Ooops! Har visst ikkje lest godt nok alle leksjonane. Synest eg har vore innom dei fleire gongar og lest dei godt også meinar eg. Men det er mange lenkjer som eg må kikke på og mykje å sette seg inn i. Så eg oppdaga altså i dag at eg skulle lage noko i Comic life og publisere det på nettsida mi. Same skulle eg gjere med Acid. Eg har no lasta ned begge to, og Comic life har eg også prøvd ut. Men utan å knytte opp i mot læreplanen. Så dette er noko eg må få gjort i løpet av veka tenkjer eg.
I dag har eg også oppretta meg skype. Det har ikkje eg gjort før. Men Linda føreslo at vi skulle møtest på Skype kl 1900 i morgon, og prate litt om M2. Det synest resten av gruppa var ein god idè. Så det blir spennande å høyre kva dei andre tenkjer om den.
Omforent om merverdi? ..som flytskjema
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar