Siste veka har eg jobba mykje mappeoppgåve 3. Det var ein del tenking rundt kva for klassetrinn eg skulle velge å jobbe med. Eg enda opp på 10. trinn. Sat ein del å leste på kompetansemål og læreplanar før eg klarte å bestemme meg for det. Har vel egentlig jobba i to veker på Netviben. Laga først eit prøveeksemplar, som vart ein offentlig Netvibe. Hadde vel ikkje lest godt nok på leksjonane før eg gjorde dette. Så det enda med at eg måtte bruke ei anna epost adresse når eg skulle lage Netviben som skulle ligge ved oppgåva. Men det gikk bra til slutt. Noko anna som eg ikkje hadde gjort grundig nok var vel når eg skulle publisere Netviben min, då hadde eg jobba på ein privat lenge, og fekk litt problem når eg skulle publisere denne..
Ellers så har ikkje alle problem løyst seg heilt i GoogleDocs. Kvar gong eg skal levere ei oppgåve å ha med sidetal i innholdsfortegnelsen, så stemme ikkje dette, ære rot med sidetal. Men det stemmer på sjølve oppgåva, så eg får håpe at dette ikkje blir eit problem ved eksamensinnlevering.
Ellers har eg kika på oppgåvene som ligg ved leksjonane. Har ikkje heilt komt igong med dei, men det skal vel bli ei råd med det i påska vil eg tru.
God påske til alle som måtte lese dette :-)
Omforent om merverdi? ..som flytskjema
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar