Øvingsoppgåve
Vi skal i denne øvingsoppgåva skrive eit refleksjonsnotat rundt emnet betre vurderingspraksis. Etter forelesninga i dag blir ein ganske imponert over det arbeidet som Flatene og Halbrend skule har lagt ned. Og eg tenkjer at dette er ein prosess som vil ta tid, men som ein etter kvart vil sjå gode resultat av, om ein i fellesskap går inn for ei slik endring i skulen. Det er heilt sikkert interessant å jobbe med dette. Det eg synest er veldig flott er det samarbeidet som det er mellom desse to skulane. Det er ein kjempefordel for elevane som går frå den eine skulen og over i den neste, at dei slepp å sette seg inn i nye måtar å lese vekeplanar, og vurderingsskjema på. Og selfølgeleg er det ein fordel, og det legg vel også eit lite press på alle lærarane til å nytte seg av dette verktøyet. Dei har også fleire å rådføre seg med i arbeidet med vurderinga, som er ein annan fordel for både elevar og lærarar, for ikkje å gløyme foreldra opp i dette.
På min skule er det ikkje utarbeida nokon felles måte å vurdere elevane på. Her sit alle og jobbar med sine eigne måtar, og eg har inntrykk av at ingen vil vite om at det finnast andre og kanskje betre måtar å gjere det på også. Så på min skule er det absolutt rom for betre vurderingspraksis.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar