Viser innlegg med etiketten sammensatte tekstar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sammensatte tekstar. Vis alle innlegg

søndag 15. februar 2009

Sammensatte tekstar

Ooops! Har visst ikkje lest godt nok alle leksjonane. Synest eg har vore innom dei fleire gongar og lest dei godt også meinar eg. Men det er mange lenkjer som eg må kikke på og mykje å sette seg inn i. Så eg oppdaga altså i dag at eg skulle lage noko i Comic life og publisere det på nettsida mi. Same skulle eg gjere med Acid. Eg har no lasta ned begge to, og Comic life har eg også prøvd ut. Men utan å knytte opp i mot læreplanen. Så dette er noko eg må få gjort i løpet av veka tenkjer eg.
I dag har eg også oppretta meg skype. Det har ikkje eg gjort før. Men Linda føreslo at vi skulle møtest på Skype kl 1900 i morgon, og prate litt om M2. Det synest resten av gruppa var ein god idè. Så det blir spennande å høyre kva dei andre tenkjer om den.

lørdag 14. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Lest gjenom oppgåveteksta igjen. Vi har vore aktive inn på dokumentet som Karina oppretta, der har vi avtalt at vi skal møtast ein dag i vinterferien. Då vil vi prøve å definere oppgåva ilag. Vi skal forhåpentlegvis bestemme oss for kva klassetrinn vi vil konsentrere oss om. Og kva fag vi skal ha med i arbeidsplanen. Dette blir no ei tverrfagleg oppgåve, så fleire fag skal flettast inn. Vi har avtalt at vi vil møtast heime med Elena, då blir det kanskje litt lettare for Eva som må reise lengst.

onsdag 11. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Karina oppretta eit dokument som ho har delt med gruppemedl. i gruppe 3/rød. Eg og Linda har skrive kommentarar i dette dokumentet. I dag oppretta eg eit tankekart i Mindomo, som eg har delt med gruppa. Skreiv inn litt av dei tankane eg har hatt etter at eg leste oppgåvelyden, og leksjonane. Eg og Linda skreiv i dokument gruppe 3, at det kanskje var lurt at vi alle kunne skrive litt inn i tankekartet, før vi eventuelt møtest. Når alle har fått sett kva tankar dei andre gruppemedlemmane har, er det kanskje lettare å avgrense oppgåva når vi møtest fysisk. Såg i semesterplanen at vi har ei veke lenger på denne oppgåva. Sikkert fordi vinterferien kjem inn i denne perioda. Og det skal bli godt;)Snowstorm

tirsdag 10. februar 2009

Sammensatte tekstar

I dag las eg om igjen leksjonen som vi fekk i går. Og lasta ned xtranormal. Oppretta meg ein brukar, og laga min første film:) Det var faktisk ikkje vanskelig, så det hadde Kjell rett i. Eg prøvde litt forskjellig scener, og litt stemmer. Men sjølv om eg la til musikk, så kom ikkje den fram. Veit ikkje kva eg ikkje gjorde for å få fram det. Men den er altså ikkje for andre enda. Då må eg nok øve meg litt til først. Til å begynne la eg inn norsk tekst, og det gjekk ikkje bra. Vart veldig rart. Så det må nok bli engelsk ja. Då er det vel ikkje så vanskelig å tenke seg kva fag ein må prøve å flette inn i M2, viss dette skal vere ein del av oppgåva. Karina oppretta eit dokument i går som ho delte med gruppa. Vi bør vel prøve å få til eit møte snart, slik at vi kan begynne å tenkje på kva oppgåva skal handle om. Tenkte kanskje eg kunne opprette eit tankekart å dele med gruppa, så kan vi skrive inn tankar etterkvart som det skulle dukke opp.

mandag 2. februar 2009

Sammensatte tekstar

I dag har eg vore heime med sjuke Sofie. Så eg har egentleg fått gjort ganske mykje;) Har jobba ein del med M1 oppgåva. Prøvd å definere oppgåva, begynt å skrive på innleiinga, og ellers er det ganske mykje rot i dokumentet. Masse klipp og lim med lenkjer og anna styr og stell. Det er ganske mykje å lese, og sette seg inn i denne oppgåva. Ting som eg tidlegare ikkje har tenkt so veldig mykje på.
Lasta ned og skreiv ut leksjonen som vart lagt ut i dag. Vart no veldig nysgjerrig på denne comic life, så dette måtte også prøvast ut. Lasta ned og har lasta opp bilete, og laga til tenkjebobler, snakkebobler og ellers mange kjekke ting å gjere der ser eg. Det blir spennande å jobbe med dette. Ellers har eg lasta opp nye bilete i Picasa albumet mitt, vore innom Mindomo og tenkt enda meir på M1 oppgåva.