søndag 26. april 2009

Nettstaden min

Dei siste dagane har eg jobba med nettstaden min. Eg hadde alle oppgåve i boks, men det som eg ikkje hadde gjort etterkvart var å lenkje opp til bloggen min frå nettstaden. Eg har no laga undersider for kvart delemne, og lenka opp til bloggen eller til GoogleDocs der oppgåvene mine låg. Øvingsoppgåver til kvart enkelt delemne var heldigvis noko som eg har jobba etterkvart, så eg slapp noko skippertak no mot slutten.

onsdag 22. april 2009

Video frå Nice

Då vi jobba med digital arena var eit av måla å produsere ein video i Picasa. Denne har eg publisert på YouTube. Det gjorde det også lettare for meg å publisere den på nettsida mi.
Dette er ein film som eg før har lasta opp gjennom bloggverktøy. No ville eg prøve ei anna tjeneste enn videofunksjonen i bloggen. Eit naturleg valg var då YouTube. I staden for å lage ein ny film valgte eg å nytte meg av den eg allereie hadde laga, og som ligg i bloggen min frå før. Litt kjedeleg kanskje, men dette var greit i forhold til publisering. Etter at videoen var lasta opp, gjekk eg inn på videoen og kopierte lenkja som ligg i ruta bak "embed". I redigeringsvinduet i bloggen valgte eg fana "rediger HTML", tok eit par linjeskift under teksta og limte inn.

fredag 17. april 2009

Samling i Volda 16 og 17 april

Ja no er vi altså ferdige med samlingar i Volda på DKL102 studiet. Det har vore ei lærerik samling igjen:) Til forelesninga i går skulle vi lage til eit "skjema" med tre svake og tre sterke sider ved kvar mappeoppgåva. Så hadde Kjell delt oss inn i grupper på to og to. Vi skulle dele oppg. med kvarandre, og gi kvarandre tilbakemld på dei punkta som vi sjølve hadde satt opp. Det var lærerikt og skulle gi tilbakemld til andre, og ikkje minst å lese andre sine oppg.
I dag, fredag hadde vi besøk av Tor Arne Wølner. Han gjekk gjennom portefølje og mappemetodikk. Måloppnåelse og vurdering av dette. Veldig interresant. Siste delen av dagen skulle vi lage ein animasjonsfilm. Det første vi måtte gjere var å sette oss mål ved oppg. Så skulle vi lage eit manuskript, og ein storyline. Dette er det aller viktigaste å tenke på når ein skal lage ein animasjonsfilm. Så skulle vi ta bilda, då måtte vi passe på at vi ikkje skulle flytte på kamera. Viss var nøydde til å flytte på det, måtte vi tenke på at vi merka av kvar kamera hadde stått og sette det tilbake på same plass. Eg var på gruppe med Elena, og vi bestemte oss for eventyret reveenka. Vi fekk ein del problem undervegs, og kom ikkje heilt i mål. Lasta ned Image resizer når eg kom heim og endra på størrelsen på bilda, lagra dei i ei ny mappe og lasta dei inn i Windows Moviemaker. Eg har prøvd litt no i ettermiddag, men det ser ut til at Audacity ikkje vil samarbeide. Eg las inn heile eventyret i Audacity og det vart nesten fire min, men eg kan egentlig ikkje forstå at det er eit problem at det blir for langt som gjer at eg ikkje får det til heller. Men eg gir meg ikkje så lett. Skal nok kome inn ei lenkje her i bloggen min med ein animasjonsfilm etterkvart.:)

onsdag 15. april 2009

Øvingsoppgåve 2 Christopher Colombus

Øvingsoppgave 2:
Gi en kildekritisk vurdering av dette nettstedet: http://allaboutexplorers.com/
Hvordan vil du bruke dette nettstedet for dine elever i å lære dem om kildekritikk?
Kanskje kan dette gi deg noen ideer: http://allaboutexplorers.com/webquest/hunt_columbus.html - i å lage oppgaver.

Christopher Columbus page @ All About Explorers.com

Denne nettsida er laga av ei gruppe lærarar, for å lære studentar om bruken av internet. Sida innheld ein del fakta, men veldig mykje tull.
Det som er typisk for elevar når dei skal søkje etter noko på internett, er at dei skriv inn det dei søkjer etter i adresselinja. Stort sett så dukkar det opp noko som dei kan bruke då. Men er elevane flinke til å evaluere vekk det som ikkje er brukbart?
Denne nettsida er ikkje ei kilde eg ville brukt anna enn til å teste om elevane mine ville vere våken, og sjå alle dei graverande feil som ligg på denne sida.

Christopher Columbus page @ Zoom Explorers

På toppen av denne nettsida ligg deg moglegheiter for å melde seg inn og betale for medlemskapet. Denne sida er laga av EnchantedLearning.com.
Her ligg opplysningar om mange forskjellige oppdagelsesreisande i alfabetisk rekkjefølgje.
Denne nettsida må vere til å lite på. Her er det mange detaljerte opplysningar, og ein ser at det er lagt mykje arbeid i dette. Det er ikkje noko som er tilfeldig på denne nettsida. Alle oppplysningar er sett opp på ein oversiktleg måte. Det er lett å finne mykje informasjon om Columbus her.

Webquest: Dette var ein veldig god ide til korleis ein kan lage oppgåver til eigne elevar. Spesielt i tanken på å lære elevane å vere kildekritiske.
Etter å ha sett på denne sida, sit eg med ein følelse av at det er mykje likt Netviben som vi laga i Mappeoppgåve 3. Der vi allereie har lagt ut dei nettsidene som vi vil elevane skal nytte seg av. Det einaste som eg ikkje kjenner igjen er bruken av nettsider som ikkje er til å lite på. Det kunne faktisk vere ein idè å nytte seg av slike sider, for å sjå kor godt elevane faktisk les det som dei finn på nettet. Kor kritiske er elevane?

Oppgåve 3 om WOW veit ikkje eg. Eg er ikkje så glad i slike spel, så eg veit med meg sjølv at eg vil ikkje vere nøytral når eg skal skrive noko om ei slik nettside...
Eg har ordna litt på nettstaden min, og lagt lenkjer til alle øvingsoppgåvene som eg har gjort til no. Har so smått begynt å tenkje på utvalgsrefleksjonen, og kva eg skal skrive der. Såg i går kveld at vi skal skrive tre sterke og tre svake kommentarar til kvar mappeoppgåve som vi skal gjere klart for deling på samling i morgon. Dette har eg jobba med i dag, Men det er ikkje lett å skrive slike punkt, og ikkje bruke dei tilbakemeldingar som vi har fått. Derfor vart det veldig vanskeleg på M3 og skrive slike punkt. Men fordelen er at ein sett seg ned og les gjennom oppgåvene ein gong til :) Lest litt bloggar, og kika på nettstadar til medstudentar.

mandag 13. april 2009

Endring av header

No har eg leika meg litt med bileter, og laga meg ein eigen header. Eg har laga fleire forsjellige, ein til nettstaden min, og ein til bloggen min. Eg har brukt same bilete som utgangspunkt. Dette er eit bilete som er har teke sjølv i Nice av eit stort bibliotek. Dette skal liksom illustrere kunnskap (djup). Bileta var allereie lagra i Picasa albumet mitt, det neste eg gjorde var å opne Picnik og laste opp bilete her. No måtte eg prøve meg litt fram for å sjå kor stort biletet skulle vere. Eg kom til at bilete skulle vere 858 x 59 pxl. Då vart bilete slik at det vart ei fin overskrift både i bloggen og nettstaden min. Så redigerte eg bileta litt forskjellig frå blogg til nettstad. For å laste dette opp i nettstaden min, måtte eg gå inn på innstillinga, og endre utseende. Så gjekk eg inn på topptekst og endre logo. På bloggen var det bære sett inn bilete, og lim inn adressa til biletet og vips så var det der.

Den store reisen

Spørsmål og svar på "Den store reisen".


1. I hvilken by befinner Torvald seg?

Torvald er i Nairobi.


2. Hvilken by reiser Torvald til?

Torvald reiser til Washington D.C.


3. I hvilken by befinner Tine seg?

Tine er i Tromsø.


4. Hvilken by reiser Tine til?

Tine reiser til Reykjavik.


5. Hvilken elv skal Torvald passe seg for?

Han må passe seg for Potomac River.


6. Hvor finner han det blå rommet?

Det blå rommet finner han i Det Hvite hus.


7. Hva er det femkantede bygget?

Det femkantede bygget er Forsvarsdepartementet i Pentagon.


8. Tine skal se på en Heitapott, hva er det?

Ein Heitapott er eit utandørsbad.


9. Hva er den Gylne Sirkel?

Den Gylne sirkel er Thingvellir Nasjonalpark.


10. Hvilke fag kan du ta ved Globalskolen?

Ved Globalskolen kan du ta Norsk, samfunnsfag og KRL (RLE).


På kvafor måtar kan eit slikt nettspel styrkje elevane sin informasjonskompetanse?

Slike nettspel kan styrke elevane sin informasjonskompetanse på mange forskjellige måtar. For det første så må elevane vite kva sider dei skal søkje på. Kva sider er det som er truverdige, kven har skrive innlegga som dei finn på nettet? Elevane må vere veldig kritiske når dei skal finne slik informasjon, og det er noko som dei er nøydde til å øve seg på. Dersom elevane har slike oppgåver i lekser, vil dei samtidig får trening i å søkje på nettet.
På nokre av spørsmåla måtte eg faktisk leite på fleire nettsider før eg fann svar på oppgåva. Kanskje fordi eg visste at det første alternativet eg fekk opp var feil? Men veit elevane dette skal tru. Dei kan lett ta ting for å vere rett, og tru at alt dei finn på nettet er truverdig.

Eg trur at slike spel vil gjere elevane meir merksame og kritiske til kjelder.

søndag 12. april 2009

Siste dagane

Siste dagane har eg prøvd å få litt oversikt inn på alle leksjonane. Eg har fått ei oversikt over kvar leksjonar eg har svart på og kva eg ikkje har gjort noko med. Eg oppdaga et det som eg hadde gjort i Comic Life ikkje vart publisert, og no er det for seint. Trur eg hadde tenkt å skrive noko lurt (les pedagogisk) ilag med det som eg laga i ComicLife, og det vart vel gløymt. No må eg betale for å få jobbe i ComicLife.
Eg har også vore inn på nettsida mi, og ordna litt på den. Må vel begynne no viss alt skal vere greit til eksamensinnlevering.
Ellers har eg vore inn på medstudentar sine nettsider og bloggar og lest litt her og der. Ser at det er ikkje mange som kommenterer bloggane til kvarandre, så denne funksjonen i bloggen skulle vi vel vore meir aktive med? Trur eg har bestemt meg for kva Mappeoppgåver eg skal levere til eksamen. Men vil vente på tilbakemelding på M3 før eg bestemmer meg heilt. Skulle vel kanskje begynt å jobbe litt med utvalgsrefleksjonen også. Men det har eg vel god tid til :)

Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital skole

Fire veier til kvalitet
Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital skole
Af Tord Høivik

Den første veien er den vanskeligste - og samtidig den de fleste voksne tenker på når de snakker om informasjonssøking. Når skole-elever søker etter informasjon, bruker de først og fremst Google. De vet å surfe, men ikke å søke i bibliotekfaglig forstand.


Dette er vel i første omgong fordi elevane ikkje har lært seg noko anna, og det er veldig enkel måte å hente informasjonen på. Her kan TONE reglane vere in god huskeregel for elevane, og ein fin måte å stille seg sjølve kontroll spørsmål i forhold til nettsidene. T = Truverdigheit, O = Objektivitet, N = Nøyaktigheit, E= Egnethet. Men dei veit vel ikkje kva som er truverdig av den informasjonen som dei får inn. Dette er noko som dei må lære. Samtidig som dei må lære seg kildekritikk. Korleis henvise til kjeldene osv.


Det at bare rundt femten prosent av gruppa nevnte tradisjonelle oppslagsverk, seier vel litt om at dei veit for lite om dette. Gruppa som ville be om hjelp fra voksne, var like liten. Kanskje fordi dei fann eit svar ein plass på nettet, og dermed trur dei at det som ligg her er til å stole på?

I utgangspunktet dreier kildekritikk seg om å sikre kvaliteten på informasjon fra skriftlige kilder.
"Kvalitetssikring av nettbaserte ressurser er en oppgave for voksne fagfolk, ikke for skole-elever og ferske studenter."

"Derfor er det ikke nok at elevene kan surfe på nettet - de må også settes i stand til å finne kvalitetssikrede kilder. I skolens hverdag kan det i prinsipp skje på fire forskjellige måter: Ved å velge vevsteder av høy kvalitet når de søker på egen hånd."
Eg ser at om ikkje eg hadde dette studiet i ville eg ikkje vere i stand til å veilede elevane på nettet. Eg har lært utruleg mykje om kva som er lov og ikkje. Eg kjenner på at eg kunne ikkje undervist i IKT i skulen på ein god måte utan denne bakgrunnen som eg har fått gjennom studiet.

Dette vil ein kunne knytte opp mot oppgåva som vi hadde om Informasjonsnav. På denne måten vil ein kunne legge ut "sikre" sider for elevane som dei kan bruke i oppgåveløysing.
Denne sida kan ein endre på alt etter kva oppgåvelyden går ut på, og kva fag dei har oppgåve i. Ein vil heile tida kunne tilpasse sida.

For ungdommane er nettet først og fremst en sosial arena. Over nitti prosent av norske ungdommer er aktive brukere av MSN Messenger, rapporterer analysefirmaet Synovate MMI. Femtifire prosent bruke chatteprogrammer daglig. - Ungdom leser ... ikke nyhetsbloggene. De skriver for seg selv og sine nærmeste venner. . Lesing av hverandres blogger … har økt med 200 prosent det siste halvannet året (Aftenposten, 2007).
Dette viser at ungdommane nyttar seg av blogg, og at denne veien faktisk ikkje er så lang å gå. Dersom elevane skulle ha eit krav til å nytte seg av blogg i skulen, ville dei sikkert lese, og kommentere kvarandre sine bloggar. På denne måten vil dei også bruke meir tid på skulearbeidet, og reflektere og sette tankane ned på papiret.

Tord Høivik seier at :

"Det betyr at det ikke er elevene, men læringsformene og lærernes praksis som må tilpasse seg. Vi er ennå på prøvestadiet når det gjelder digital pedagogikk".
Dette er vel noko som vi som studentar i dette studiet har erfart sjølve no. Men som vi kanskje vil prøve å gjere noko med i arbeidslivet som lærarar. Sjølv ser eg iallfall nytten av digitale mapper/blogg. Dette å kunne nytte seg av andre sine bloggar, lese å erfare, at gjennom å gjere det så ser eg at nye pedagogiske tekstar blir til.
Vidare seier Tord Høivik at ein i skulen bør satse på generell opplæring i informasjonssøkjing og kjeldekritikk. Skulen bør sørge for trening og støtte til praktiske rutinar i skulearbeidet. Oppmerksomheita bør rettast mot læringens kretsløp og organiseringa av læreprosessen i ein kvardag der elevane har rik adgang på nettet og ressursane der. (Høivik, 2008 s. 35)

mandag 6. april 2009

Mappeoppgåve 3

Siste veka har eg jobba mykje mappeoppgåve 3. Det var ein del tenking rundt kva for klassetrinn eg skulle velge å jobbe med. Eg enda opp på 10. trinn. Sat ein del å leste på kompetansemål og læreplanar før eg klarte å bestemme meg for det. Har vel egentlig jobba i to veker på Netviben. Laga først eit prøveeksemplar, som vart ein offentlig Netvibe. Hadde vel ikkje lest godt nok på leksjonane før eg gjorde dette. Så det enda med at eg måtte bruke ei anna epost adresse når eg skulle lage Netviben som skulle ligge ved oppgåva. Men det gikk bra til slutt. Noko anna som eg ikkje hadde gjort grundig nok var vel når eg skulle publisere Netviben min, då hadde eg jobba på ein privat lenge, og fekk litt problem når eg skulle publisere denne..
Ellers så har ikkje alle problem løyst seg heilt i GoogleDocs. Kvar gong eg skal levere ei oppgåve å ha med sidetal i innholdsfortegnelsen, så stemme ikkje dette, ære rot med sidetal. Men det stemmer på sjølve oppgåva, så eg får håpe at dette ikkje blir eit problem ved eksamensinnlevering.
Ellers har eg kika på oppgåvene som ligg ved leksjonane. Har ikkje heilt komt igong med dei, men det skal vel bli ei råd med det i påska vil eg tru.

God påske til alle som måtte lese dette :-)