No har eg vore innom bloggen til Hjørdis og kika, og synest at den var så fin med mange bilder, så no må eg også pynte litt i bloggen min:)
I tillegg har Morten gjort heilt ferdig filmen og lagt den i dropbox, og eg vart så glad når eg såg den. Den vart veldig bra, og eg synest at vi har fått fram alt som vi hadde tenkt i manus. Det var litt spennande om det ville kome fram kva kompetansemål unge når gjennom å nytte digitale verktøy heime, og det synest eg heilt klart at vi har fått til å vise.

Som eg har skreve i eit tidlegare innlegg i bloggen, var det filmdag heime hjå meg fredag 30. april. Her står vi og går gjennom storyboard og manus før vi skal filme ei scene ved kjøkkenbordet. Inger-Marlen er mi eldste datter, og som de ser på kleda så er ho russ no.
Under ser vi bilete av dei to andre døtrene mine som syntest det var veldig urettferdig at berre Inger-Marlen skulle få vere med i filmen. Så då måtte selfølgeleg dei også få kvar si rolle i filmen. Karoline spelar engelsk kusine, og måtte snakke engelsk på Skype med Inger-Marlen. Og det gjekk veldig bra.
Men det var no då urettferdig for Sofie, så ho måtte få lov til å sitte ved middags- bordet.
Mellom regnbygene fekk vi stikke ned på bade stranda å filme dei scenene som var tenkt der. Her riggar vi opp utstyret, medan Hjørdis er fotograf.
Her sit Hjørdis, Erling og Morten og ser gjennom kva vi har gjort, og kva som står igjen.
Vi hadde ein veldig kjekk dag, og alt gjekk veldig fint. Vi velger å tru at det gjekk så bra fordi vi hadde planlagt dette godt, og hadde gjort ferdig både produksjonsplan og storyboard som vi har erfart er veldig nyttig å ha.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar