Ifølge læreplanar og kunnskapsløftet skal multimedier spele ei stor rolle i skulen, fordi utviklinga av ei mediebestemt verden er ei sentral utfordring for skulen, som den bør ta stilling til. Skulen er den einaste plassen i samfunnet der ein kan sikre at alle får ei brei mediekompetanse. Dersom ikkje skulen gjer det, vil unge stille ulikt ute i samfunnet. Dette vil skade både den økonomiske og den demokratiske likheita i samfunnet. Dersom elevane våre ikkje beherskar IKT teknisk og analytisk, skaper vi forskjellar, på unge som skal ut i arbeidslivet.
Det er viktig å tenke på at IKT gir oss andre og heilt nye spennande moglegheiter, der vår kunnskap kan oppdaterast raskt. Dette har betydning på alle livets områder.
Ein viktig ting som kom fram i undersøkelse gjort i forskjellige skular, var at lærarane seier at elevane nyttar PC i klassen opp til fleire gongar i veka. Når same spørsmål vart stilt til elevane, var resultatet heilt noko anna. Elevane seier at dei ikkje nyttar IKT i alle fag, men berre i tradisjonelle fag, og i nokre tilfeller seier dei at dei nyttar IKT ein til to gongar i året. Dette er oppsiktsvekkande i denne digitale verden som vi lever i. Og det at resultatet mellom elevar og lærarar sprikar slik, seier vel at lærarane ikkje vil innrømme at dei ikkje nyttar eit verktøy som dei er pliktige til å lære opp elevane til å bruke. Prinds seier at han definerar dannelse og kvalifikasjonar slik at elevane bør ha større ansvar for eigen læringsprosess, og skulen som heilheit.
Det har på globalt plan skjedd eit paradigmeskifte, slik at man i høgare grad legg vekt på læring enn på undervisninga.
Ein skal tenke over å ta hensyn til livslang læring, der mennesker skal kunne lære heile livet, sjølv om der ikkje er ein lærar i nærleiken.
Når forskarar og lærarar t.d. arbeidar med å utvikle IKT-software, blir dei tvinga til å tenke gjennom korleis ein lærer. Derfor set bruken av IKT læringsteoriar på dagsordenen.
Kva konsekvensar har læringsteoriar for undervisninga?
Prinds meinar at desse læringsoppfattelsane har forskjellige konsekvensar for organiseringa av læringsprosessen i skulen. Teoriane vil i stor grad peike mot at elevane skal lære meir sjølvstendig, og ha ansvar for eiga læring.
Situated learning: vil implisere erfaringsbasert undervisning, basert på problemorientert prosjektundervisning.
Mesterlæreprinsippet: vil kreve arbeidsformer der elevane trenar fagleg viten og ferdigheiter i tett samarbeid med læraren.
Sosial læring: vil medføre at undervisninga tek utgangspunkt i langvarig gruppearbeid med læraren som konsulent.
Konstruktivisme: her er det ein meir generell og overordna teori, legg stor vekt på prosessen i læringa, og byggjer på at elevane arbeidar sjølvstendig.
Prinds seier vidare at det er viktig å huske på at vi har individuell læringsstil. Elevane er forskjellige med tanke på kva måtar dei lærer på. Nokre elevar er auditive, andre skal skrive alt ned for å forstå det (slik som eg), andre igjen skal uttrykke det med ord. Også slik som eg, gjerne prate om teorien, då huskar eg iallfall litt bedre kva som er hovudelementa i teorien...
Det er viktig å tenke på at i eit klasserom vil der alltid sitte nokon som er frustrerte. Det er spesielt dei som er "treige" og dei som er "flinke".
Vidare i denne boka "Rum for Læring" siterar Prinds mange utanlanske forelesarar om at ein bør leggje om undervisninga i skulen. Dette for at elevane sjølve skal kunne sjå bedre si eiga læring. Det er viktig med læringsmål, og at elevane er oppmerksame på desse. Læraren skal legge til rette for at elevane skal kunne lære sjølve, og at lærarane skal vere ein koordinator for elevane.
Aufenanger meinar at utgangspunktet for å endre skulen er å forbedre læreprosessen.
Han legg stor vekt på at elevane skal lære å utøve sjølvaktivitet og sjølvstendigheit, og at lærarane skal hjelpe elevane med å løyse problem og på ein hensiktsmessig måte. Dette betyr at lærar- og elevrolle endrast, slik at læraren blir ein mentor.
- Læring i klasserommet der klassefellesskapet skal fastholdast som ein uunnværleg del.
- Den individuelle læringsprosess bør tilpassast den enkelte elev sin læringsstil og læringsstrategi.
- Den kooperative læreprosess med gruppearbeid og prosjekt- og problemorientert undervisning.
Prinds har sett på ein modell som er utarbeida av Erling Petterson. Petterson jobbar med lærarutdanning, og har delt læreprosessen i tre rom som liknar på Aufenangers oppfattelse. Desse tre romma er: Undervisningsrommet - Treningsrommet - Studierommet
Prinds er ikkje heilt enig med Petterson i hans arbeid med dette, men har sjølv definert dette litt annleis. Eg vel i min refleksjon å berre sjå på Prinds måte å gjere dette på, då det er lett å bli litt forvirra av kva som er kva, og kven som meinar kva.
Undervisningsrommet:
Her arbeidar lærar og elevar i fellesskap med stoffet. Det er i undervisningsrommet at kjernestoffet og kjerneferdigheitene i ei undervisning blir formidla. Samtidig som det foregår ein dialog mellom elev og lærar. Undervisninga kan foregå som elev- og lærar opplegg, gjennomgang av tekstar, trening på grammatikk, diskusjonar og samtalar og mindre gruppearbeid. Målet med denne læringa vil primært vere formidling av nytt stoff og dialog om stoffet. Det fysiske rommet vil som oftast vere klasserommet.
Treningsrommet:
Her arbeidar elevane individuelt eller i grupper med å dei faglege ferdigheitene dei har oppnådd i undervisningsrommet. Elevane arbeidar i eige tempo, lærer utfrå eigen læringsstil og styrkar sine personlege eigenskapar. Læraren trenar eleven og stiller spørsmål. Minner litt om VØL skjema som vi nyttar i skulen. Målet med denne måten å organisere arbeidet på er å trenge djupare ned i eit stoff som er blitt presentert i undervisningsrommet. Det fysiske rommet kan vere eit klasserom, grupperom, gang, bibliotek, edb-lokalet.
Studierommet:
Her arbeidar elevane i grupper med autentiske emner og problemstillingar frå det virkelege liv i form av case, prosjekter og tverrfaglege prosjektarbeid. Elevane skaffar seg informasjon frå t.d. databaser eller ved å kommunisere med andre. Læraren er konsulent, og sørgar for at læringssituasjonen er meiningsfull og har utfordringar, samtidig som læraren er ansvarleg for at prosessen kjem i gong og har progresjon. Målet er at elevane lærer å håndtere komplekse saker, løyse problem og ta valg.
Teorien om dei tre romma er eit forsøk på å beskrive forskjellige moglegheiter for å organisere læringsprosessen. Spørsmålet er om dette er ei adekvat kategorisering. Ein skal vere oppmerksom på at forskjellige elevarbeidsformer kan tilhøyre fleire rom. Heimeforbereding kan tilhøyre alle tre romma, på den måten at alle tre romma kan kreve at elevane skal forberede seg, enten på skule eller heime. På same måte kan skriftleg arbeid høyre til i alle rom. Det same kan gruppearbeid. Formålet med desse tre elevarbeidsformene avgjer i kvafor eit rom dei blir plassert i.
Desse tre romma kan vere det same fysiske rommet. Eg vil også sei at eg trur desse romma til ei viss grad blir nytta i alle skular, men ein har ikkje namn på desse romma. Det er også heilt sikkert at om ein skal ta hensyn til alle elevane i eit klasserom, bør ein arbeide meir med prosjektarbeid og gruppearbeid. Då får elevane eit mykje større ansvar sjølve, og det viser seg i mange tilfeller at elevane veit godt korleis dei skal finne informasjon, og veit også korleis dei skal bruke den informasjonen dei finn. Eg er altså på mange måtar enig med Prinds om at elevane må få eit større ansvar for eiga læring. Ein annan ting er at ein bør jobbe for å få rutine rundt elevane sine refleksjonar, for at dei skal finne ut kva som er deira beste måte å lære på. For det trur eg ikkje alle veit.
Noko som er eit viktig poeng i arbeidet med dei tre læringsromma er bruken av pc. Dette skal vere eit verktøy som er tenkt brukt i mykje større grad enn det er i dag. På denne måten vil dei fleste elevane finne den måten som dei best tileignar seg kunnskap. Eit anna viktig poeng er at læraren vil bli meir frigjort til å kunne hjelpe dei svake elevane meir. Dette kan dei gjere fordi dei sterke elevane veit kva som er poenget at dei skal lære, og veit også korleis dei skal tileigne seg denne kunnskapen. Problemet med prosjektarbeid er at svake elevar treng mykje veiledning, og slikt arbeid er vanskeleg for desse. Svake elevar krev ofte velstrukturerte undervisningsformer.
Prinds har sett på nokre modellar som han synest er interessante i forhold til å auka elevane si bevisstheit. Desse programma skal på eit vis tvinge elevane til å tenke på kva dei vil vite? Kva dei vil lære? Kvifor dei vil lære det? Prinds s. 52
Dette kjem innunder eit program som heiter "Thinking Land". Er dette viktig? Det overordna målet med å nytte seg av eit slikt program eller liknande som PEEL, er å skape nokre læreprosessar som får elevane til å auke si bevisstheit rundt eiga læring. Samtidig som elevane skal bli i stand til å ta kontrollen over si eiga læring.
I kapittel 3 er det mykje snakk om studie på gymnas, og noko om universitet. Her kjem Prinds med ein del eksempel på kva som kan vere aktuelle program, og forskjellige måtar å gjere dette på. Han kjem også inn på nokre eksamensformer, både skriftleg og muntlege, og korleis IKT kan nyttast i desse formene.
Føler at kapittel 3 som kjem inn på ein del program og eksamensformer, ikkje er så veldig aktuelt for meg. Dette har eg berre skumlest no. Men eg veit at det ligg der, og kan ta det fram igjen om eg skulle sjå at får behov å vite noko meir om dette.
Ser også at det er ein del om opptrening av søk på internett, og korleis elevane skal lære seg kildekritikk. Dette er noko som lærarane må ta steg for steg med elevane. Og ein bør begynne denne opptreninga allereie i barneskulen.
Synest det har tatt evigheiter å lese gjennom denne lenkja til Prinds som var lagt ut i 3. leksjon i dette delemnet. Eg for min del treng å skrive ein del notatar for å huske det eg les, så det har blitt ein oversetting til norsk det som eg har lest. Men eg ser heilt klart at her er ganske mange poeng som det er viktig å ta med i M3. Og det er ikkje vanskeleg å skulle flette denne teorien inn i oppgåva.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Lenkje til Prinds kapittel 1-3
Mykje interessant i dine tankar kring det Prinds tek opp. Du har heilt rett i det at skulen bør "digitalisere" sine elevar slik at alle kan eit visst minimum i alle fall av det som trengst for å verte eit digitalt gangs menneskje når dei forlet "dei tre klasseromma"...
SvarSlett