I dag las eg om igjen leksjonen som vi fekk i går. Og lasta ned xtranormal. Oppretta meg ein brukar, og laga min første film:) Det var faktisk ikkje vanskelig, så det hadde Kjell rett i. Eg prøvde litt forskjellig scener, og litt stemmer. Men sjølv om eg la til musikk, så kom ikkje den fram. Veit ikkje kva eg ikkje gjorde for å få fram det. Men den er altså ikkje for andre enda. Då må eg nok øve meg litt til først. Til å begynne la eg inn norsk tekst, og det gjekk ikkje bra. Vart veldig rart. Så det må nok bli engelsk ja. Då er det vel ikkje så vanskelig å tenke seg kva fag ein må prøve å flette inn i M2, viss dette skal vere ein del av oppgåva. Karina oppretta eit dokument i går som ho delte med gruppa. Vi bør vel prøve å få til eit møte snart, slik at vi kan begynne å tenkje på kva oppgåva skal handle om. Tenkte kanskje eg kunne opprette eit tankekart å dele med gruppa, så kan vi skrive inn tankar etterkvart som det skulle dukke opp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar