onsdag 22. april 2009

Video frå Nice

Då vi jobba med digital arena var eit av måla å produsere ein video i Picasa. Denne har eg publisert på YouTube. Det gjorde det også lettare for meg å publisere den på nettsida mi.
Dette er ein film som eg før har lasta opp gjennom bloggverktøy. No ville eg prøve ei anna tjeneste enn videofunksjonen i bloggen. Eit naturleg valg var då YouTube. I staden for å lage ein ny film valgte eg å nytte meg av den eg allereie hadde laga, og som ligg i bloggen min frå før. Litt kjedeleg kanskje, men dette var greit i forhold til publisering. Etter at videoen var lasta opp, gjekk eg inn på videoen og kopierte lenkja som ligg i ruta bak "embed". I redigeringsvinduet i bloggen valgte eg fana "rediger HTML", tok eit par linjeskift under teksta og limte inn.

1 kommentar: