Øvingsoppgave 2:
Gi en kildekritisk vurdering av dette nettstedet: http://allaboutexplorers.com/
Hvordan vil du bruke dette nettstedet for dine elever i å lære dem om kildekritikk?
Kanskje kan dette gi deg noen ideer: http://allaboutexplorers.com/webquest/hunt_columbus.html - i å lage oppgaver.
Christopher Columbus page @ All About Explorers.com
Denne nettsida er laga av ei gruppe lærarar, for å lære studentar om bruken av internet. Sida innheld ein del fakta, men veldig mykje tull.
Det som er typisk for elevar når dei skal søkje etter noko på internett, er at dei skriv inn det dei søkjer etter i adresselinja. Stort sett så dukkar det opp noko som dei kan bruke då. Men er elevane flinke til å evaluere vekk det som ikkje er brukbart?
Denne nettsida er ikkje ei kilde eg ville brukt anna enn til å teste om elevane mine ville vere våken, og sjå alle dei graverande feil som ligg på denne sida.
Christopher Columbus page @ Zoom Explorers
På toppen av denne nettsida ligg deg moglegheiter for å melde seg inn og betale for medlemskapet. Denne sida er laga av EnchantedLearning.com.
Her ligg opplysningar om mange forskjellige oppdagelsesreisande i alfabetisk rekkjefølgje.
Denne nettsida må vere til å lite på. Her er det mange detaljerte opplysningar, og ein ser at det er lagt mykje arbeid i dette. Det er ikkje noko som er tilfeldig på denne nettsida. Alle oppplysningar er sett opp på ein oversiktleg måte. Det er lett å finne mykje informasjon om Columbus her.
Webquest: Dette var ein veldig god ide til korleis ein kan lage oppgåver til eigne elevar. Spesielt i tanken på å lære elevane å vere kildekritiske.
Etter å ha sett på denne sida, sit eg med ein følelse av at det er mykje likt Netviben som vi laga i Mappeoppgåve 3. Der vi allereie har lagt ut dei nettsidene som vi vil elevane skal nytte seg av. Det einaste som eg ikkje kjenner igjen er bruken av nettsider som ikkje er til å lite på. Det kunne faktisk vere ein idè å nytte seg av slike sider, for å sjå kor godt elevane faktisk les det som dei finn på nettet. Kor kritiske er elevane?
Oppgåve 3 om WOW veit ikkje eg. Eg er ikkje så glad i slike spel, så eg veit med meg sjølv at eg vil ikkje vere nøytral når eg skal skrive noko om ei slik nettside...
Omforent om merverdi? ..som flytskjema
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar