Medlemene i DKL104 gruppe 2 har i dag torsdag 13. mai, på Kristi Himmelfartsdag, komme i mål med den første delen av vårens IKT-eksamen. Vi har laga ein film på fire minutt. Vidare har vi skrive ein eksamensrapport som er godt under 4000 ord, som var maksgrensa.
I samband med filmprosjektet og rapportskrivinga har vi brukt mange timar saman. Vi har stort sett vore samde om vegen vi skulle gå. Det har vore både utfordrande, kjekt, lærerikt, arbeidskrevjande og veldig sosialt å lage ein film om sosial web-bruk. Gruppa har fungert godt i lag, og alle har bidrege til at vi har komt i mål med denne delen av eksamensinnleveringa. No må vi berre forberede oss kvar for oss til den munnlege delen av eksamen:)
Vi takkar også ektefellene våre for toldmodet dei har vist oss i denne hektiske perioden. Vi har hatt eit godt samarbeid og synest det har vore kjekt å vere høgskulestudentar i mogen alder.
Då attstår framleis ein viktig del av studiet: Munnleg eksamen torsdag 27. mai. Vi ynskjer alle på kullet vårt lukke til med "vårens vakraste eventyr" = les pensumlesinga framover. Takk til Kjell Antvort for inspirasjon, entusiasme, faglege oppdateringar og ikkje minst velvilje. Takk også til dei andre førelesarane våre. Vi har vorte digitalt danna ved Høgskulen i Volda - og vi er stolte av det!
Omforent om merverdi? ..som flytskjema
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar