Eg har ordna litt på nettstaden min, og lagt lenkjer til alle øvingsoppgåvene som eg har gjort til no. Har so smått begynt å tenkje på utvalgsrefleksjonen, og kva eg skal skrive der. Såg i går kveld at vi skal skrive tre sterke og tre svake kommentarar til kvar mappeoppgåve som vi skal gjere klart for deling på samling i morgon. Dette har eg jobba med i dag, Men det er ikkje lett å skrive slike punkt, og ikkje bruke dei tilbakemeldingar som vi har fått. Derfor vart det veldig vanskeleg på M3 og skrive slike punkt. Men fordelen er at ein sett seg ned og les gjennom oppgåvene ein gong til :) Lest litt bloggar, og kika på nettstadar til medstudentar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar