søndag 15. november 2009

Digitale læringsmiljø 3, Leksjon 3

Desse tre leksjonane skal ligge til grunn for mappeoppgåve 3. I denne leksjonen er det satt fokus på digitale læringsstøttesystem, både dei personlege (PLE) og dei institusjonelle (LMS). Leksjonen kjem også inn på nytt stoff som er relevant i forhold til oppgåvearbeidet.

LMS (Learning Management Systems) er institusjonelle, kollektive digitale læringsstøttesystem.
L= Læringsverktøy: må må være funksjonelt og bør fungere støttande i læringsarbeidet.
M= administrative verktøy: må være funksjonelt i behandlinga av data som er nødvendige for, og genereres av læringsarbeid.
S= System: må bestå av element som spelar på lag både på systemnivå (elementa må vere teknisk kompatible) og brukarnivå (elementa må vere gjenkjennbare og ensartede).
Definisjon (Uninett) LMS:
LMS er eit utval av verktøy for å støtte læringsarbeidet og administrasjonen av dei. Verktøya er teknisk integrerte i ein felles omgivnad med ei felles database, og har derfor delt tilgong til dokument, statusinformasjon og annan informasjon. Dei er vidare presentert gjennom eit enhetlig webbasert brukargrensesnitt, der dei opptrer visuelt og logisk konsistent overfor brukaren. (Uninett, 2005)

PLE (Personal Learning Environment) eller "personleg læringsmiljø". John Arthur Berg seier at om ein legg ein bloggfunksjon i eit LMS, oppnår ein eit PLE. Det som er viktig når ein diskuterar digitale læringsstøttesystem, er i kva grad dei støttar læring.

Innleiingsvis i leksjonen stillte Kjell spørsmålet, LMS eller PLE? Eller kanskje ja takk begge deler?
På mange måtar kan GoogleDocs erstatte eit LMS. Men han ber oss også om å problematisere dette for å vise at slike miljø i nokon grad manglar dei trygge rammene som eit LMS kan gi.
Det er ikkje lett å stilling til slike valg, då ein vil måtte gjere valg på vegne av andre, og kva andre meinar om dette. Problemet i mange skular er at ikkje eit LMS blir brukt slik at alle moglegheitene blir utnytta. På mange måtar meinar eg at Berg har rett i at om ein legg inn ein bloggfunksjon i eit LMS, vil ein kunne oppnå PLE. Dette seier eg av eiga erfaring, då vi har gjort dette gjennom dette studiet. Her har vi moglegheitene til å reflektere over kva vi har lært, og vi ser då kanskje lettare kva vi treng å lære meir om.
Eg vil også seie at eit LMS er nødvendig både i studiet og i grunnskulane. Den digitale kompetansen som elevane har moglegheiter til å tileigne seg ved å nytte dette, kan ein ikkje seie berre er ei kunstig krykke. Refleksjonane og dokumentasjonen på eige arbeid er også med på å gjere elevane meir sjølvstendige. Det som vi også veit er at elevane i stadig yngre alder dannar seg ein digital identitet. Det er vårt ansvar å sørge for at elevane blir digitalt kompetente.

No står det "berre" igjen å lese ordentleg igjennom blant anna "Rum til læring", Prinds, E. (1999). Blir vel fleire refleksjonar rundt dette når eg har komt igjennom det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar