I dag har eg vore heime med sjuke Sofie. Så eg har egentleg fått gjort ganske mykje;) Har jobba ein del med M1 oppgåva. Prøvd å definere oppgåva, begynt å skrive på innleiinga, og ellers er det ganske mykje rot i dokumentet. Masse klipp og lim med lenkjer og anna styr og stell. Det er ganske mykje å lese, og sette seg inn i denne oppgåva. Ting som eg tidlegare ikkje har tenkt so veldig mykje på.
Lasta ned og skreiv ut leksjonen som vart lagt ut i dag. Vart no veldig nysgjerrig på denne comic life, så dette måtte også prøvast ut. Lasta ned og har lasta opp bilete, og laga til tenkjebobler, snakkebobler og ellers mange kjekke ting å gjere der ser eg. Det blir spennande å jobbe med dette. Ellers har eg lasta opp nye bilete i Picasa albumet mitt, vore innom Mindomo og tenkt enda meir på M1 oppgåva.
Omforent om merverdi? ..som flytskjema
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar