onsdag 28. oktober 2009

Digital kompetanse i lokalt planarbeid



Øvingsoppgåve

Ein skal i denne øvingsoppgåva reflektere rundt kva rolle læraren eigentleg har, når det gjeld å integrere IKT i undervisninga. Ein skal også tenke gjennom kva reelle valgmoglegheiter læraren har i høve til skulen si oppgåve i samfunnet. Og også reflektere rundt kva rolle skuleleiinga har når det gjeld å integrere IKT i undervisninga, og korleis rollefordelinga bør vere i dette arbeidet.

Skal ein få den digitale biten på plass i skulen er det mange bitar i eit puslespel som skal leggast på plass. Dette er eit arbeid som krev langsiktige strategiar og planar på ulike nivå i organisasjonen.

Det er lærarane som må lede utviklinga av IKT i skulen, men satsinga på IKT i skulen slår ikkje gjennom slik som ein først trudde at det skulle gjere. Rundt om på skulane står det digitalt utstyr innelåst og ubrukt, og når det blir tatt i bruk er det innanfor tradisjonelle lærarstyrte rammer.
Det viser seg at det er vanskeleg for lærarane å sleppe lause elevane med kvar sin pc i klasserommet. Lærarane føler at dei mistar kontrollen på elevane, og ikkje har oversikt over kva dei gjer. Dei har vel også vanskeleg for å tru at elevane faktisk løyser oppgåver, eller leitar etter svar på oppgåver. Ein kan gjerne tenke at dette er læraren sitt problem, og det igjen blir overført til elevane. Dersom læraren har gitte oppgåver som elevane skal løyse, og elevane har blogger, eller arbeidsmapper som arbeidet skal dokumenterast i, blir det til sjuande og sist elevane sitt problem. Mi erfaring er at elevane gjerne vil gjere frå seg mest mogleg arbeid på skulen, og sleppe heimearbeid. Og at elevane faktisk gjer det dei skal om dei veit at dei slepp lekser.

Om ein skal tenke på kva valgmoglegheiter lærarane har, så har dei vel på mange måtar gjort sine valg i mange år. Ein kan vel sjå det i forhold til å integrere IKT i skulen, at lærarane vel bort dette om dei har moglegheit til å gjere det. Her må skuleleiinga inn, og ta kontrollen. Men eg vil også tru at det må inn planar for kva elevane skal lære, og når dei skal lære det. Det bør setjast opp spesifikke planar år for år, slik at eventuelle nye lærarar veit kva dei skal ta tak i, og kvar dei skal fortsette prosessen. Det er her skuleleiinga må inn. Og det er oppsiktsvekkjande når ein ser på undersøkjelsane til Phillipa Lee, at 70 % av omstillingsprosessen ligg på skuleleiinga. I den same undersøkelsen kjem Lee fram til at visjon, kunnskap, belønning, ressursar og handlingsplanar er viktige stikkord knytt til leiaroppgåver i ein organisasjon - skal ein lykkast er det viktig å få ei rett blanding av delane mot eit felles mål. Dessverre trur eg ikkje at skuleleiinga er klar over at so mykje av ansvaret ligg på dei, og ikkje på lærarane. I mange tilfeller trur eg at leiinga har kasta ballen over til lærarane, så lenge utstyret er på plass.

---------------------------------------------------------------------------

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar