Øvingsoppgåve 1 & Refleksjonar rundt dette ;)
LK06 gir retningslinjer for bruk av digitale verktøy i skulen. I denne samanheng skal vi i denne øvingsoppgåva sjå på forskjellige definisjonar av omgrepet digital kompetanse. Søby, Erstad, Krumsvik og Baltzersen har definert digital kompetanse, og vi skal i øvingsoppgåva sjå på desse. Er det skilnad i definisjonane deira, eller seier dei ein og same ting på ulike måtar?
Eg skal også kome med mi meining om kva omgrepet digital kompetanse må romme.
Læreplanen er eit juridisk bindane dokument, og innhaldet i læreplanen skal spegle innhaldet i skulen. Men vi kan vel trygt seie at dette ikkje integrert i skulen. Og ein kan då stille seg spørsmål om korleis elevane skal tileigne seg digital kunnskap.
Eg synes ikkje at eg kan samanlikne alle desse fire definisjonane under eitt. Men eg tenkjer at eg kan samanlikne Erstad sin definisjon opp i mot Karlsen og Wølner sin definisjon. På mange måtar så seier desse to definisjonane mykje det same. Men likevel så vil eg seie at Karlsen og Wølner sin definisjon utdjupar litt meir korleis du skal kunne nytte verktøyet i klasserommet. Eg føler iallfall sjølv at eg har lettare for å forstå denne definisjonen. Du skal utvikle ferdigheiter for å lære å lære seier eigentleg ganske mykje. Det skal flettast inn i alle fag, og du skal forstå korleis du skal hente informasjon slik at du lærer meir.
Krumsvik sin definisjon byggjer vidare på Erstad sin definisjon, og utdjupar denne på ein god måte. Steg for steg tek han for seg kva du må lære før du går vidare til neste trinn. Denne definisjonen seier også mykje om kva kompetanse lærarane bør sitte inne med, og kvar IKT kan gi meirverdi i undervisninga. Noko som er eit veldig viktig poeng.
Det kan sjå ut som at Baltzersen sin definisjon byggjer vidare igjen på Krumsvik sin definisjon. Dette var utgangspunktet hans, så har han funne nokre nye punkt som han utdjupar sin definisjon med. Eg synest det er heilt greit at dei har gjort det slik, for det vil vel eigentleg seie at dei er ganske einige om kva som er definisjonen på digital kompetanse. Men at dei på ein god måte har utfylt kvarandre. Eg meiner at definisjonen må innehalde det som på mange måtar kjem fram i desse definisjonane, men kanskje litt meir om kva kompetanse ein lærar må ha, for å kunne nytte dette på ein god måte i undervisninga.
----------------------------------------------------------------------------------
Leksjon Vilkår for endring 2: Kristin Bakke Sæterås
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar