fredag 27. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Denne veka har det vore vinterferie, og fri frå jobb. Ungane passar no det veldig bra til, og legg seg sjuke når vi får fri. Veldig kjekt;-) Men eg har no uansett fått jobba litt med M2. Vi har hatt nettmøte på skype, fordelt arbeidsoppgåver. Prata ilag, og prøvd å sy det saman. Vi slit med å jobbe samtidig i dokumentet, og det er veldig kjedelig. Det låser seg i tide og utide, får ikkje lagre, og mange timar med arbeid er vekkasta... Eg har skrive på eit avsnitt om blogging, digitale mapper, og pedagogiske tekstar. Eg har også jobba med eksempel på presentasjon, som vi tenkte å ha som vedlegg i oppgåva. Fekk ikkje til å laste opp den i dokumentet, så den blir eit vedlegg med lenkje. I dag har eg samarbeida litt med Linda (kontakt på msn), vi har samarbeida om oppsummeringa. Lasta ned vedlegga, satt dei i rett rekkefølgje. Linda har vel gjort det meste av jobben med å sy saman oppgåva. Men vi begynne å ser enden på denne oppgåva, og det er godt. Vi har iallfall jobba mykje med den...

mandag 23. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Denne helga har eg jobba med mappeoppgåva 2. Vi har hatt nokre nettmøter på skype også. Seinast eit møte i dag. No har vi fått oppklart ein del ting, og fordelt litt arbeidsoppgåver. Neste møte på skype skal vere torsdag føremiddag kl 11.00. I dag har eg jobba litt med comic life, og presentasjon i googledocs. Leita litt på nettet etter bilder, og klimt og limt ein del. Sammensatte tekstar er ein stor del av M2, og eg jobbar litt med dette i forhold til comic life, googledocs presentasjon. Vi har komt eit stykke på vei med oppgåva, og forhåpentlegvis klarer vi å kome i mål før vinterferien er ferdig. Har eit par andre leksjonar som eg må gjere ferdig også. Håpte at eg skulle klare det før ferien var over også. Pluss å bli ferdig med stua!!!! Så starta vi FERIEN BRA MED SJUKE BORN, så det spørs. Bære eg går klar!!! Lenkje til noke som såg veldig kjekt ut etter tips frå Karina: Wordle

søndag 15. februar 2009

Sammensatte tekstar

Ooops! Har visst ikkje lest godt nok alle leksjonane. Synest eg har vore innom dei fleire gongar og lest dei godt også meinar eg. Men det er mange lenkjer som eg må kikke på og mykje å sette seg inn i. Så eg oppdaga altså i dag at eg skulle lage noko i Comic life og publisere det på nettsida mi. Same skulle eg gjere med Acid. Eg har no lasta ned begge to, og Comic life har eg også prøvd ut. Men utan å knytte opp i mot læreplanen. Så dette er noko eg må få gjort i løpet av veka tenkjer eg.
I dag har eg også oppretta meg skype. Det har ikkje eg gjort før. Men Linda føreslo at vi skulle møtest på Skype kl 1900 i morgon, og prate litt om M2. Det synest resten av gruppa var ein god idè. Så det blir spennande å høyre kva dei andre tenkjer om den.

lørdag 14. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Lest gjenom oppgåveteksta igjen. Vi har vore aktive inn på dokumentet som Karina oppretta, der har vi avtalt at vi skal møtast ein dag i vinterferien. Då vil vi prøve å definere oppgåva ilag. Vi skal forhåpentlegvis bestemme oss for kva klassetrinn vi vil konsentrere oss om. Og kva fag vi skal ha med i arbeidsplanen. Dette blir no ei tverrfagleg oppgåve, så fleire fag skal flettast inn. Vi har avtalt at vi vil møtast heime med Elena, då blir det kanskje litt lettare for Eva som må reise lengst.

onsdag 11. februar 2009

Mappeoppgåve 2

Karina oppretta eit dokument som ho har delt med gruppemedl. i gruppe 3/rød. Eg og Linda har skrive kommentarar i dette dokumentet. I dag oppretta eg eit tankekart i Mindomo, som eg har delt med gruppa. Skreiv inn litt av dei tankane eg har hatt etter at eg leste oppgåvelyden, og leksjonane. Eg og Linda skreiv i dokument gruppe 3, at det kanskje var lurt at vi alle kunne skrive litt inn i tankekartet, før vi eventuelt møtest. Når alle har fått sett kva tankar dei andre gruppemedlemmane har, er det kanskje lettare å avgrense oppgåva når vi møtest fysisk. Såg i semesterplanen at vi har ei veke lenger på denne oppgåva. Sikkert fordi vinterferien kjem inn i denne perioda. Og det skal bli godt;)Snowstorm

tirsdag 10. februar 2009

Sammensatte tekstar

I dag las eg om igjen leksjonen som vi fekk i går. Og lasta ned xtranormal. Oppretta meg ein brukar, og laga min første film:) Det var faktisk ikkje vanskelig, så det hadde Kjell rett i. Eg prøvde litt forskjellig scener, og litt stemmer. Men sjølv om eg la til musikk, så kom ikkje den fram. Veit ikkje kva eg ikkje gjorde for å få fram det. Men den er altså ikkje for andre enda. Då må eg nok øve meg litt til først. Til å begynne la eg inn norsk tekst, og det gjekk ikkje bra. Vart veldig rart. Så det må nok bli engelsk ja. Då er det vel ikkje så vanskelig å tenke seg kva fag ein må prøve å flette inn i M2, viss dette skal vere ein del av oppgåva. Karina oppretta eit dokument i går som ho delte med gruppa. Vi bør vel prøve å få til eit møte snart, slik at vi kan begynne å tenkje på kva oppgåva skal handle om. Tenkte kanskje eg kunne opprette eit tankekart å dele med gruppa, så kan vi skrive inn tankar etterkvart som det skulle dukke opp.

søndag 8. februar 2009

Mappeoppgåve 1

No har eg levert inn mappeoppgåve 1. Egentleg så tenkte eg at denne oppgåva ikkje var så vanskeleg. Men når ein skal begynne å skrive og må begrense seg heile tida i forhold til antal ord, så er det veldig vanskeleg å velje ut kva som er viktig å få med. Utruleg mykje stoff å setje seg inn i, og mange nettsider som har blitt lest i arbeidet med denne oppgåva. Reknar med at det er ting som må endrast på når eg får tilbakemelding, håper berre at eg ikkje har bomma heilt på oppgåva. No går vel lufta litt ut av meg igjen. Men det er vel berre å bite tenna saman. Ny oppgåve i morgon.

mandag 2. februar 2009

Sammensatte tekstar

I dag har eg vore heime med sjuke Sofie. Så eg har egentleg fått gjort ganske mykje;) Har jobba ein del med M1 oppgåva. Prøvd å definere oppgåva, begynt å skrive på innleiinga, og ellers er det ganske mykje rot i dokumentet. Masse klipp og lim med lenkjer og anna styr og stell. Det er ganske mykje å lese, og sette seg inn i denne oppgåva. Ting som eg tidlegare ikkje har tenkt so veldig mykje på.
Lasta ned og skreiv ut leksjonen som vart lagt ut i dag. Vart no veldig nysgjerrig på denne comic life, så dette måtte også prøvast ut. Lasta ned og har lasta opp bilete, og laga til tenkjebobler, snakkebobler og ellers mange kjekke ting å gjere der ser eg. Det blir spennande å jobbe med dette. Ellers har eg lasta opp nye bilete i Picasa albumet mitt, vore innom Mindomo og tenkt enda meir på M1 oppgåva.