Torsdag var det Kjell som hadde første forelesning. Tema var Digital kompetanse. Han presenterte eit program for oss som heiter Qik. Vi vart delt i grupper og skulle sjå moglegheitene ved bruk av dette i skulen gjennom eit pedagogisk opplegg. Kva scenarier kan vi sjå for oss når elevane har tilgong til produksjonsutstyr, infrastruktur og program for produksjon av video/bileter.
Moglegheiter:
Gruppa vår kom fram til at det var store moglegheiter for samarbeid med andre, gjerne då med tanke på andre skular, i andre land. Kan gjerne knytte dette opp mot faget engelsk, eller andre framandspråk.
Dei kan dokumentere arbeid. Gjennom gruppearbeid kan ein ofte ha behov for å dokumentere arbeidet ein gjer, og at ein faktisk har gjort det ein skal når ein skal gjere det.
Det gir elevane moglegheiter til å dele tekst (utan papir), dele informasjon, og samhandling.
Moglegheiter for kommunikajson med lærar. Dette kan vere ein stor fordel for dei "usynlege" elevane.
Utfordringar:
Elevane kan filme undervisninga og legge dette ut på nett.
Elevane tek ikkje alltid hensyn til at andre ikkje vil ut på nett, eller kan pga religion o.a.
Elevane tek ikkje alltid hensyn til åndsverklova, personvernlova og andre ting ved publisering. Kven sitt ansvar er det viss dette blir gjort i skulen? Var eit spørsmål som vart stilt.
Han kom også litt inn på kompetansehjulet, men dette skulle vi kome nærare innpå på forelesninga fredag.
Fredag starta Synnøve Hedemann Amdam forelesninga "Innføring i media literacy mediakompetanse og mediedidaktikk".
Tema var i stor grad kompetansehjulet, og ho tok for seg den ytterste delen av hjulet.
Kristin Bakke Sæterås tok over etter lunsj, og ho hadde fokus på den innerste delen av kompetansehjulet.
Faktorar for digital kompetanse i opplæringa med fokus på den 5.
Læraren er flaskehalsen: elevane lærer mindre og vi risikerer at ein stor andel av elevane står utan basisfedigheiter når dei kjem til vidaregåande skule. Desse elevane vil få ein unødig tøff overgang til vidaregåande, for der skal dei bruke datamaskina i oppgåveløysinga.
Skjer dette fordi læraren ikkje har fagleg kompetanse, eller er alderen på lærarstaben so høg at det er like før dei skal gå av med pensjon? Og derfor ikkje har ressursar nok til å tileigne seg den digitale kompetansen dei treng for å kunne undervise i dette i skulen? Dette skulle vi kome tilbake til, men det trur eg ikkje vi gjorde.
Eit spørsmål som dukka opp var om det var skilnad på eleven og læraren sin kompetanse?
Ein kan tenke seg læraren som er genuint interessert, som vil bruke dette i alle fag, og som klarer å overføre dette til klasserommet.
Så kan ein tenke seg læraren som ikkje har kunnskap nok til å klare å ta dette verktøyet med inn i klasserommet.
Så kan ein tenke seg ein annan arbeidsplass der data er i bruk. Kan ein velge der å ikkje bruke dette verktøyet?
Spørsmålet er då om ein i skulen kan velge å ikkje bruke dette verktøyet? Kva gjer ein så fall med elevane?
Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper og holdninger ved bruk av digitale medier som verktøy i læreprosessen, for mestring og for lære å lære ( Karlsen og Wølner, 2006:20)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar