Viser innlegg med etiketten Vilkår for endring 2. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vilkår for endring 2. Vis alle innlegg

mandag 19. oktober 2009

Vilkår for endring 2



Øvingsoppgåve 2

I leksjonen for dette delemnet, oppfordra Kjell til at vi skulle lese rapporten "Digital Kompetanse hver dag". Vi skal i denne øvingsoppgåva ta utgangspunkt i samandraget og epilogen i denne rapporten. Vidare skulle vi lese "Program for digital kompetanse", skrive nokre refleksjonar rundt oppdraget, visjonen og resultatet. Reflektere rundt korleis det står til i dag i forhold til digital kompetanse i skulen.

Sentrale problemstillingar i programmet handla om korleis IKT påvirkar utdanninga sin kvalitet, motivasjon for læring, læringsformer og læringsutbytte. Programmet lukkast i å plassere digital kompetanse som eit nøkkelbegrep i utdanningspolitikken og i pedagogikken. Her har pfDK vore ein nyskapande drivar.

Programmet hadde fire satsingsområder:

  • Infrastruktur og tjenester av høg kvalitet

  • Kompetanseutvikling

  • Digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer

  • Forskning- og utvikling

Ved programmet si avslutning vart dei sentrale målsetjingane kort vurderte slik:

Infrastrukturen er snart på plass.
Kompetanseutvikling er fortsatt ei utfordring.
Digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformer er eit arbeid der det gjenstår mykje.
1. Kartleggings- og indikatorstudiar, 2. Digitale læringsressursar, 3. Lærarutdanning og digital kompetanse, 4. Fremtidens læring og 5. Skule-leiinga og IKT

Desse to rapportane stemmer ganske godt overeins, i forhold til kva som er situasjonen i skulen i dag. Og dessverre så er det slik at dette har vore situasjonen i skulen ganske lenge. Og ikkje mykje har vore gjort med det. Alle som jobbar i skulen veit at digital kompetanse skal flettast inn i allle fag, men alle finn ei unnskyldning for å ikkje gjere noko med det. Anten det gjeld tilgong på datamaskiner, tilgong på digitale læringsressursar og ikkje minst internett. I begge desse rapportane kjem det fram at kompetansen til lærarane er mangelfull, og at dette må inn i lærarutdanninga. Samtidig må ein ha ei kompetanseheving blant dei lærarane som er i skulane allereie. Det vert i rapporten uderstreka at norsk lærarutdanning ikkje har tilstrekkeleg kunnskapsbasert digital praksis for å møte dei pedagogiske og faglege utfordringane som ligg i digital kompetanse. Det vil seie at læraren sine forutsetningar og kompetanse for å gjennomføre læreplanen sine krav, ikkje kan realiserast i forhold til Kunnskapsløftet.
Korleis skal ein så kome vidare? Staten gir skuleeigar ansvaret for infrastrukturen, og skuleeigar prioriterar ikkje dette nok framfor andre sektorar.
Eg tenkjer at ein er nøydd til å kreve litt meir av kommunane og skuleeigarane om dette skal bli betre. Det er trass alt deira sitt ansvar å sørge for å gi elevane den digitale kompetansen som går fram av Læreplanen. Og det er stort sett her det stoppar opp trur eg.
--------------------------------------------------------------------------------
"Program for digital kompetanse (2004-2008) Posthumt."

Vilkår for endring



Øvingsoppgåve 1 & Refleksjonar rundt dette ;)

LK06 gir retningslinjer for bruk av digitale verktøy i skulen. I denne samanheng skal vi i denne øvingsoppgåva sjå på forskjellige definisjonar av omgrepet digital kompetanse. Søby, Erstad, Krumsvik og Baltzersen har definert digital kompetanse, og vi skal i øvingsoppgåva sjå på desse. Er det skilnad i definisjonane deira, eller seier dei ein og same ting på ulike måtar?
Eg skal også kome med mi meining om kva omgrepet digital kompetanse må romme.

Læreplanen er eit juridisk bindane dokument, og innhaldet i læreplanen skal spegle innhaldet i skulen. Men vi kan vel trygt seie at dette ikkje integrert i skulen. Og ein kan då stille seg spørsmål om korleis elevane skal tileigne seg digital kunnskap.

Eg synes ikkje at eg kan samanlikne alle desse fire definisjonane under eitt. Men eg tenkjer at eg kan samanlikne Erstad sin definisjon opp i mot Karlsen og Wølner sin definisjon. På mange måtar så seier desse to definisjonane mykje det same. Men likevel så vil eg seie at Karlsen og Wølner sin definisjon utdjupar litt meir korleis du skal kunne nytte verktøyet i klasserommet. Eg føler iallfall sjølv at eg har lettare for å forstå denne definisjonen. Du skal utvikle ferdigheiter for å lære å lære seier eigentleg ganske mykje. Det skal flettast inn i alle fag, og du skal forstå korleis du skal hente informasjon slik at du lærer meir.

Krumsvik sin definisjon byggjer vidare på Erstad sin definisjon, og utdjupar denne på ein god måte. Steg for steg tek han for seg kva du må lære før du går vidare til neste trinn. Denne definisjonen seier også mykje om kva kompetanse lærarane bør sitte inne med, og kvar IKT kan gi meirverdi i undervisninga. Noko som er eit veldig viktig poeng.

Det kan sjå ut som at Baltzersen sin definisjon byggjer vidare igjen på Krumsvik sin definisjon. Dette var utgangspunktet hans, så har han funne nokre nye punkt som han utdjupar sin definisjon med. Eg synest det er heilt greit at dei har gjort det slik, for det vil vel eigentleg seie at dei er ganske einige om kva som er definisjonen på digital kompetanse. Men at dei på ein god måte har utfylt kvarandre. Eg meiner at definisjonen må innehalde det som på mange måtar kjem fram i desse definisjonane, men kanskje litt meir om kva kompetanse ein lærar må ha, for å kunne nytte dette på ein god måte i undervisninga.

----------------------------------------------------------------------------------

Leksjon Vilkår for endring 2: Kristin Bakke Sæterås