Siste dagane har eg prøvd å få litt oversikt inn på alle leksjonane. Eg har fått ei oversikt over kvar leksjonar eg har svart på og kva eg ikkje har gjort noko med. Eg oppdaga et det som eg hadde gjort i Comic Life ikkje vart publisert, og no er det for seint. Trur eg hadde tenkt å skrive noko lurt (les pedagogisk) ilag med det som eg laga i ComicLife, og det vart vel gløymt. No må eg betale for å få jobbe i ComicLife.
Eg har også vore inn på nettsida mi, og ordna litt på den. Må vel begynne no viss alt skal vere greit til eksamensinnlevering.
Ellers har eg vore inn på medstudentar sine nettsider og bloggar og lest litt her og der. Ser at det er ikkje mange som kommenterer bloggane til kvarandre, så denne funksjonen i bloggen skulle vi vel vore meir aktive med? Trur eg har bestemt meg for kva Mappeoppgåver eg skal levere til eksamen. Men vil vente på tilbakemelding på M3 før eg bestemmer meg heilt. Skulle vel kanskje begynt å jobbe litt med utvalgsrefleksjonen også. Men det har eg vel god tid til :)
Omforent om merverdi? ..som flytskjema
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar