No er mappeoppgåve 2 levert. Føler at eg har streva ein del med denne oppgåva. Til å begynne med, når eg las oppgåvelyden tenkte eg at denne var grei. Men når ein skal begynne å formulere seg, og vere akademisk, og flette inn pensum så vart det plutselig litt verre. Kanskje eg laga meg meir arbeid enn nødvendig også.. Utfrå Phillippa Lee sin modell, så hadde eg litt vel mange manglar ved min skule. Dette kunne eg selfølgelig endra på undervegs, men det vart ikkje gjort. No er iallfall denne levert. Så er det vel bære å begynne å rette opp feila på M1. Oppgåva var godkjent, så vi treng vel ikkje levere den ein gong til, men om nokon ønskjer å levere denne til eksamen, så er det vel greit at ting er ordna opp i.
Denne helga har vi forresten vore på hytta. Her er det ikkje internett, men eg har jobba offline med GoogleDocs. Var litt spent før vi for, og advarte familien om at viss ikkje dette går, så fær vi heimatt. Men det fungerte veldig greit. Fekk då kun fokus på oppgåva og ingen andre fristande nettsider å surfe på...
Du er kjempeflink :) Virkelig!!!! Og det er sikkert ein god ide og jobbe på hytta utan nokon form for "fristelsar på nettet ;) KLEM
SvarSlettHei!
SvarSlettEndeleg tenkte eg at du faktisk har ein blogg. Studieblogg og alt! Ikkje småtteri! Ja, til våren blir det truleg studie med meg også... Lenge til du er ferdig? Klem Anita