No har eg levert inn mappeoppgåve 1. Egentleg så tenkte eg at denne oppgåva ikkje var så vanskeleg. Men når ein skal begynne å skrive og må begrense seg heile tida i forhold til antal ord, så er det veldig vanskeleg å velje ut kva som er viktig å få med. Utruleg mykje stoff å setje seg inn i, og mange nettsider som har blitt lest i arbeidet med denne oppgåva. Reknar med at det er ting som må endrast på når eg får tilbakemelding, håper berre at eg ikkje har bomma heilt på oppgåva. No går vel lufta litt ut av meg igjen. Men det er vel berre å bite tenna saman. Ny oppgåve i morgon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar