Ja no er vi altså ferdige med samlingar i Volda på DKL102 studiet. Det har vore ei lærerik samling igjen:) Til forelesninga i går skulle vi lage til eit "skjema" med tre svake og tre sterke sider ved kvar mappeoppgåva. Så hadde Kjell delt oss inn i grupper på to og to. Vi skulle dele oppg. med kvarandre, og gi kvarandre tilbakemld på dei punkta som vi sjølve hadde satt opp. Det var lærerikt og skulle gi tilbakemld til andre, og ikkje minst å lese andre sine oppg.
I dag, fredag hadde vi besøk av Tor Arne Wølner. Han gjekk gjennom portefølje og mappemetodikk. Måloppnåelse og vurdering av dette. Veldig interresant. Siste delen av dagen skulle vi lage ein animasjonsfilm. Det første vi måtte gjere var å sette oss mål ved oppg. Så skulle vi lage eit manuskript, og ein storyline. Dette er det aller viktigaste å tenke på når ein skal lage ein animasjonsfilm. Så skulle vi ta bilda, då måtte vi passe på at vi ikkje skulle flytte på kamera. Viss var nøydde til å flytte på det, måtte vi tenke på at vi merka av kvar kamera hadde stått og sette det tilbake på same plass. Eg var på gruppe med Elena, og vi bestemte oss for eventyret reveenka. Vi fekk ein del problem undervegs, og kom ikkje heilt i mål. Lasta ned Image resizer når eg kom heim og endra på størrelsen på bilda, lagra dei i ei ny mappe og lasta dei inn i Windows Moviemaker. Eg har prøvd litt no i ettermiddag, men det ser ut til at Audacity ikkje vil samarbeide. Eg las inn heile eventyret i Audacity og det vart nesten fire min, men eg kan egentlig ikkje forstå at det er eit problem at det blir for langt som gjer at eg ikkje får det til heller. Men eg gir meg ikkje så lett. Skal nok kome inn ei lenkje her i bloggen min med ein animasjonsfilm etterkvart.:)
Omforent om merverdi? ..som flytskjema
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar