart reven av i dag, og det har vore store problem i heile Ulsteinvik. Men no har eg fått lasta opp alt. Ein annan ting som eg har kava med er desse sidetala i innholdsfortegnelsen. Same kva eg gjer, så kjem det ein eller annan gong side 0, midt inn i ein eller annan plass. Fekk til slutt til å laste det ned utan at dette kom med, men det var faktisk utan å overdrive fleire timar med arbeid med berre det. Eg og Hjørdis delte dokument og korrekturleste for kvarandre i dag. Det var også nyttig, får litt tips om skrivefeil og forskjellig anna som ein bør ta med - eller ta vekk. Då tek eg juleferie, og det skal jammen bli godt. Har enda ikkje kjøpt ei einaste julegave, og litt husvask må ein vel også ta. Huset har vel stått på forfall i heile haust:) Men no skal eg altså nyte familia og førjulsaktivitetar:) Ha ei riktig god jul alle som skulle finne på å kike innom her:)))

søndag 29. november 2009

Mappeoppgåve 3

No er mappeoppgåve 3 levert:) Det har vore mykje arbeid med denne oppgåva, i håp om veldig gode tilbakemeldingar, slik at dette blir ei av to oppgåver til eksamen. Synest det er vanskeleg å sette seg inn i M1 igjen om det skulle vere eit alternativ til eksamen. Mykje lettare å ta det som ein jobba med sist, som fortsatt er frisk i minnet. Samarbeidet på denne oppgåva har vore so som so, då ikkje alle har bidratt på same måte. Det kan til tider vere ganske frustrerande, då andre med kanskje kunne tenke seg å gjere andre ting. Men resultatet vart bra, og eg er veldig fornøgd med oppgåva.

lørdag 28. november 2009

Samling i Volda, 26.11.09 og 27.11.09

Faglærar Kristin Bakke Sæterås

Tema for denne siste samlinga før jul var LMS, Learning Management System.
Vi fekk ein del eksempel på forskjellige typar LMS, og korleis desse kunne nyttast. Kom også inn på funksjonar som er i dei forskjellige LMS, og kva funksjonar som skulle vore der. Det var også tema kva LMS som passar i dei forskjellige skulane. Behova er ulike frå småskulen og heilt opp i vidaregåande skular, og enda meir annleis når ein startar på høgare utdanning.
Eit viktig poeng med eit godt LMS er at teknologi i seg sjølv løyser ikkje pedagogiske utfordringar, men kan gi elevane tilgang til informasjon. Dette gjeld spesielt om ein som skule er flinke til å nytte desse på ein god måte, og faktisk utnyttar dei ressursane som ligg i eit LMS.

Open eller lukka arena?
Eit spørsmål som dukka opp var om ein skulle ha eit ope eller ein lukka arena i eit LMS.
Fritida?
Skulen?

Blogg eit alternativ til LMS
Som eit brukarvennlig og multifunksjonelt tekstverktøy er bloggen eit viktig supplement til skulen LMS-er.
Argument for ope nett
Moglegheiter for samarbeid og deling og lenkje saman med medelevar og andre sine tekstar.
Er det mogleg med LMS?
Er det brukt i LMS?

Argument i mot
Ikkje alle likar å legge ut seg sjølv, personleg sfære "motangrep" i form av svar i innlegg, bør i så tilfelle være lærarstyrt i starten.

Gjennom ein udersøkelse som ITU Monitor gjennomførte i 2007 viser det seg at det er større bruk av digitale mapper i dei skulane som nyttar eit LMS.

Vi fekk ei oppgåve på samlinga som vi skulle samarbeide om på gruppa. Denne skulle vi presentere for dei andre studentane.

Oppgåve samling i Volda
Gjer dykk opp ei meining om lærarutdanninga si oppgåve i høve til å integrere digitale verktøy i skulen.

1. Korleis har lærarutdanninga påverke utviklinga? Prøv å ver litt konkret
2. Kvifor har/har ikkje lærarutdanninga eit ansvar her?
3. Korleis bør dette påverke innhaldet i den nye grunnlærarutdanninga?

Strukturer svaret, og gje relevant sett med grunngjevingar ut frå:
  • Det de veit eller har erfart sjølve som studentar ved lærarutdanningssituasjonar
  • Funn og oppsummering frå "LMS i fremtidens læringsmiljø" og ITU Monitor 2007

Svar på oppgåve på samlinga 26.11.09

1)
DKL inn i lærerutdannelsen. Verktøy opplæring! Bevisstgjøring er kanskje det viktigste?!?
Bør bli en egen del av den didaktiske delen i de ulike fagene ved å gjøre alle studenter digitalt kompetente på et visst "minstenivå".

2)
Hvorfor har de ansvar?
Lærerutdannærne har ansvaret for å "forme" fremtidige lærere.
Fordi "Lærerplanen sier det!" En av fem grunnleggende ferdigheter.

Hvorfor ikke?
Det er ikke et eget fag. Det blir dermed opp til den enkelte skole å sørge for denne kompetansen.

3)
IKT bør ikke være et eget fag, men integrert i de ulike fagene slik at det er sammenheng mellom utdanning og tenkt bruk i skolen. Fagpersonene må øke sin kompetanse IKT i de ulike fagene.


UNINETT ABC
Sjekk første kobling i leksjonen frå Kristin 26.11.09

Kompetansehjulet, er viktig til eksamen i forhold til refleksjonsnotatet.

Oppgave 3
I hvilken grad egner typiske LMS seg i forhold til det å forberede unge lærende på en sammensatt og livslang digital læringsarena?


Veldig grovt kan man si at LMS systemene inneholder halvhjertede forsøk på funksjoner som elevene bruker til daglig bruker ved hjelp av godt utviklede systemer. Eksempel kan være chat.. og med programmet MSN. Eller sammskriving med Google Docs. Så vi kan vel egentlig konkludere med at LMS systemene benytter seg av funksjoner som de får bruk for senere i livet, men de er ikke like gode som andre og mer utbrede systemer.

2. Betyr det at vi kan/bør hive ut LMS fra skolene?


Vil ikkje sei at alle desse fire LMS som har vore med i dette prosjektet er typiske LMS som blir mykje nytta i norske skular. To av desse er kjende, og to er mindre kjende og mindre brukt.

Slik som det kjem fram i mykje av det som er pensum for oss, og som er relevant for undervisning i grunnskulen, vil vi ikkje sei at vi kan/bør hive ut LMS frå skulane. Det viser seg at dei som nyttar dette i læringsarbeidet, er meir bevisste på læringsmåla som ligg i kvart enkelt fag. Det viser seg også at dei elevane som nyttar læringsplattform er meir digitalt kompetente enn dei som ikkje nyttar LMS i skulane.

Nei, LMS har en bruksverdi, men det er kanskje utopisk å forvente for mye av disse systemene og utnyttelsen av disse.

Konklusjon LMS
Dersom dette er ein måte å "lure" lærarane til å nytte digitale verktøy i skulane så kan ein vel seie at det har ein funksjon som virkar i positiv retning. Det er ein fordel at dersom ein nyttar eit LMS så har lærarane kjente ting innanfor visse rammer. Dei veit korleis dei skal finne igjen ting. For det viser seg at det gjerne er lærarane som har ei sperre i forhold til å nytte dette i skulane.

Del & bruk er ei nyttig side som blir anbefalt å kike på.
Oppgave 2

I - Kommunikasjon/dialog/samarbeid


1 e-post (a) - Sende og motta e-post med vedlegg
2 Tavle/tegnebord (s) - Lage skisser og tegninger
- Vise dem til andre som kan tegne videre på dem.
- Lagre skissene og arbeide videre med dem senere

3 Samskrivingsmuligheter
- Skrive samtidig på et dokument. Redigere, flytte avsnitt, sette inn tekst etc.
- Gi andre adgang til å lese dokumentet
- Levere det ferdige dokumentet til vurderinguten mellomlagringer
- Integrere bilder, tegninger og evt. lyd i et fellesdokument
- Studenters mulighet til å kommentere hverandres produkter

4 Forum (a) - Hva faglærer kan bruke forumet til
- Hva studentene bruker det til

5 Chat (s) - Samtaler i grupperom
- Samtaler i private rom
- Visning av hvem som er online
- Mulighet for den enkelte til å gi tilgang til samtaler
- Mulighet for å logge samtaler
- Videochat

6 Blogg (a) - Rapportere og dokumentere
- Reflektere over egne erfaringer
- Kommentere andres innlegg
- Håndtering av åpenhet /adgangsbegrensing

7 Wiki (a) - Ordbok
- Kunnskapsbase

II – Undervisningssekvensen
8 Planlegging - Automatisering
- Rekkefølgestyring
- Sjekklister

9 Publisering og filformater - Gjøre læremateriell tilgjengelig
- Kunne bruke varierte filformater

10 Kalender - Individuell og felles kalender
- Gi andre tilgang til kalenderen

11 Oppslagstavle

12 Arkiv - Overføring av filer til aktiv bruk
- Arkiv tilgjengelig for studentene etter studieperiode

13 Veiledning - Til enkeltstudent
- Til gruppe
- Automatisert tilbakemelding
- Administrasjon av prosjektgrupper

14 Innlevering på forskjellige måter
- Individuell innlevering
- Gruppeinnlevering
- Levering i digitale mapper
- Eksamensinnlevering

15 Evaluering og vurdering - Flervalgstester
- Spørreskjema

16 Statistikk - Oppfølging
- Fremdriftsindikator
- Resultatoversikt

III - Universell utforming
17 Visuell utforming - Ikonbruk
- Tilpasning og endring av farger
- Størrelse og utseende på skjerm og utskrift

18 Auditive muligheter - Kunne få testen lest opp (kobling til syntetisk tale)

19 Krav til motorisk funksjonsnivå
- Navigering
- Ergonomiske svakheter (treffe små punkt på skjermen, støtte for hurtigtaster)

20 Hjelpetekster / support - Språk, leselighet
- Organisering
- Forståelighet

Del 1) Valg av kriterer
Hva med den tekniske siden av LMS systemet?
Det burde også være tatt med en vurdering av generelt grensesnitt. Hvor intuitivt er det å navigere rundt i systemet.

Del 2) Har brukt et relevant sett med vurderingskriterier i forhold til
klassetrin?
Det er egentlig ikke noen kriterer som skiller seg spesielt ut med tanke på bruk på de ulike klassetrinnene. Både e-post, blogg, samskriving, forum kan egentlig være aktuelle på alle trinn. Spørsmålet er hvor komplisert bruken er.

Bruk av Micosoft Learning Gateway
MLG ble ikke testet i faglig sammenheng, på grunn av problemer med å få satt opp et
kjørende miljø av MLG lokalt ved HiST. De andre systemene har vært utprøvd i faglig
sammenheng, og det er klart at dette har gitt et større grunnlag for mer nøyaktige beskrivelser
enn hva er tilfelle for MLG.

Fronter står for styrking av brukere

Kven brukar Fronter: Skular, høgare utdanning, vidareutdanning og organisasjonar

Vår læringsplattform er:
  • BRUKERVENNLIG: Designet er enkelt og fleksibelt.
  • BRUKERDREVET: Utviklingen har solid pedagogisk foranking. Læringsplattformen oppdateres to ganger hvert år, etter regelmessige møter med våre brukere i referansegrupper.
  • BRUKERSAMSPILL: Læringsplattformen inneholder verktøy og moduler som gjør det enkelt å lære og samarbeide online.

It`s Learning blir brukt i grunnutdanninga og i høgare utdanning i Norge.

Moodle som læringsplattform

PedIT persenterer PedIT:
PedIT skiller seg fra andre LMS i det at det er utviklet fra bunnen av som et digitalt
læringsstøttesystem. Videre har utviklingen skjedd primært med grunnskolen som
målgruppe. Det er lagt stor vekt på at LMS-et skal være åpent og kommuniserende. Det
vil være riktig å hevde at PedIT ikke har en publiseringsløsning, men at PedIT er en
publiseringsløsning, også for elever. I tillegg møter systemet kravene i den innledende
definisjonen på et LMS.

søndag 22. november 2009

Mappeoppgåve 3

Eg har i grunnen heile veka, og kanskje også forrige veke jobba meg gjennom Prinds. Ser at eg har fått bearbeida litt etterkvart, og har trengt litt tid på denne, ikkje minst fordi den er dansk.

Gruppa har hatt to nettmøter på skype etter at vi fekk denne oppgåva. Onsdag denne veka hadde Hjørdis problemer med å kome inn på Skype, slik at vi skreiv en del notatar om det som vart avtalt i eit felles Googledokument. Dette har vi også brukt til å avtale møter, og ellers ting som vi har komt på som kanskje bør vere med i oppgåva. Vi fordelte litt oppgåver på onsdag. Eg skulle ta for meg å skrive scenariet, og flette inn litt teori rundt, og også skrive litt om GSI med refleksjonar.

Prinds, Rum for Læring

Ifølge læreplanar og kunnskapsløftet skal multimedier spele ei stor rolle i skulen, fordi utviklinga av ei mediebestemt verden er ei sentral utfordring for skulen, som den bør ta stilling til. Skulen er den einaste plassen i samfunnet der ein kan sikre at alle får ei brei mediekompetanse. Dersom ikkje skulen gjer det, vil unge stille ulikt ute i samfunnet. Dette vil skade både den økonomiske og den demokratiske likheita i samfunnet. Dersom elevane våre ikkje beherskar IKT teknisk og analytisk, skaper vi forskjellar, på unge som skal ut i arbeidslivet.

Det er viktig å tenke på at IKT gir oss andre og heilt nye spennande moglegheiter, der vår kunnskap kan oppdaterast raskt. Dette har betydning på alle livets områder.

Ein viktig ting som kom fram i undersøkelse gjort i forskjellige skular, var at lærarane seier at elevane nyttar PC i klassen opp til fleire gongar i veka. Når same spørsmål vart stilt til elevane, var resultatet heilt noko anna. Elevane seier at dei ikkje nyttar IKT i alle fag, men berre i tradisjonelle fag, og i nokre tilfeller seier dei at dei nyttar IKT ein til to gongar i året. Dette er oppsiktsvekkande i denne digitale verden som vi lever i. Og det at resultatet mellom elevar og lærarar sprikar slik, seier vel at lærarane ikkje vil innrømme at dei ikkje nyttar eit verktøy som dei er pliktige til å lære opp elevane til å bruke. Prinds seier at han definerar dannelse og kvalifikasjonar slik at elevane bør ha større ansvar for eigen læringsprosess, og skulen som heilheit.

Det har på globalt plan skjedd eit paradigmeskifte, slik at man i høgare grad legg vekt på læring enn på undervisninga.
Ein skal tenke over å ta hensyn til livslang læring, der mennesker skal kunne lære heile livet, sjølv om der ikkje er ein lærar i nærleiken.
Når forskarar og lærarar t.d. arbeidar med å utvikle IKT-software, blir dei tvinga til å tenke gjennom korleis ein lærer. Derfor set bruken av IKT læringsteoriar på dagsordenen.


Kva konsekvensar har læringsteoriar for undervisninga?
Prinds meinar at desse læringsoppfattelsane har forskjellige konsekvensar for organiseringa av læringsprosessen i skulen. Teoriane vil i stor grad peike mot at elevane skal lære meir sjølvstendig, og ha ansvar for eiga læring.

Situated learning: vil implisere erfaringsbasert undervisning, basert på problemorientert prosjektundervisning.

Mesterlæreprinsippet: vil kreve arbeidsformer der elevane trenar fagleg viten og ferdigheiter i tett samarbeid med læraren.

Sosial læring: vil medføre at undervisninga tek utgangspunkt i langvarig gruppearbeid med læraren som konsulent.

Konstruktivisme: her er det ein meir generell og overordna teori, legg stor vekt på prosessen i læringa, og byggjer på at elevane arbeidar sjølvstendig.

Prinds seier vidare at det er viktig å huske på at vi har individuell læringsstil. Elevane er forskjellige med tanke på kva måtar dei lærer på. Nokre elevar er auditive, andre skal skrive alt ned for å forstå det (slik som eg), andre igjen skal uttrykke det med ord. Også slik som eg, gjerne prate om teorien, då huskar eg iallfall litt bedre kva som er hovudelementa i teorien...

Det er viktig å tenke på at i eit klasserom vil der alltid sitte nokon som er frustrerte. Det er spesielt dei som er "treige" og dei som er "flinke".

Vidare i denne boka "Rum for Læring" siterar Prinds mange utanlanske forelesarar om at ein bør leggje om undervisninga i skulen. Dette for at elevane sjølve skal kunne sjå bedre si eiga læring. Det er viktig med læringsmål, og at elevane er oppmerksame på desse. Læraren skal legge til rette for at elevane skal kunne lære sjølve, og at lærarane skal vere ein koordinator for elevane.

Aufenanger meinar at utgangspunktet for å endre skulen er å forbedre læreprosessen.
Han legg stor vekt på at elevane skal lære å utøve sjølvaktivitet og sjølvstendigheit, og at lærarane skal hjelpe elevane med å løyse problem og på ein hensiktsmessig måte. Dette betyr at lærar- og elevrolle endrast, slik at læraren blir ein mentor.

  • Læring i klasserommet der klassefellesskapet skal fastholdast som ein uunnværleg del.
  • Den individuelle læringsprosess bør tilpassast den enkelte elev sin læringsstil og læringsstrategi.
  • Den kooperative læreprosess med gruppearbeid og prosjekt- og problemorientert undervisning.

Prinds har sett på ein modell som er utarbeida av Erling Petterson. Petterson jobbar med lærarutdanning, og har delt læreprosessen i tre rom som liknar på Aufenangers oppfattelse. Desse tre romma er: Undervisningsrommet - Treningsrommet - Studierommet
Prinds er ikkje heilt enig med Petterson i hans arbeid med dette, men har sjølv definert dette litt annleis. Eg vel i min refleksjon å berre sjå på Prinds måte å gjere dette på, då det er lett å bli litt forvirra av kva som er kva, og kven som meinar kva.

Undervisningsrommet:
Her arbeidar lærar og elevar i fellesskap med stoffet. Det er i undervisningsrommet at kjernestoffet og kjerneferdigheitene i ei undervisning blir formidla. Samtidig som det foregår ein dialog mellom elev og lærar. Undervisninga kan foregå som elev- og lærar opplegg, gjennomgang av tekstar, trening på grammatikk, diskusjonar og samtalar og mindre gruppearbeid. Målet med denne læringa vil primært vere formidling av nytt stoff og dialog om stoffet. Det fysiske rommet vil som oftast vere klasserommet.

Treningsrommet:
Her arbeidar elevane individuelt eller i grupper med å dei faglege ferdigheitene dei har oppnådd i undervisningsrommet. Elevane arbeidar i eige tempo, lærer utfrå eigen læringsstil og styrkar sine personlege eigenskapar. Læraren trenar eleven og stiller spørsmål. Minner litt om VØL skjema som vi nyttar i skulen. Målet med denne måten å organisere arbeidet på er å trenge djupare ned i eit stoff som er blitt presentert i undervisningsrommet. Det fysiske rommet kan vere eit klasserom, grupperom, gang, bibliotek, edb-lokalet.

Studierommet:
Her arbeidar elevane i grupper med autentiske emner og problemstillingar frå det virkelege liv i form av case, prosjekter og tverrfaglege prosjektarbeid. Elevane skaffar seg informasjon frå t.d. databaser eller ved å kommunisere med andre. Læraren er konsulent, og sørgar for at læringssituasjonen er meiningsfull og har utfordringar, samtidig som læraren er ansvarleg for at prosessen kjem i gong og har progresjon. Målet er at elevane lærer å håndtere komplekse saker, løyse problem og ta valg.

Teorien om dei tre romma er eit forsøk på å beskrive forskjellige moglegheiter for å organisere læringsprosessen. Spørsmålet er om dette er ei adekvat kategorisering. Ein skal vere oppmerksom på at forskjellige elevarbeidsformer kan tilhøyre fleire rom. Heimeforbereding kan tilhøyre alle tre romma, på den måten at alle tre romma kan kreve at elevane skal forberede seg, enten på skule eller heime. På same måte kan skriftleg arbeid høyre til i alle rom. Det same kan gruppearbeid. Formålet med desse tre elevarbeidsformene avgjer i kvafor eit rom dei blir plassert i.

Desse tre romma kan vere det same fysiske rommet. Eg vil også sei at eg trur desse romma til ei viss grad blir nytta i alle skular, men ein har ikkje namn på desse romma. Det er også heilt sikkert at om ein skal ta hensyn til alle elevane i eit klasserom, bør ein arbeide meir med prosjektarbeid og gruppearbeid. Då får elevane eit mykje større ansvar sjølve, og det viser seg i mange tilfeller at elevane veit godt korleis dei skal finne informasjon, og veit også korleis dei skal bruke den informasjonen dei finn. Eg er altså på mange måtar enig med Prinds om at elevane må få eit større ansvar for eiga læring. Ein annan ting er at ein bør jobbe for å få rutine rundt elevane sine refleksjonar, for at dei skal finne ut kva som er deira beste måte å lære på. For det trur eg ikkje alle veit.
Noko som er eit viktig poeng i arbeidet med dei tre læringsromma er bruken av pc. Dette skal vere eit verktøy som er tenkt brukt i mykje større grad enn det er i dag. På denne måten vil dei fleste elevane finne den måten som dei best tileignar seg kunnskap. Eit anna viktig poeng er at læraren vil bli meir frigjort til å kunne hjelpe dei svake elevane meir. Dette kan dei gjere fordi dei sterke elevane veit kva som er poenget at dei skal lære, og veit også korleis dei skal tileigne seg denne kunnskapen. Problemet med prosjektarbeid er at svake elevar treng mykje veiledning, og slikt arbeid er vanskeleg for desse. Svake elevar krev ofte velstrukturerte undervisningsformer.

Prinds har sett på nokre modellar som han synest er interessante i forhold til å auka elevane si bevisstheit. Desse programma skal på eit vis tvinge elevane til å tenke på kva dei vil vite? Kva dei vil lære? Kvifor dei vil lære det? Prinds s. 52
Dette kjem innunder eit program som heiter "Thinking Land". Er dette viktig? Det overordna målet med å nytte seg av eit slikt program eller liknande som PEEL, er å skape nokre læreprosessar som får elevane til å auke si bevisstheit rundt eiga læring. Samtidig som elevane skal bli i stand til å ta kontrollen over si eiga læring.

I kapittel 3 er det mykje snakk om studie på gymnas, og noko om universitet. Her kjem Prinds med ein del eksempel på kva som kan vere aktuelle program, og forskjellige måtar å gjere dette på. Han kjem også inn på nokre eksamensformer, både skriftleg og muntlege, og korleis IKT kan nyttast i desse formene.

Føler at kapittel 3 som kjem inn på ein del program og eksamensformer, ikkje er så veldig aktuelt for meg. Dette har eg berre skumlest no. Men eg veit at det ligg der, og kan ta det fram igjen om eg skulle sjå at får behov å vite noko meir om dette.
Ser også at det er ein del om opptrening av søk på internett, og korleis elevane skal lære seg kildekritikk. Dette er noko som lærarane må ta steg for steg med elevane. Og ein bør begynne denne opptreninga allereie i barneskulen.

Synest det har tatt evigheiter å lese gjennom denne lenkja til Prinds som var lagt ut i 3. leksjon i dette delemnet. Eg for min del treng å skrive ein del notatar for å huske det eg les, så det har blitt ein oversetting til norsk det som eg har lest. Men eg ser heilt klart at her er ganske mange poeng som det er viktig å ta med i M3. Og det er ikkje vanskeleg å skulle flette denne teorien inn i oppgåva.

-------------------------------------------------------------------------------------------------


søndag 15. november 2009

Digitale læringsmiljø 3, Leksjon 3

Desse tre leksjonane skal ligge til grunn for mappeoppgåve 3. I denne leksjonen er det satt fokus på digitale læringsstøttesystem, både dei personlege (PLE) og dei institusjonelle (LMS). Leksjonen kjem også inn på nytt stoff som er relevant i forhold til oppgåvearbeidet.

LMS (Learning Management Systems) er institusjonelle, kollektive digitale læringsstøttesystem.
L= Læringsverktøy: må må være funksjonelt og bør fungere støttande i læringsarbeidet.
M= administrative verktøy: må være funksjonelt i behandlinga av data som er nødvendige for, og genereres av læringsarbeid.
S= System: må bestå av element som spelar på lag både på systemnivå (elementa må vere teknisk kompatible) og brukarnivå (elementa må vere gjenkjennbare og ensartede).
Definisjon (Uninett) LMS:
LMS er eit utval av verktøy for å støtte læringsarbeidet og administrasjonen av dei. Verktøya er teknisk integrerte i ein felles omgivnad med ei felles database, og har derfor delt tilgong til dokument, statusinformasjon og annan informasjon. Dei er vidare presentert gjennom eit enhetlig webbasert brukargrensesnitt, der dei opptrer visuelt og logisk konsistent overfor brukaren. (Uninett, 2005)

PLE (Personal Learning Environment) eller "personleg læringsmiljø". John Arthur Berg seier at om ein legg ein bloggfunksjon i eit LMS, oppnår ein eit PLE. Det som er viktig når ein diskuterar digitale læringsstøttesystem, er i kva grad dei støttar læring.

Innleiingsvis i leksjonen stillte Kjell spørsmålet, LMS eller PLE? Eller kanskje ja takk begge deler?
På mange måtar kan GoogleDocs erstatte eit LMS. Men han ber oss også om å problematisere dette for å vise at slike miljø i nokon grad manglar dei trygge rammene som eit LMS kan gi.
Det er ikkje lett å stilling til slike valg, då ein vil måtte gjere valg på vegne av andre, og kva andre meinar om dette. Problemet i mange skular er at ikkje eit LMS blir brukt slik at alle moglegheitene blir utnytta. På mange måtar meinar eg at Berg har rett i at om ein legg inn ein bloggfunksjon i eit LMS, vil ein kunne oppnå PLE. Dette seier eg av eiga erfaring, då vi har gjort dette gjennom dette studiet. Her har vi moglegheitene til å reflektere over kva vi har lært, og vi ser då kanskje lettare kva vi treng å lære meir om.
Eg vil også seie at eit LMS er nødvendig både i studiet og i grunnskulane. Den digitale kompetansen som elevane har moglegheiter til å tileigne seg ved å nytte dette, kan ein ikkje seie berre er ei kunstig krykke. Refleksjonane og dokumentasjonen på eige arbeid er også med på å gjere elevane meir sjølvstendige. Det som vi også veit er at elevane i stadig yngre alder dannar seg ein digital identitet. Det er vårt ansvar å sørge for at elevane blir digitalt kompetente.

No står det "berre" igjen å lese ordentleg igjennom blant anna "Rum til læring", Prinds, E. (1999). Blir vel fleire refleksjonar rundt dette når eg har komt igjennom det.

onsdag 11. november 2009

Refleksjonar rundt leksjon 2

Utvikling av teknologistøtta læringsmiljø

Digitale læringsmiljø 2, Leksjon 2

I denne leksjonen er det fokus på pedagogiske scenarier som verktøy for å hjelpe oss å sjå lærar og elevroller, for dermed å sjå kva kategoriar av IKT-verktøy som kan vere relevante ut frå formålet med læringsprosessen. Leksjonen behandlar viktige tekniske komponentar i eit digitalt læringsmiljø. Leksjonen set søkelyset på digitale læringsstøttesystem, både personlege (PLE) og dei institusjonelle (LMS).
I dette emnet er mappeoppgåva det sentrale, mens leksjonane er meint å støtte opp om arbeidet med denne.
Fokuset i leksjonen er scenarier som verktøy for å hjelpe oss å sjå lærer og elevroller. På denne måten skal vi kunne sjå kva kategoriar av IKT-verktøy som kan vere relevante ut frå formålet med læreprosessen, og viktige tekniske komponentar i eit læringsmiljø.
Prinds, Rum for læring spelar ei sentral rolle i M3 oppgåva. Spesielt med tanke på det pedagogiske scenarie. Det er viktig å bruke scenarietenkinga for å gjere lærarroller og elevroller tydelegare. Dette for at vi skal sjå kva kategoriar av IKT-verktøyet som kan vere relevante.
Det er viktig å tenke på at dei læringsteoriane vi legg til grunn i scenariet, vil få konsekvensar for organiseringa av læringsprosessen. Som Prinds seier: "Er det viktig at lærarar har kompetanse til å planlegge undervisninga både faglig og pedagogisk". Vidare seier har at lærarane må planlegge langsiktige strategiar for elevane sin læringsprosess.
Prinds byggjer sin teori på tre læringsrom:
  • Læring i klasserommet der klassefellesskapet skal fastholdes som ein uunnværlig del.
  • Den individuelle læreprosessen tilpassa den enkelte læringsstil og læringsstrategi.
  • Den samarbeidslæring med gruppearbeid og prosjekt- og problemorientert undervisning.

Desse tre romma kallar han:
Undervisningsrommet -> Treningsrommet -> Studierommet

Undervisningsrommet: Lærar og elev arbeidar i fellesskap om kjernekunnskapar og kjerneaktivitetar, felles dialog, diskusjonar, samtalar. Fokuset er gjennomgang av nytt stoff og er styrt av lærar. Elev er samarbeidande og aktiv og det foregår stort sett i klasserommet.

Treningsrommet: Elevane arbeidar individuelt eller i grupper med faglege ferdigheiter eller innøving av aktuell kunnskap henta frå undervisningsrommet. Fokuset er fordjuping eller opptrening av kompetansar. Læraren er veiledande og differensierande, elevrolla er aktiv, sjølvstyrande progresjon etter eigen læringsstil.

Studierommet: Elevane arbeidar i grupper med autentiske emner og reelle problemstillingar. Fokuset er case, prosjekt, tverrfagleg kommunikasjon og innhenting av informasjon både eksternt og internt. Læraren er veiledande og har ansvaret for at læringssituasjonen er meiningsfull, eleven er aktiv, styrande og samarbeidande.
Prinds meinar at alle desse tre "romma kan inneholde bruk av IKT-verktøy som støtte til elevane sin læringsprosess.

Når det er snakk om teknologiplattform er det to hovudpunkt som må være med:
1. Maskinvareplattform og operativsystem
2. Nettverk
Desse er det vanskelg å skille ut, fordi dei heng uløyseleg saman.
Ellers kjem leksjonen inn på "cloud-computing" tyder at ein arbeidar på nett. Gjennom å nytte seg av ein browser kan ein arbeide og lagre alt på nett. På denne måten treng ein ikkje installere programvarer på maskina lokalt, og ein kan vel seie at ein er mindre sårbar om ein skulle få virus eller hardvare-feil på maskina. Mykje tyder på at det er denne vegen det går, at fleire og fleire nyttar seg iallfall delvis av "Cloud-computing". Dette er ein trend i markedet som vil forsterke seg

tirsdag 10. november 2009

Refleksjonar rundt leksjon

Komponentar i eit digitalt læringsmiljø, 1. leksjon

Vi har tre leksjonar i dette delemnet. Målet etter desse leksjonane er at vi skal ha fått nødvendig rettleiing i høve til å beskrive eit scenarie for implementering av eit digitalt læringsmiljø. Kompetansehjulet står sentralt i denne leksjonen. Vi har vore innom ulike komponentar somlegg føringar for integreringa av IKT i skulen. Gjennom undersøkingar som ITU Monitor har gjort, viser det seg at det er stor skilnad på grunnskulen og vidaregåande skular.
Kompetansehjulet (Kjell Søby) blir brukt for å illustrere at "En digital skolehverdag krever en helhetlig tilnærming som setter IKT og digital kompetanse inn i en større sammenheng som en integrert del av skolereformen". Kompetansehjulet er eit godt arbeidsreiskap i arbeidet med å integrere IKT i skulen.
Arbeidet med integreringa av IKT i skulen heng i stor grad saman med i kva grad skuleleiinga er involvert i prosessen og framdrifta. For at dette arbeidet skal lukkast, må ein lyfte det frå "ildsjel til institusjon".
ITU Monitor har opna eit verktøy for skuleleiarar som kan støtte arbeidet deira i integreringa av IKT. Ved å nytte seg av ITU Mentor skal dei kunne bruke dette verktøyet for å kartlegge og forbetre kapasiteten sin når det gjeld pedagogisk bruk av IKT. Dette skal vere med på å heve skulen sitt strategiske og pedagogiske arbeid, slik at elevane får auka læringsutbytte.
Del og Bruk er eit nettverk for lærarar, pedagogar, forskarar, m.fl. med interessere for sosial web, IKT og skule. Del, øk og bruk din digitale kompetanse, saman er vi smartare, er det dei jobbar for.
NDLA- Nasjonal Digital LæringsArena er eit initiativ frå alle fylkeskommuner der målet er å leggje tilgjengeleg frie læringsmiddel til vidaregåande skular.
PLUTO - Program for LærerUtdanning, Teknologi og Omstilling er eit avslutta prosjekt. Hovudmålet med dette prosjektet var å utvikle nye pedagogiske og organisatoriske modellar for tilrettelegging og gjennomføring av studie- og læringsvirksomheit der IKT utgjer ein substansiell del.
IKT-ABC er eit rettleiingsprogram i praktisk pedagogisk strategiarbeid, retta mor skuleleiarar. IKT-ABC skal hjelpe til i arbeidet med målretta og realistisk strategi for skuleutvikling. Digital kompetanse er den 5. grunnleggjande ferdigheita som skal integrerast som ein naturleg del av grunnopplæringa.

søndag 8. november 2009

Refleksjonar M2

Phuu!! :)
No er mappeoppgåve 2 levert. Føler at eg har streva ein del med denne oppgåva. Til å begynne med, når eg las oppgåvelyden tenkte eg at denne var grei. Men når ein skal begynne å formulere seg, og vere akademisk, og flette inn pensum så vart det plutselig litt verre. Kanskje eg laga meg meir arbeid enn nødvendig også.. Utfrå Phillippa Lee sin modell, så hadde eg litt vel mange manglar ved min skule. Dette kunne eg selfølgelig endra på undervegs, men det vart ikkje gjort. No er iallfall denne levert. Så er det vel bære å begynne å rette opp feila på M1. Oppgåva var godkjent, så vi treng vel ikkje levere den ein gong til, men om nokon ønskjer å levere denne til eksamen, så er det vel greit at ting er ordna opp i.
Denne helga har vi forresten vore på hytta. Her er det ikkje internett, men eg har jobba offline med GoogleDocs. Var litt spent før vi for, og advarte familien om at viss ikkje dette går, så fær vi heimatt. Men det fungerte veldig greit. Fekk då kun fokus på oppgåva og ingen andre fristande nettsider å surfe på...

fredag 30. oktober 2009

Samling 29 - 30 oktober

Foreleser: Kristin Bakke Sæterås

Storebror ser deg:) Der er skulen ikkje noko unntak. Sjå modell UFD 2006 i siste leksjonen. Elevane har alltid blitt vurdert, kan den digitale biten vurderast? Og kva grad skal den vurderast?

Vurdering og fagsamtale: På kva måtar blir dette gjort i dei forskjellige skulane?
Elevsiden: Kva er det aktuelt å ta hensyn til? Modell Imsen (2005) Elevforutsetningane må kome inn. Kva er "å tilpasse"?

Tilpasset opplæring
Elevsiden: Kva er eleven sitt behov, og kva sider ved eleven skal ein ta hensyn til?
Undervisningsiden: Korleis kan legge til rette undervisninga slik at ein ser enkelteleven, men samtidig ser undervisninga som heilheit?

Relasjonsmodellen: Innhold, mål, elev- og lærer forutsetninger, rammer, vurdering, metode

Kva er det som skal ligge til grunn for vurdering?
Opplæringslova-> Læreplan -> Foreskrift -> Vurdering
Undervegsvurderinga og sluttvurderinga, der nokre har elevsamtalar som eit viktig element.

Vi fekk ein del eksempel på korleis ein kan vurdere elevane. Det skal då takast hensyn til opplæringslova, læreplanen og kompetansemål. Det som ein ser på som eit viktig poeng er undervegsvurdering, og korleis ein skal klare å få gjennomført dette. I mange skular der dei har fått til dette, kjem læringsmåla klart fram på vekeplanar. Då står læringsmåla på alle planane i stort sett alle fag. Nokre av måla kan gå over fleire veker. Det er eit skjema på planen som elevane skal fylle ut sjølve, eller i samarbeid med foreldra. På denne måten skal elevane bli bevisste på kva som er meininga at eg skal lære i denne perioden, og om måla faktisk blir nådd. Ikkje minst så ser eg det som ein fordel at foreldra blir bevisste på kva som kanskje må jobbast meir med, og kva ungane er flinke til. Det som i mange tilfeller kan vere eit problem i skulen, er å få til elevsamtalar kvar veke. Då skal elevane i lag med læraren gå gjennom læringsmåla og prate om desse. Men mange skular har faktisk fått til dette også. Det er i skular der elevane sit å jobbar med plan, eller andre bestemte ting, og læraren kan gå rundt i klasserommet å få gjennomført samtalane.

Vi fekk ein gjennomgang på Bloom`s taksonomiske nivå på kompetansemål:
Hukommelse
Forståelse
Tillemping
Analyse
Syntese
Vurdering

Korleis sette opp læreplanar og læreplananalyser.

Elevvurdering i lys av kunnskapsløftet
Formålet med undervegsvurdering er å fremme læring

Måloppnåing digital kompetanse- Blooms taksonomiske nivå - digitalt kompetanse bruk av digitale verktøy inn i Blooms nivåinndeling. Det å vite kva tid ein skal bruke dei forskjellige verktøya.

Kva seier forskning?
Finne klare indisier på kva resultat forskning gir, er ikkje så lett. Lærer elevane noko meir ved å nytte IKT?
I Førde har Flatene skule, Halbrend skule og Elvebakken vidaregåande skule satsa på dette. Det har vore eit godt samarbeid skulane i mellom, og ein fin delingskultur. Dei har fått til dette og meiner at elevane lærer meir ved å nytte seg av IKT. Det har vore ein lang veg å gå, og skulane har jobba hardt for å få til dette.
Halbrend skule 5.-10. trinn i Førde, gjennomgang av vekeplanar, vurderingsskjema, måloppnåing.
Flatene skule, 1.-4. trinn i Førde, det er eit godt samarbeid mellom desse to skulane, der Halbrend bygg vidare på det som elevane har jobba med før.
Elvebakken vidaregåande skule, her har skuleleiinga satsa sterkt på å gjere IKT til ein naturleg del av skulekvardagen for elevar, lærarar og administrasjon. På denne skulen har dei fått til ein delingskultur, der målet er meirverdi i læringsarbeidet. Dei har til saman 23 nettverk som er kobla opp til same tid.

Vurdering av basisferdigheiter

Øvingsoppgåve
Vi skal i denne øvingsoppgåva skrive eit refleksjonsnotat rundt emnet betre vurderingspraksis. Etter forelesninga i dag blir ein ganske imponert over det arbeidet som Flatene og Halbrend skule har lagt ned. Og eg tenkjer at dette er ein prosess som vil ta tid, men som ein etter kvart vil sjå gode resultat av, om ein i fellesskap går inn for ei slik endring i skulen. Det er heilt sikkert interessant å jobbe med dette. Det eg synest er veldig flott er det samarbeidet som det er mellom desse to skulane. Det er ein kjempefordel for elevane som går frå den eine skulen og over i den neste, at dei slepp å sette seg inn i nye måtar å lese vekeplanar, og vurderingsskjema på. Og selfølgeleg er det ein fordel, og det legg vel også eit lite press på alle lærarane til å nytte seg av dette verktøyet. Dei har også fleire å rådføre seg med i arbeidet med vurderinga, som er ein annan fordel for både elevar og lærarar, for ikkje å gløyme foreldra opp i dette.

På min skule er det ikkje utarbeida nokon felles måte å vurdere elevane på. Her sit alle og jobbar med sine eigne måtar, og eg har inntrykk av at ingen vil vite om at det finnast andre og kanskje betre måtar å gjere det på også. Så på min skule er det absolutt rom for betre vurderingspraksis.

Øvingsoppgåve


Innleiing:
Den fem grunnleggande ferdigheitene i læreplanen skal integrerast i kvart enkelt fag.
Det er ikkje noko unntak med den digitale ferdigheita, noko som stiller etter kvart store
krav til læraren sin digitale kompetanse. Dette er ikkje noko norsklæraren eller
musikklæraren på skulen skal ta seg av, det er eit kollektivt ansvar blant lærarane - alle
elevar skal få digitale verkty integrert i arbeidsprosessen sin i alle fag.

Oppgåve:
Ein skal i denne øvingsoppgåva gå inn i Kompetanseløftet, og velge fag og trinn. Vi skal plukke ut eit kompetansemål i faget, der bruk av digitale verktøy inngår som ein del av kompetansekravet.
Vi skal bruke Bloom`s taksonomi for å bryte ned kompetansemåla i delmål, med vurderingskriteriuma over middels grad av måloppnåing, middels grad av måloppnåing og under middels grad av måloppnåing.

Gruppa vart einig om ¨ta for oss kompetansemål i norsk etter 7. trinn
Lage samansette tekstar med bilete, utsmykningar og varierte skrifttyper til ein større heilheit, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy

Delmål i norsk
Lage samansette tekstar med bilete

I denne oppgåva i faget norsk, tenker vi at det skal vere eit individuelt arbeid. Elevane skal nytte digitale verktøy i dette arbeidet med tekst og bilete.

Lav måloppnåing -> hukommelse og forståing
Middels måloppnåing -> tillemping og analyse
Høg måloppnåing -> syntese og vurdering

Høg måloppnåing
Elevane vise til at dei kan finne bilete som først og fremst passar til teksta som elevane skal presentere. Dei må også vite at dette er bilete som dei har lov til å publisere i si eiga oppgåve. Krav til rettskriving og refleksjonar. Vurdering og drøfting.

Middels måloppnåing
For at elevane skal oppnå middels måloppnåing må dei vise at dei kan sette inn bilete som passar til teksta. Dei må kunne tilpasse bileta slik at størrelsen på bileta passar til teksta.

Lav måloppnåing
Elevane viser forståelse for korleis oppgåva skal gjennomførast. Gjennomføre ein presentasjon med bilete i tekstane. Og ellers løyse oppgåva på ein tilfredsstillande måte.

Ein ser ganske fort at dette er arbeid som må delast på fleire. For skal ein dele opp alle kompetansemåla i delmål, og deretter i måloppnåing, så kan det bli veldig mykje arbeid. Men er arbeidet først gjort, så ser ein heilt klart nytten av at alle i eit lærarkollegie nytta same måte å vurdere på.

onsdag 28. oktober 2009

Digital kompetanse i lokalt planarbeid



Øvingsoppgåve

Ein skal i denne øvingsoppgåva reflektere rundt kva rolle læraren eigentleg har, når det gjeld å integrere IKT i undervisninga. Ein skal også tenke gjennom kva reelle valgmoglegheiter læraren har i høve til skulen si oppgåve i samfunnet. Og også reflektere rundt kva rolle skuleleiinga har når det gjeld å integrere IKT i undervisninga, og korleis rollefordelinga bør vere i dette arbeidet.

Skal ein få den digitale biten på plass i skulen er det mange bitar i eit puslespel som skal leggast på plass. Dette er eit arbeid som krev langsiktige strategiar og planar på ulike nivå i organisasjonen.

Det er lærarane som må lede utviklinga av IKT i skulen, men satsinga på IKT i skulen slår ikkje gjennom slik som ein først trudde at det skulle gjere. Rundt om på skulane står det digitalt utstyr innelåst og ubrukt, og når det blir tatt i bruk er det innanfor tradisjonelle lærarstyrte rammer.
Det viser seg at det er vanskeleg for lærarane å sleppe lause elevane med kvar sin pc i klasserommet. Lærarane føler at dei mistar kontrollen på elevane, og ikkje har oversikt over kva dei gjer. Dei har vel også vanskeleg for å tru at elevane faktisk løyser oppgåver, eller leitar etter svar på oppgåver. Ein kan gjerne tenke at dette er læraren sitt problem, og det igjen blir overført til elevane. Dersom læraren har gitte oppgåver som elevane skal løyse, og elevane har blogger, eller arbeidsmapper som arbeidet skal dokumenterast i, blir det til sjuande og sist elevane sitt problem. Mi erfaring er at elevane gjerne vil gjere frå seg mest mogleg arbeid på skulen, og sleppe heimearbeid. Og at elevane faktisk gjer det dei skal om dei veit at dei slepp lekser.

Om ein skal tenke på kva valgmoglegheiter lærarane har, så har dei vel på mange måtar gjort sine valg i mange år. Ein kan vel sjå det i forhold til å integrere IKT i skulen, at lærarane vel bort dette om dei har moglegheit til å gjere det. Her må skuleleiinga inn, og ta kontrollen. Men eg vil også tru at det må inn planar for kva elevane skal lære, og når dei skal lære det. Det bør setjast opp spesifikke planar år for år, slik at eventuelle nye lærarar veit kva dei skal ta tak i, og kvar dei skal fortsette prosessen. Det er her skuleleiinga må inn. Og det er oppsiktsvekkjande når ein ser på undersøkjelsane til Phillipa Lee, at 70 % av omstillingsprosessen ligg på skuleleiinga. I den same undersøkelsen kjem Lee fram til at visjon, kunnskap, belønning, ressursar og handlingsplanar er viktige stikkord knytt til leiaroppgåver i ein organisasjon - skal ein lykkast er det viktig å få ei rett blanding av delane mot eit felles mål. Dessverre trur eg ikkje at skuleleiinga er klar over at so mykje av ansvaret ligg på dei, og ikkje på lærarane. I mange tilfeller trur eg at leiinga har kasta ballen over til lærarane, så lenge utstyret er på plass.

---------------------------------------------------------------------------

mandag 19. oktober 2009

Vilkår for endring 2



Øvingsoppgåve 2

I leksjonen for dette delemnet, oppfordra Kjell til at vi skulle lese rapporten "Digital Kompetanse hver dag". Vi skal i denne øvingsoppgåva ta utgangspunkt i samandraget og epilogen i denne rapporten. Vidare skulle vi lese "Program for digital kompetanse", skrive nokre refleksjonar rundt oppdraget, visjonen og resultatet. Reflektere rundt korleis det står til i dag i forhold til digital kompetanse i skulen.

Sentrale problemstillingar i programmet handla om korleis IKT påvirkar utdanninga sin kvalitet, motivasjon for læring, læringsformer og læringsutbytte. Programmet lukkast i å plassere digital kompetanse som eit nøkkelbegrep i utdanningspolitikken og i pedagogikken. Her har pfDK vore ein nyskapande drivar.

Programmet hadde fire satsingsområder:

  • Infrastruktur og tjenester av høg kvalitet

  • Kompetanseutvikling

  • Digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer

  • Forskning- og utvikling

Ved programmet si avslutning vart dei sentrale målsetjingane kort vurderte slik:

Infrastrukturen er snart på plass.
Kompetanseutvikling er fortsatt ei utfordring.
Digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer er eit arbeid der det gjenstår mykje.
1. Kartleggings- og indikatorstudiar, 2. Digitale læringsressursar, 3. Lærarutdanning og digital kompetanse, 4. Fremtidens læring og 5. Skule-leiinga og IKT

Desse to rapportane stemmer ganske godt overeins, i forhold til kva som er situasjonen i skulen i dag. Og dessverre så er det slik at dette har vore situasjonen i skulen ganske lenge. Og ikkje mykje har vore gjort med det. Alle som jobbar i skulen veit at digital kompetanse skal flettast inn i allle fag, men alle finn ei unnskyldning for å ikkje gjere noko med det. Anten det gjeld tilgong på datamaskiner, tilgong på digitale læringsressursar og ikkje minst internett. I begge desse rapportane kjem det fram at kompetansen til lærarane er mangelfull, og at dette må inn i lærarutdanninga. Samtidig må ein ha ei kompetanseheving blant dei lærarane som er i skulane allereie. Det vert i rapporten uderstreka at norsk lærarutdanning ikkje har tilstrekkeleg kunnskapsbasert digital praksis for å møte dei pedagogiske og faglege utfordringane som ligg i digital kompetanse. Det vil seie at læraren sine forutsetningar og kompetanse for å gjennomføre læreplanen sine krav, ikkje kan realiserast i forhold til Kunnskapsløftet.
Korleis skal ein så kome vidare? Staten gir skuleeigar ansvaret for infrastrukturen, og skuleeigar prioriterar ikkje dette nok framfor andre sektorar.
Eg tenkjer at ein er nøydd til å kreve litt meir av kommunane og skuleeigarane om dette skal bli betre. Det er trass alt deira sitt ansvar å sørge for å gi elevane den digitale kompetansen som går fram av Læreplanen. Og det er stort sett her det stoppar opp trur eg.
--------------------------------------------------------------------------------
"Program for digital kompetanse (2004-2008) Posthumt."

Vilkår for endring



Øvingsoppgåve 1 & Refleksjonar rundt dette ;)

LK06 gir retningslinjer for bruk av digitale verktøy i skulen. I denne samanheng skal vi i denne øvingsoppgåva sjå på forskjellige definisjonar av omgrepet digital kompetanse. Søby, Erstad, Krumsvik og Baltzersen har definert digital kompetanse, og vi skal i øvingsoppgåva sjå på desse. Er det skilnad i definisjonane deira, eller seier dei ein og same ting på ulike måtar?
Eg skal også kome med mi meining om kva omgrepet digital kompetanse må romme.

Læreplanen er eit juridisk bindane dokument, og innhaldet i læreplanen skal spegle innhaldet i skulen. Men vi kan vel trygt seie at dette ikkje integrert i skulen. Og ein kan då stille seg spørsmål om korleis elevane skal tileigne seg digital kunnskap.

Eg synes ikkje at eg kan samanlikne alle desse fire definisjonane under eitt. Men eg tenkjer at eg kan samanlikne Erstad sin definisjon opp i mot Karlsen og Wølner sin definisjon. På mange måtar så seier desse to definisjonane mykje det same. Men likevel så vil eg seie at Karlsen og Wølner sin definisjon utdjupar litt meir korleis du skal kunne nytte verktøyet i klasserommet. Eg føler iallfall sjølv at eg har lettare for å forstå denne definisjonen. Du skal utvikle ferdigheiter for å lære å lære seier eigentleg ganske mykje. Det skal flettast inn i alle fag, og du skal forstå korleis du skal hente informasjon slik at du lærer meir.

Krumsvik sin definisjon byggjer vidare på Erstad sin definisjon, og utdjupar denne på ein god måte. Steg for steg tek han for seg kva du må lære før du går vidare til neste trinn. Denne definisjonen seier også mykje om kva kompetanse lærarane bør sitte inne med, og kvar IKT kan gi meirverdi i undervisninga. Noko som er eit veldig viktig poeng.

Det kan sjå ut som at Baltzersen sin definisjon byggjer vidare igjen på Krumsvik sin definisjon. Dette var utgangspunktet hans, så har han funne nokre nye punkt som han utdjupar sin definisjon med. Eg synest det er heilt greit at dei har gjort det slik, for det vil vel eigentleg seie at dei er ganske einige om kva som er definisjonen på digital kompetanse. Men at dei på ein god måte har utfylt kvarandre. Eg meiner at definisjonen må innehalde det som på mange måtar kjem fram i desse definisjonane, men kanskje litt meir om kva kompetanse ein lærar må ha, for å kunne nytte dette på ein god måte i undervisninga.

----------------------------------------------------------------------------------

Leksjon Vilkår for endring 2: Kristin Bakke Sæterås

søndag 18. oktober 2009

Mappeoppgåve 1

Då var Mappeoppgåve 1 levert:) Det har vore mykje arbeid med mappoppgåva desse to vekene etter at vi fekk den utdelt. Det var ganske mykje å lese gjennom i leksjonane, og ikkje minst må ein kunne klare å finne stoff i pensum som er aktuelt å underbygge artikkelen med. Gruppe 3 har hatt eit fellesdokument i GoogleDocs som vi har kommunisert gjennom, på denne måten slapp vi at alle skulle vere logga på til same tid. Det vart også i dette dokumentet avtalt nettmøter på Skype. Gruppa har hatt fleire møter på Skype desse to vekene. Siste møte var i ettermiddag. Møtet varte vel i ca 3 timar, då hadde vi fått lasta ned som PDF-fil og levert inn.
No har eg litt arbeid å ta igjen på øvingsoppgåvene. Men i dag er det nok:) I morgon blir det vel ei ny mappeoppgåve...

Digital kompetanse i skulen - for framtidsretta læring

Siv-Mette Møller

Regjeringa har som eit mål at det norske utdanningssystemet skal vere blant dei fremste i verda når det gjeld utvikling og pedagogisk utnyttelse av IT i undervisning og læring. Undersøkelsar som ITU Monitor 2007 har gjennomført, viser at skulen ikkje klarer å integrere IKT i undervisninga. Lærarane har ikkje den kompetansen som skal til for å nyttiggjere seg digitale verktøy for å betre elevane si læring. Det er oppsiktsvekkande at så mange som 9 av 10 elevar på sjuande trinn nyttar IKT-verktøy færre enn fire timar i veka.

I kunnskapsløftet kan vi lese at grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidreg til utvikling av og er ein del av fagkompetansen. Å kunne bruke digitale verktøy, er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene. Det vil seie at ein skal nytte seg av digitale verktøy i alle fag, på lik linje med lese, skrive, matematikk-opplæringa og muntlege ferdigheiter. Undersøkelsane som ITU Monitor har gjennomført viser at det ikkje er nok å utstyre elevane med kvar si maskin. Ein er også nøydd til å planleggje kompetanseheving hjå lærarane, tilstrekkeleg infrastruktur og tydelege læringsmål. Om ikkje dette er på plass først, vil det i staden for bedre læring føre til støy og uro. Det viser seg også at ein motivert og kompetent lærar som har støtte frå skuleleiinga, har betre forutsetningar for å ta i bruk digitale verktøy systematisk i undervisninga. (ITU Monitor, 2009)

Kompetanseheving innanfor IKT er noko av det som blir mest etterspurt blant lærarar. Dessverre er det slik at skuleeigarar og politiske styresmakter ikkje viser nok vilje til å løyve midlar slik at lærarar får etterutdanning innanfor dette feltet. Det er viktig å få heva kompetansen til lærarane innanfor IKT om ein skal få eit godt pedagogisk innhald i undervisninga.

Kompetansutvikling

Digital kompetanse er komt for å bli, og er ikkje ein trend som lærarane kan håpe vil forsvinne om ei stund. Det blir derfor viktig å få på plass den nødvendige kompetansen, slik at lærarane kan sjå tydlegare korleis dei skal bruke IKT for å styrke læringsarbeidet i skulen. Lærarane må også få ei klar formeining om når og til kva teknologien kan brukast. (Erstad, 2008)
Lærarutdanninga burde sørge for å gi lærarane nødvendig teknisk kompetanse for å kunne ivareta dei digitale utfordringane dei står overfor.
Eit digitalt kompetanseløft hjå lærarane ville styrka ulike læringsmiljø i skulen for å skape nye og betre betingelsar i opplæringa av elevane.

Den norske skulen har store variasjonar i teknologisk plattform og digital kompetanse, både når det gjeld nivå, tettheit og løysingar.

Det er viktig å understreke at skuleeigarar og skuleleiinga ikkje kan oppfatte at deira del av jobben er fullført når innkjøp og installasjon er på plass. Det viser seg i undersøkelsen ITU Monitor (2009) har gjort at skuleleiar sine holdningar og prioriteringar spelar ei vesentleg rolle for å sikre god ressursbruk/-fordelingar. Det er derfor viktig at leiarane set seg inn i korleis dei kan bidra til å heve den digitale kompetansen i deira skular.
Skolens ledere skal aktivt forstå hvordan en bruker IKT for å oppnå skolens mål. Skolens ledere skal aktivt følge opp lærernes bruk av IKT. Skolens ledere skal være pådrivere i bruk av IKT i skolen og stimulere til nytenkning og kreativitet blant lærere og elever. Skolens ledere skal legge forholdene til rette for kompetanseutvikling innen IKT for lærerne. Skolen skal fokusere på den pedagogiske anvendelse av IKT. (Manglar kilde)

Dette er noko skuleleiarane må ha fokus på om ein skal få til eit godt tilrettelagt pedagogisk opplegg innan digitale verktøy i skulen.

Digital Læringsplattform

Ein måte å velge ut ressursar til pedagogisk arbeid med IKT for lærarar, er å oppfordre til eller innføre obligatorisk bruk av ein digital læringsplattform (LMS).
Det viser seg at i dei skulane som aktivt og bevisst nyttar dette i undervisninga, har elevane ein høgare kompetanse innan IKT, og elevane gjer det bedre på prøver innan digitale verktøy. Ein trur at grunnen til at dette ikkje vert nytta i så stor grad, er at det er mykje å sette seg inn i. Samtidig trur ein det er ein risiko ved å innføre dette, då ein ikkje er sikker på at alle elevane har tilgong på data i heimen. Då vil lærarane måtte gjere arbeidet med LMS i tillegg til å gjere det på "gamlemåten". Så sikrar iallfall læraren at alle har fått vekeplanar og oppgåver som skal gjennomførast. Kanskje hadde ei mulegheit vore at dei elevane som ikkje har tilgong til data, skrivar eller nettverk heime, kunne få hente ut nødvendig informasjon på skulen. På denne måten ville elevane på lik linje fått tileigna seg digital kompetanse.

Det viser seg at fleire og fleire lærarar nyttar data i førebuinga
til undervisninga, men det ser ut til at lærarane ikkje tek dette med seg vidare inn i klasserommet. Gjennom undersøkingar som ITU Monitor (2007) har gjennomført, viser det seg at lærarane ikkje føler seg kompetente og ikkje har nok kunnskap i dette til å nytte det. Samtidig manglar det spesifikke planar for kva elevane skal lære når. Dersom det hadde vore spesifikke framdriftsplanar for dette faget, slik som det er i andre fag, ville det vore lettare for lærarane å vite kva elevane skal kunne år for år i grunnskulen.

Ein kan godt stille spørsmål om kvifor lærarane ikkje er motiverte for å nytte dette i klasserommet. Det viser seg då at lærarane treng moglegheiter og ressursar slik at dei kan lære korleis ny teknologi kan anvendes og utnyttast i læringsaktivitetar på skulen. (Cuban, 2001)
Ein annan ting er at grunnforståelsen hjå lærarane av digitale ferdigheiter er så vagt formulert i både nasjonale og lokale læreplanar, slik at ein samlande kvantitativ evaluering av måloppnåelse er vanskeleg å gjennomføre. (Krumsvik, 2008; Erstad & Quale, 2009)
Dagens lærarar treng påfyll av kompetanse slik at dei kan beherske bruk av IKT til eksisterande og nye læringsaktivitetar i skulen.

Oppsummering

For at skule og lærarar skal vere i stand til å nytte læremidlar som eit didaktisk redskap i undervisninga, vil det måtte stillast krav til at det er utvikla digitale læremidlar av høg kvalitet, både teknisk og pedagogisk, som fyller dei krav som læreplanen stiller. Det er også viktig å styrke IKT i lærarutdanninga, og ein treng kompetanseheving som er retta mot lærarane i skulen.
På udir.no sine nettsider kan ein lese at ein tilbyr gratis vidareutdanning til lærarar for kompetanseheving. Her kan ein velje mellom forskjellige studier, 30 stp. Men ein kan faktisk ikkje finne IKT på denne lista. Dette er ei grunnleggjande ferdigheit som skal utviklast på lik linje med lese, skrive, matematikk, muntlege ferdigheiter.

Ein kan då stille seg spørsmål om kvar den digitale kompetansen skal kome frå, når ikkje dette er eit tilbod frå udir. Dette blir rett og slett ikkje teke på alvor frå utdanningsdirektoratet eingong.
Utifrå dei undersøkjelsane som ITU Monitor (2009) har gjennomført kan ein også sjå at i dei skulane som har ansatt ein person som er IKT-driftsansvarleg i full stilling, er det ein klar samanheng mellom lærarane sin bruk av IKT. Dette er positivt for lærarane då dei slepp å oppleve at dei må innstallere program, og at alt er klart til å nytte det i klasserommet. Det sparar lærarane for mykje unødig frustrasjon.

________________________________________________________________

Litteraturliste

Erstad, Ola (2008): Digital kompetanse i skolen - en innføring. Oslo: Universitetsforlaget


UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/

UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå:

onsdag 7. oktober 2009

Mappeoppgåve 1

Mandag starta eg dagen med å løyse øvingsoppgåve som vart lagt ut i leksjonen. Eg valgte å løyse øvingsoppgåve 1 no, så får eg sjå når eg er ferdig med M1 om er tar øvingsoppgåve 2. Føler egentlig at det var ganske nyttig å løyse denne oppgåva i forarbeidet med M1. Fekk satt meg litt meir inn i det som er pensum, og leksjonane (igjen).
Tirsdag og onsdag har eg brukt dagane til å prøve å sette meg inn i dette med kompetansehjulet, og kva eg skal skrive artikkel om i M1. Eg har i grunnen landa på å skrive om kompetanseutvikling. Var å leita opp ei bok som var pensum frå i fjor, Ola Erstad; "Digital Kompetanse i skolen". Såg at Erstad vart referert i ein del av leksjonane, og ellers i det materialet som eg har funne om digital kompetanse, og kompetansehjulet.
Are oppretta eit dokument i GoogleDocs som han har delt med resten av gruppa. Dette har vi brukt til å skrive ein del kommentarar i. I dag føreslo Are at vi skulle opprette oss eit forum i Google, der vi kanskje kan "diskutere" i dette i staden. Han ville undersøke nærare og kome tilbake til dette. I morgon skal vi ha eit møte heile gruppa, får sjå om dette blir på Skype eller om det blir i eit forum.

mandag 5. oktober 2009

Øvingsoppgåve 1

Mediedidaktikk

” […] udgangspunktet for de fleste voksne håndtering af medier – uanset profession – [er]
deres egne medieerfaringer, hvilket ofte skaber ben med hensigtsmæssige og holdbare
løsninger” (Drotner 2003:10). Spørsmålet blir dermed kva slags kompetanseomgrep som
kjem til uttrykk i læreplanen.

Øvingsoppgåve 1:
Har de tenkt over dette i dykkar fag? Sjekk kva slags fokus
læreplanen i dine fag har på digital kompetanse – er det eit
kritisk eller kreativt fokus?

I mitt svar på denne oppgåva har eg valgt å konsentrere meg om læreplanen i norsk tegnspråk, og kva som står i læreplanen om å nytte seg av digitale verktøy. Mange timar i løpet av ein skuledag har eg ein til ein timar med ein døv elev på femte trinnet. Ellers der elev er inne i klassen i timane, blir det også gjennom meg at kommunikasjonen med andre elevar og lærarar skjer. Dette kan til tider bli veldig tungt, men det gjer også til at ein er nøydd til å finne forskjellige måtar å kommunisere på. Og ikkje minst ting som ein kan kommunisere om.
I læreplanen for norsk tegnspråk kan ein lese dette om å kunne bruke digitale verktøy:

Å kunne bruke digitale verktøy i norsk tegnspråk innebærer å kunne bevare og formidle et tegnet budskap til ulike grupper. Digitale verktøy kan brukes i bearbeiding og videreutvikling av språket i egne og andres tekster. Det innebærer nye muligheter i tegnspråkopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tegnspråktekster. Bruk av digitale verktøy innebærer å kunne benytte nye lærings- og kommunikasjonsarenaer over store avstander.

Eg vil seie at når det gjeld bruk av digitale verktøy i norsk tegnspråk, så er læreplanen kreativ. Det finnest mange nettsider med norsk tegnspråk, som kan nyttast på mange forskjellige måtar. Og det kan sjå ut som dei som har skrive kompetansemåla i dette "faget" er klar over akkurat det.
For ein døv elev er det ikkje så mange ein kan kommunisere med i det daglege, då det er sjeldant mange døve elevar i same skule. Då må ein vere kreativ i undervisninga slik at elevane får moglegheitene til å lære seg å avlese fleire forskjellige personar.
----------------------------------------------------------------------------------
UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå:
http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=995082&visning=4

søndag 4. oktober 2009

Øvingsoppgåve

"Er læraren flaskehalsen?"

Er læraren flaskehalsen i forhold til at elevane skal få den digitale kompetansen læreplanen og andre styringsmakter krev?

Grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidreg til utvikling av, og er ein del av fagkompetansen. Under finn du kva læreplanane seier om dei grunnleggjande ferdigheitene.

Å kunne uttrykke seg muntlig
Å kunne uttrykke seg skriftlig
Å kunne lese
Å kunne regne
Å kunne bruke digitale verktøy

Dette vil seie at elevane skal nytte seg av digitale media i skulen på lik linje med lese- skrive- og matematikkopplæringa, samt å uttrykkje seg muntleg.

I artikkelen i Aftenposten kan vi lese IT-parken til den norske skulen er blant den beste i verda. Det vart lagt til rette for at skulane skal nytte seg av data i alle fag kvar veke i skulen. Men til tross for dette ser ein at bruken av data i skulen har gått ned. Og det er verst i grunnskulen. I den vidaregåande skulen har elevane eigne pc'ar, og desse vert også nytta meir i den vidaregåande skulen. Problemet er at elevane manglar grunnleggjande ferdigheiter i data når dei kjem inn i den vidaregåande skule. Og dette er oppsiktsvekkande.

Eit problem kan vere at det frå høgste hold er bestemt at det skal vere slik, men ingen har gjort noko for å auke kompetansen til lærarane i grunnskulen.
Lærarane har ikkje nok kompetanse til å kunne nytte seg av dette i klasserommet. Usikkerheita om ting virkar slik som det skal, og om alle program ligg på alle maskiner når ein skal nytte seg av det, gjer at lærarane brukar unødig mykje tid på å leggje til rette for dette. Ein annan ting er at dei som er dataansvarlege i skulane, oftast er i full jobb som lærar i tillegg, og ikkje er tilgjengeleg når ein treng hjelp.

I Søby sin forskningsrapport kan ein lese at ein som lærar skal strebe etter å gi elevane fortrulege og gode søkjevanar i bruken av IT i skulen. Men kva då med lærarane som har sine innarbeidde rutinar i alle fag? Kven skal hjelpe lærarane til å bli fortrulege med dette, om ein ikkje vil gi lærarane kurs eller meir skule? I det minste kunne ein kanskje tenke seg at det hadde vore lurt å ansette ein lærar som hadde ansvar for dataundervisninga i samarbeid med klassestyrar? På denne måten ville ein lærar ha hovudansvar for at ting fungerar når det skal, samtidig som denne læraren hadde moglegheit til å gradvis byggje opp kompetansen både blant elevane og lærarane. Og denne "datalæraren" ville då neste år kunne byggje vidare på det som elevane tidlegare har lært, og undervisninga ville bli meir målretta. Eg tenker at om ein iallfall kan gjere dette dei to siste åra på barnetrinnet, så har elevane eit felles grunnlag når dei kjem inn i ungdomskulen.

Læraren er vel på mange måtar flaskehalsen i forhold til at elevane skal få den digitale kompetansen læreplanen og styringsmaktene krev. Men eg tenker at dei er ikkje flaskehalsen aleine. Skuleleiinga og kommunene er vel i stor grad også det, som ikkje legg til rette for å gi lærarane tryggheita og kompetansen som dei krev at lærarane skal ha. Eg meinar at ein må byggje opp denne kompetansen blant lærarane, og at IKT no må bli ein obligatorisk del i lærarutdanninga.

Definisjon av digital kompetanse:
Digital kompetanse er ferdigheter,
kunnskaper, kreativitet og holdninger som
alle trenger for å kunne bruke digitale
medier for læring og mestring i
kunnskapssamfunnet. (Søby,2005)

--------------------------------------------------------------------------------
Søby, M (2005): Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett] Tilgjengelig fra: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.utdanningsdirektoratet.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/