søndag 18. oktober 2009

Digital kompetanse i skulen - for framtidsretta læring

Siv-Mette Møller

Regjeringa har som eit mål at det norske utdanningssystemet skal vere blant dei fremste i verda når det gjeld utvikling og pedagogisk utnyttelse av IT i undervisning og læring. Undersøkelsar som ITU Monitor 2007 har gjennomført, viser at skulen ikkje klarer å integrere IKT i undervisninga. Lærarane har ikkje den kompetansen som skal til for å nyttiggjere seg digitale verktøy for å betre elevane si læring. Det er oppsiktsvekkande at så mange som 9 av 10 elevar på sjuande trinn nyttar IKT-verktøy færre enn fire timar i veka.

I kunnskapsløftet kan vi lese at grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidreg til utvikling av og er ein del av fagkompetansen. Å kunne bruke digitale verktøy, er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene. Det vil seie at ein skal nytte seg av digitale verktøy i alle fag, på lik linje med lese, skrive, matematikk-opplæringa og muntlege ferdigheiter. Undersøkelsane som ITU Monitor har gjennomført viser at det ikkje er nok å utstyre elevane med kvar si maskin. Ein er også nøydd til å planleggje kompetanseheving hjå lærarane, tilstrekkeleg infrastruktur og tydelege læringsmål. Om ikkje dette er på plass først, vil det i staden for bedre læring føre til støy og uro. Det viser seg også at ein motivert og kompetent lærar som har støtte frå skuleleiinga, har betre forutsetningar for å ta i bruk digitale verktøy systematisk i undervisninga. (ITU Monitor, 2009)

Kompetanseheving innanfor IKT er noko av det som blir mest etterspurt blant lærarar. Dessverre er det slik at skuleeigarar og politiske styresmakter ikkje viser nok vilje til å løyve midlar slik at lærarar får etterutdanning innanfor dette feltet. Det er viktig å få heva kompetansen til lærarane innanfor IKT om ein skal få eit godt pedagogisk innhald i undervisninga.

Kompetansutvikling

Digital kompetanse er komt for å bli, og er ikkje ein trend som lærarane kan håpe vil forsvinne om ei stund. Det blir derfor viktig å få på plass den nødvendige kompetansen, slik at lærarane kan sjå tydlegare korleis dei skal bruke IKT for å styrke læringsarbeidet i skulen. Lærarane må også få ei klar formeining om når og til kva teknologien kan brukast. (Erstad, 2008)
Lærarutdanninga burde sørge for å gi lærarane nødvendig teknisk kompetanse for å kunne ivareta dei digitale utfordringane dei står overfor.
Eit digitalt kompetanseløft hjå lærarane ville styrka ulike læringsmiljø i skulen for å skape nye og betre betingelsar i opplæringa av elevane.

Den norske skulen har store variasjonar i teknologisk plattform og digital kompetanse, både når det gjeld nivå, tettheit og løysingar.

Det er viktig å understreke at skuleeigarar og skuleleiinga ikkje kan oppfatte at deira del av jobben er fullført når innkjøp og installasjon er på plass. Det viser seg i undersøkelsen ITU Monitor (2009) har gjort at skuleleiar sine holdningar og prioriteringar spelar ei vesentleg rolle for å sikre god ressursbruk/-fordelingar. Det er derfor viktig at leiarane set seg inn i korleis dei kan bidra til å heve den digitale kompetansen i deira skular.
Skolens ledere skal aktivt forstå hvordan en bruker IKT for å oppnå skolens mål. Skolens ledere skal aktivt følge opp lærernes bruk av IKT. Skolens ledere skal være pådrivere i bruk av IKT i skolen og stimulere til nytenkning og kreativitet blant lærere og elever. Skolens ledere skal legge forholdene til rette for kompetanseutvikling innen IKT for lærerne. Skolen skal fokusere på den pedagogiske anvendelse av IKT. (Manglar kilde)

Dette er noko skuleleiarane må ha fokus på om ein skal få til eit godt tilrettelagt pedagogisk opplegg innan digitale verktøy i skulen.

Digital Læringsplattform

Ein måte å velge ut ressursar til pedagogisk arbeid med IKT for lærarar, er å oppfordre til eller innføre obligatorisk bruk av ein digital læringsplattform (LMS).
Det viser seg at i dei skulane som aktivt og bevisst nyttar dette i undervisninga, har elevane ein høgare kompetanse innan IKT, og elevane gjer det bedre på prøver innan digitale verktøy. Ein trur at grunnen til at dette ikkje vert nytta i så stor grad, er at det er mykje å sette seg inn i. Samtidig trur ein det er ein risiko ved å innføre dette, då ein ikkje er sikker på at alle elevane har tilgong på data i heimen. Då vil lærarane måtte gjere arbeidet med LMS i tillegg til å gjere det på "gamlemåten". Så sikrar iallfall læraren at alle har fått vekeplanar og oppgåver som skal gjennomførast. Kanskje hadde ei mulegheit vore at dei elevane som ikkje har tilgong til data, skrivar eller nettverk heime, kunne få hente ut nødvendig informasjon på skulen. På denne måten ville elevane på lik linje fått tileigna seg digital kompetanse.

Det viser seg at fleire og fleire lærarar nyttar data i førebuinga
til undervisninga, men det ser ut til at lærarane ikkje tek dette med seg vidare inn i klasserommet. Gjennom undersøkingar som ITU Monitor (2007) har gjennomført, viser det seg at lærarane ikkje føler seg kompetente og ikkje har nok kunnskap i dette til å nytte det. Samtidig manglar det spesifikke planar for kva elevane skal lære når. Dersom det hadde vore spesifikke framdriftsplanar for dette faget, slik som det er i andre fag, ville det vore lettare for lærarane å vite kva elevane skal kunne år for år i grunnskulen.

Ein kan godt stille spørsmål om kvifor lærarane ikkje er motiverte for å nytte dette i klasserommet. Det viser seg då at lærarane treng moglegheiter og ressursar slik at dei kan lære korleis ny teknologi kan anvendes og utnyttast i læringsaktivitetar på skulen. (Cuban, 2001)
Ein annan ting er at grunnforståelsen hjå lærarane av digitale ferdigheiter er så vagt formulert i både nasjonale og lokale læreplanar, slik at ein samlande kvantitativ evaluering av måloppnåelse er vanskeleg å gjennomføre. (Krumsvik, 2008; Erstad & Quale, 2009)
Dagens lærarar treng påfyll av kompetanse slik at dei kan beherske bruk av IKT til eksisterande og nye læringsaktivitetar i skulen.

Oppsummering

For at skule og lærarar skal vere i stand til å nytte læremidlar som eit didaktisk redskap i undervisninga, vil det måtte stillast krav til at det er utvikla digitale læremidlar av høg kvalitet, både teknisk og pedagogisk, som fyller dei krav som læreplanen stiller. Det er også viktig å styrke IKT i lærarutdanninga, og ein treng kompetanseheving som er retta mot lærarane i skulen.
På udir.no sine nettsider kan ein lese at ein tilbyr gratis vidareutdanning til lærarar for kompetanseheving. Her kan ein velje mellom forskjellige studier, 30 stp. Men ein kan faktisk ikkje finne IKT på denne lista. Dette er ei grunnleggjande ferdigheit som skal utviklast på lik linje med lese, skrive, matematikk, muntlege ferdigheiter.

Ein kan då stille seg spørsmål om kvar den digitale kompetansen skal kome frå, når ikkje dette er eit tilbod frå udir. Dette blir rett og slett ikkje teke på alvor frå utdanningsdirektoratet eingong.
Utifrå dei undersøkjelsane som ITU Monitor (2009) har gjennomført kan ein også sjå at i dei skulane som har ansatt ein person som er IKT-driftsansvarleg i full stilling, er det ein klar samanheng mellom lærarane sin bruk av IKT. Dette er positivt for lærarane då dei slepp å oppleve at dei må innstallere program, og at alt er klart til å nytte det i klasserommet. Det sparar lærarane for mykje unødig frustrasjon.

________________________________________________________________

Litteraturliste

Erstad, Ola (2008): Digital kompetanse i skolen - en innføring. Oslo: Universitetsforlaget


UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/

UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar