Viser innlegg med etiketten Digital arena 2. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Digital arena 2. Vis alle innlegg

onsdag 22. april 2009

Video frå Nice

Då vi jobba med digital arena var eit av måla å produsere ein video i Picasa. Denne har eg publisert på YouTube. Det gjorde det også lettare for meg å publisere den på nettsida mi.
Dette er ein film som eg før har lasta opp gjennom bloggverktøy. No ville eg prøve ei anna tjeneste enn videofunksjonen i bloggen. Eit naturleg valg var då YouTube. I staden for å lage ein ny film valgte eg å nytte meg av den eg allereie hadde laga, og som ligg i bloggen min frå før. Litt kjedeleg kanskje, men dette var greit i forhold til publisering. Etter at videoen var lasta opp, gjekk eg inn på videoen og kopierte lenkja som ligg i ruta bak "embed". I redigeringsvinduet i bloggen valgte eg fana "rediger HTML", tok eit par linjeskift under teksta og limte inn.

torsdag 26. mars 2009

Geotagging av bileter

Her er eit eksempel på geotagging av bilete.
Klikk på bileta.



























Korleis gjorde eg det?
1. Legg til bilete i bloggen
2. Gå til http://maps.google.com
3. Skriv inn stedsnamn, trykk søk
4. Klikk på kobling som ein finn oppe i høgre hjørne ovanfor kartutsnittet
5. Kopier bildelenkja (ctrl+c)
6. Gå tilbake til bloggen, klikk på biletet slik at det blir merka
7. Klikk på ikonet for kobling
8. Lim inn kartlenkja (ctrl+v)


søndag 8. mars 2009

Samling i Volda, fredag 06.03.09

Samling i Volda 06.03.09 DKL102 v09

Kjell Antvort, Torbjørn Frantsen
Digital Arena 2

Pedagogisk programvare, spill som sjanger, spill i læring.

IKT i skulen, mest brukt som skriveverkstad, oppslagsverk, drillprogram. Skulane har brukt mykje tid på såkalla ped. programvare. Passar dette inn i det som eg har tenkt at borna skal lære?


Torbjørn Frantsen
Her er nokre notatar som eg tok under forelesninga.
Google SketchUp 7 dette er eit tredimensjonalt tegningsverktøy. Dette er eit program som ikkje skal vere så komplisert. 3D tegningsprogram som har ein del enkle verktøy. Utfordringa blir å lære seg å tenke tre dimensjonalt, når ein jobbar på pc er det vanleg å tenke to dimensjonalt. I matematikk er det ein fordel om ein får borna til å tenke tredimensjonalt. Visning av programmet... Lenke i leksjonen som blir lagt ut neste veke. Kostar ingenting for skulane å bruke dette programmet. Last ned gratis. I programmet er det få knappar å rote seg vekk i. Eit enkelt program som skal vere enkelt å bruke. Gode instruksar for korleis ein kan bruke dette programmet. Trur ikkje at dette skal by på språkproblem hjå dei minste borna, då ein har stort behov å nytte seg av menyane. Self paces tetorials, start drawing, velg tempoet sjølv. Bruk nettet om du står fast, steg for steg oppbygd. Verktøyet er delt inn i fleire kategoriar. Orbit funksjon, trykk ned skrolleknappen på musa. Då får du sjå det i frå forskjellige retningar. Move verktøyet, for å flytte på det som du teiknar. Push-Pull ta ei flat å drag den opp og ut og lag forskjellige figurar. Når du treff eit midtpunkt ser ein at linje blir blå, og ein ser også på skjermen når ein treff midtpunktet. Start operasjon, skriv lengda, og den ordnar seg sjølv. For å drage opp taket- trykk på move knappen - og løft opp. Takvinkel på eks 36 gr. gradeskive til å rotere eller lage hjelpelinjer. Plasser gradeskiva på linja, og skriv inn 36 grader.
Vi satt vel i tre timar å jobba med dette. Vi skulle teikne huset vårt. Det var ikkje lett. Eg vart vel ferdig med grunnmuren og kjellaren. Vart litt irritert når eg oppdaga korleis eg skulle sette inn vindauge og dører. For eg hadde ikkje gjort det slik, og eg kunne sikkert spart meg for mykje arbeid og irritasjon over vindauga som ikkje stod på linje slik som dei skal.
I dag søndag, begynte eg på nytt å gjere eit forsøk på å teikne huset mitt. Kom litt lenger i dag, på litt kortare tid. Men eg vil ikkje legge det inn her enda. Må prøve å få tak på huset mitt først.
Fredagen starta vi dagen med å presentere oppgåva som vi jobba med torsdag på samling. Vi hadde vore litt rundt omkring, og teke litt bilete som vi skulle geotagge. Her er ei lenkje til presentasjonen våra.

Samling i Volda

Torsdag var det samling i Volda igjen. Det var eit spennande tema torsdagen. Vi vart presenterte for GoogleEarth. Dette er eit kartprogram. Med dette programmet får vi vist geotaggede bilete. Ein annan kjekk ting som vi lærte var om Picasa 3. Her kan vi laga korte filmar. Det første eg gjorde når eg kom heim torsdag kveld, var å laste ned Picasa 3, og GoogleEarth. å prøvde eg å lage ein film i Picasa 3, frå ein tur vi hadde i fjor vår til Nice. Har gjort eit forsøk på å laste den inn i bloggen min, men den går liksom ikkje. Kun første bilete som viser. Så denne må eg prøve meg litt meir på. Skal vel få det til til slutt, håpe eg.