Komponentar i eit digitalt læringsmiljø, 1. leksjon
Vi har tre leksjonar i dette delemnet. Målet etter desse leksjonane er at vi skal ha fått nødvendig rettleiing i høve til å beskrive eit scenarie for implementering av eit digitalt læringsmiljø. Kompetansehjulet står sentralt i denne leksjonen. Vi har vore innom ulike komponentar somlegg føringar for integreringa av IKT i skulen. Gjennom undersøkingar som ITU Monitor har gjort, viser det seg at det er stor skilnad på grunnskulen og vidaregåande skular.
Kompetansehjulet (Kjell Søby) blir brukt for å illustrere at "En digital skolehverdag krever en helhetlig tilnærming som setter IKT og digital kompetanse inn i en større sammenheng som en integrert del av skolereformen". Kompetansehjulet er eit godt arbeidsreiskap i arbeidet med å integrere IKT i skulen.
Arbeidet med integreringa av IKT i skulen heng i stor grad saman med i kva grad skuleleiinga er involvert i prosessen og framdrifta. For at dette arbeidet skal lukkast, må ein lyfte det frå "ildsjel til institusjon".
ITU Monitor har opna eit verktøy for skuleleiarar som kan støtte arbeidet deira i integreringa av IKT. Ved å nytte seg av ITU Mentor skal dei kunne bruke dette verktøyet for å kartlegge og forbetre kapasiteten sin når det gjeld pedagogisk bruk av IKT. Dette skal vere med på å heve skulen sitt strategiske og pedagogiske arbeid, slik at elevane får auka læringsutbytte.
Del og Bruk er eit nettverk for lærarar, pedagogar, forskarar, m.fl. med interessere for sosial web, IKT og skule. Del, øk og bruk din digitale kompetanse, saman er vi smartare, er det dei jobbar for.
NDLA- Nasjonal Digital LæringsArena er eit initiativ frå alle fylkeskommuner der målet er å leggje tilgjengeleg frie læringsmiddel til vidaregåande skular.
PLUTO - Program for LærerUtdanning, Teknologi og Omstilling er eit avslutta prosjekt. Hovudmålet med dette prosjektet var å utvikle nye pedagogiske og organisatoriske modellar for tilrettelegging og gjennomføring av studie- og læringsvirksomheit der IKT utgjer ein substansiell del.
IKT-ABC er eit rettleiingsprogram i praktisk pedagogisk strategiarbeid, retta mor skuleleiarar. IKT-ABC skal hjelpe til i arbeidet med målretta og realistisk strategi for skuleutvikling. Digital kompetanse er den 5. grunnleggjande ferdigheita som skal integrerast som ein naturleg del av grunnopplæringa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar