mandag 23. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Denne helga har eg jobba med mappeoppgåva 2. Vi har hatt nokre nettmøter på skype også. Seinast eit møte i dag. No har vi fått oppklart ein del ting, og fordelt litt arbeidsoppgåver. Neste møte på skype skal vere torsdag føremiddag kl 11.00. I dag har eg jobba litt med comic life, og presentasjon i googledocs. Leita litt på nettet etter bilder, og klimt og limt ein del. Sammensatte tekstar er ein stor del av M2, og eg jobbar litt med dette i forhold til comic life, googledocs presentasjon. Vi har komt eit stykke på vei med oppgåva, og forhåpentlegvis klarer vi å kome i mål før vinterferien er ferdig. Har eit par andre leksjonar som eg må gjere ferdig også. Håpte at eg skulle klare det før ferien var over også. Pluss å bli ferdig med stua!!!! Så starta vi FERIEN BRA MED SJUKE BORN, så det spørs. Bære eg går klar!!! Lenkje til noke som såg veldig kjekt ut etter tips frå Karina: Wordle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar