Viser innlegg med etiketten Endring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Endring. Vis alle innlegg

onsdag 7. oktober 2009

Mappeoppgåve 1

Mandag starta eg dagen med å løyse øvingsoppgåve som vart lagt ut i leksjonen. Eg valgte å løyse øvingsoppgåve 1 no, så får eg sjå når eg er ferdig med M1 om er tar øvingsoppgåve 2. Føler egentlig at det var ganske nyttig å løyse denne oppgåva i forarbeidet med M1. Fekk satt meg litt meir inn i det som er pensum, og leksjonane (igjen).
Tirsdag og onsdag har eg brukt dagane til å prøve å sette meg inn i dette med kompetansehjulet, og kva eg skal skrive artikkel om i M1. Eg har i grunnen landa på å skrive om kompetanseutvikling. Var å leita opp ei bok som var pensum frå i fjor, Ola Erstad; "Digital Kompetanse i skolen". Såg at Erstad vart referert i ein del av leksjonane, og ellers i det materialet som eg har funne om digital kompetanse, og kompetansehjulet.
Are oppretta eit dokument i GoogleDocs som han har delt med resten av gruppa. Dette har vi brukt til å skrive ein del kommentarar i. I dag føreslo Are at vi skulle opprette oss eit forum i Google, der vi kanskje kan "diskutere" i dette i staden. Han ville undersøke nærare og kome tilbake til dette. I morgon skal vi ha eit møte heile gruppa, får sjå om dette blir på Skype eller om det blir i eit forum.

mandag 5. oktober 2009

Øvingsoppgåve 1

Mediedidaktikk

” […] udgangspunktet for de fleste voksne håndtering af medier – uanset profession – [er]
deres egne medieerfaringer, hvilket ofte skaber ben med hensigtsmæssige og holdbare
løsninger” (Drotner 2003:10). Spørsmålet blir dermed kva slags kompetanseomgrep som
kjem til uttrykk i læreplanen.

Øvingsoppgåve 1:
Har de tenkt over dette i dykkar fag? Sjekk kva slags fokus
læreplanen i dine fag har på digital kompetanse – er det eit
kritisk eller kreativt fokus?

I mitt svar på denne oppgåva har eg valgt å konsentrere meg om læreplanen i norsk tegnspråk, og kva som står i læreplanen om å nytte seg av digitale verktøy. Mange timar i løpet av ein skuledag har eg ein til ein timar med ein døv elev på femte trinnet. Ellers der elev er inne i klassen i timane, blir det også gjennom meg at kommunikasjonen med andre elevar og lærarar skjer. Dette kan til tider bli veldig tungt, men det gjer også til at ein er nøydd til å finne forskjellige måtar å kommunisere på. Og ikkje minst ting som ein kan kommunisere om.
I læreplanen for norsk tegnspråk kan ein lese dette om å kunne bruke digitale verktøy:

Å kunne bruke digitale verktøy i norsk tegnspråk innebærer å kunne bevare og formidle et tegnet budskap til ulike grupper. Digitale verktøy kan brukes i bearbeiding og videreutvikling av språket i egne og andres tekster. Det innebærer nye muligheter i tegnspråkopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tegnspråktekster. Bruk av digitale verktøy innebærer å kunne benytte nye lærings- og kommunikasjonsarenaer over store avstander.

Eg vil seie at når det gjeld bruk av digitale verktøy i norsk tegnspråk, så er læreplanen kreativ. Det finnest mange nettsider med norsk tegnspråk, som kan nyttast på mange forskjellige måtar. Og det kan sjå ut som dei som har skrive kompetansemåla i dette "faget" er klar over akkurat det.
For ein døv elev er det ikkje så mange ein kan kommunisere med i det daglege, då det er sjeldant mange døve elevar i same skule. Då må ein vere kreativ i undervisninga slik at elevane får moglegheitene til å lære seg å avlese fleire forskjellige personar.
----------------------------------------------------------------------------------
UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå:
http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=995082&visning=4

søndag 4. oktober 2009

Øvingsoppgåve

"Er læraren flaskehalsen?"

Er læraren flaskehalsen i forhold til at elevane skal få den digitale kompetansen læreplanen og andre styringsmakter krev?

Grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidreg til utvikling av, og er ein del av fagkompetansen. Under finn du kva læreplanane seier om dei grunnleggjande ferdigheitene.

Å kunne uttrykke seg muntlig
Å kunne uttrykke seg skriftlig
Å kunne lese
Å kunne regne
Å kunne bruke digitale verktøy

Dette vil seie at elevane skal nytte seg av digitale media i skulen på lik linje med lese- skrive- og matematikkopplæringa, samt å uttrykkje seg muntleg.

I artikkelen i Aftenposten kan vi lese IT-parken til den norske skulen er blant den beste i verda. Det vart lagt til rette for at skulane skal nytte seg av data i alle fag kvar veke i skulen. Men til tross for dette ser ein at bruken av data i skulen har gått ned. Og det er verst i grunnskulen. I den vidaregåande skulen har elevane eigne pc'ar, og desse vert også nytta meir i den vidaregåande skulen. Problemet er at elevane manglar grunnleggjande ferdigheiter i data når dei kjem inn i den vidaregåande skule. Og dette er oppsiktsvekkande.

Eit problem kan vere at det frå høgste hold er bestemt at det skal vere slik, men ingen har gjort noko for å auke kompetansen til lærarane i grunnskulen.
Lærarane har ikkje nok kompetanse til å kunne nytte seg av dette i klasserommet. Usikkerheita om ting virkar slik som det skal, og om alle program ligg på alle maskiner når ein skal nytte seg av det, gjer at lærarane brukar unødig mykje tid på å leggje til rette for dette. Ein annan ting er at dei som er dataansvarlege i skulane, oftast er i full jobb som lærar i tillegg, og ikkje er tilgjengeleg når ein treng hjelp.

I Søby sin forskningsrapport kan ein lese at ein som lærar skal strebe etter å gi elevane fortrulege og gode søkjevanar i bruken av IT i skulen. Men kva då med lærarane som har sine innarbeidde rutinar i alle fag? Kven skal hjelpe lærarane til å bli fortrulege med dette, om ein ikkje vil gi lærarane kurs eller meir skule? I det minste kunne ein kanskje tenke seg at det hadde vore lurt å ansette ein lærar som hadde ansvar for dataundervisninga i samarbeid med klassestyrar? På denne måten ville ein lærar ha hovudansvar for at ting fungerar når det skal, samtidig som denne læraren hadde moglegheit til å gradvis byggje opp kompetansen både blant elevane og lærarane. Og denne "datalæraren" ville då neste år kunne byggje vidare på det som elevane tidlegare har lært, og undervisninga ville bli meir målretta. Eg tenker at om ein iallfall kan gjere dette dei to siste åra på barnetrinnet, så har elevane eit felles grunnlag når dei kjem inn i ungdomskulen.

Læraren er vel på mange måtar flaskehalsen i forhold til at elevane skal få den digitale kompetansen læreplanen og styringsmaktene krev. Men eg tenker at dei er ikkje flaskehalsen aleine. Skuleleiinga og kommunene er vel i stor grad også det, som ikkje legg til rette for å gi lærarane tryggheita og kompetansen som dei krev at lærarane skal ha. Eg meinar at ein må byggje opp denne kompetansen blant lærarane, og at IKT no må bli ein obligatorisk del i lærarutdanninga.

Definisjon av digital kompetanse:
Digital kompetanse er ferdigheter,
kunnskaper, kreativitet og holdninger som
alle trenger for å kunne bruke digitale
medier for læring og mestring i
kunnskapssamfunnet. (Søby,2005)

--------------------------------------------------------------------------------
Søby, M (2005): Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett] Tilgjengelig fra: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet - grep, Utdannings- og forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.utdanningsdirektoratet.no/grep/Grunnleggende-ferdigheter/