mandag 13. april 2009

Endring av header

No har eg leika meg litt med bileter, og laga meg ein eigen header. Eg har laga fleire forsjellige, ein til nettstaden min, og ein til bloggen min. Eg har brukt same bilete som utgangspunkt. Dette er eit bilete som er har teke sjølv i Nice av eit stort bibliotek. Dette skal liksom illustrere kunnskap (djup). Bileta var allereie lagra i Picasa albumet mitt, det neste eg gjorde var å opne Picnik og laste opp bilete her. No måtte eg prøve meg litt fram for å sjå kor stort biletet skulle vere. Eg kom til at bilete skulle vere 858 x 59 pxl. Då vart bilete slik at det vart ei fin overskrift både i bloggen og nettstaden min. Så redigerte eg bileta litt forskjellig frå blogg til nettstad. For å laste dette opp i nettstaden min, måtte eg gå inn på innstillinga, og endre utseende. Så gjekk eg inn på topptekst og endre logo. På bloggen var det bære sett inn bilete, og lim inn adressa til biletet og vips så var det der.

1 kommentar: