lørdag 3. oktober 2009

Samling 1. og 2. oktober

No har vi vore på første samling i Volda.
Torsdag var det Kjell som hadde første forelesning. Tema var Digital kompetanse. Han presenterte eit program for oss som heiter Qik. Vi vart delt i grupper og skulle sjå moglegheitene ved bruk av dette i skulen gjennom eit pedagogisk opplegg. Kva scenarier kan vi sjå for oss når elevane har tilgong til produksjonsutstyr, infrastruktur og program for produksjon av video/bileter.
Moglegheiter:
Gruppa vår kom fram til at det var store moglegheiter for samarbeid med andre, gjerne då med tanke på andre skular, i andre land. Kan gjerne knytte dette opp mot faget engelsk, eller andre framandspråk.
Dei kan dokumentere arbeid. Gjennom gruppearbeid kan ein ofte ha behov for å dokumentere arbeidet ein gjer, og at ein faktisk har gjort det ein skal når ein skal gjere det.
Det gir elevane moglegheiter til å dele tekst (utan papir), dele informasjon, og samhandling.
Moglegheiter for kommunikajson med lærar. Dette kan vere ein stor fordel for dei "usynlege" elevane.

Utfordringar:
Elevane kan filme undervisninga og legge dette ut på nett.
Elevane tek ikkje alltid hensyn til at andre ikkje vil ut på nett, eller kan pga religion o.a.
Elevane tek ikkje alltid hensyn til åndsverklova, personvernlova og andre ting ved publisering. Kven sitt ansvar er det viss dette blir gjort i skulen? Var eit spørsmål som vart stilt.

Han kom også litt inn på kompetansehjulet, men dette skulle vi kome nærare innpå på forelesninga fredag.

Fredag starta Synnøve Hedemann Amdam forelesninga "Innføring i media literacy mediakompetanse og mediedidaktikk".
Tema var i stor grad kompetansehjulet, og ho tok for seg den ytterste delen av hjulet.
Kristin Bakke Sæterås tok over etter lunsj, og ho hadde fokus på den innerste delen av kompetansehjulet.
Faktorar for digital kompetanse i opplæringa med fokus på den 5.
Læraren er flaskehalsen: elevane lærer mindre og vi risikerer at ein stor andel av elevane står utan basisfedigheiter når dei kjem til vidaregåande skule. Desse elevane vil få ein unødig tøff overgang til vidaregåande, for der skal dei bruke datamaskina i oppgåveløysinga.
Skjer dette fordi læraren ikkje har fagleg kompetanse, eller er alderen på lærarstaben so høg at det er like før dei skal gå av med pensjon? Og derfor ikkje har ressursar nok til å tileigne seg den digitale kompetansen dei treng for å kunne undervise i dette i skulen? Dette skulle vi kome tilbake til, men det trur eg ikkje vi gjorde.
Eit spørsmål som dukka opp var om det var skilnad på eleven og læraren sin kompetanse?

Ein kan tenke seg læraren som er genuint interessert, som vil bruke dette i alle fag, og som klarer å overføre dette til klasserommet.

Så kan ein tenke seg læraren som ikkje har kunnskap nok til å klare å ta dette verktøyet med inn i klasserommet.

Så kan ein tenke seg ein annan arbeidsplass der data er i bruk. Kan ein velge der å ikkje bruke dette verktøyet?
Spørsmålet er då om ein i skulen kan velge å ikkje bruke dette verktøyet? Kva gjer ein så fall med elevane?
Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper og holdninger ved bruk av digitale medier som verktøy i læreprosessen, for mestring og for lære å lære ( Karlsen og Wølner, 2006:20)

mandag 28. september 2009

Digital kompetanse

I dag har eg prøvd å lese gjennom teorien som vart lagt ut i dag. Fekk lest gjennom leksjonen som Kjell har skrevet, og begge avisartiklane som var lenkja til i leksjonen. Begynte også på den lengre artikkelen som var lenkje til, men denne må eg skrive ut å lese på papir. Blir so sliten av å lese på dataskjermen. Skal skrive ei oppsummering når eg har fått lest gjennom alt. Såg at dette også er tema på samling torsdag i Volda. Så det kan kanskje vere greit å vente med å skrive innlegget i bloggen til etter samlinga. Gleder meg til samlinga no, skal bli kjekt å få møte dei som ein skal studere saman med:)

torsdag 24. september 2009

Test

Dette innlegget er ein del av øvingsleksjonen som vi skulle gjere i denne leksjonen. Bloggen hadde eg frå før, då vi oppretta den i DKL102. Denne bloggen vart brukt som ein studieblogg/arbeidsmappe etter jul.

søndag 13. september 2009

Header

Ser det at no står det feil overskrift på bloggen min. Dette må eg gjere noko med, men det betyr at eg er nøydd til å finne igjen det bildet som ligg i headeren min å endre den der. Det orka eg ikkje å gjere akkurat no, får ta det igjen litt seinare.

cecilie: Reiseskrinet mitt :)

cecilie: Reiseskrinet mitt :)

mandag 7. september 2009

Studiestart 2009

I dag kom første leksjon DK103. Denne har eg fått lest igjennom i dag. E håpar på at eg skal klare å jobbe med leksjonane etterkvart som dei kjem inn, og iallfall same veke som vi får dei. Det skal iallefall vere målet mitt denne hausten. Så får vi håpe at eg då er i forkant slik som Kjell sa i leksjonen. Øvingsoppgåve i innføringsleksjonen var at vi skulle skrive eit innlegg i Forum, det har eg også gjort i dag. Eg er spent på kva arbeidsmappe vi skal ha i år. Håper at vi skal fortsette med bloggen, i og med det var det vi jobba med siste halvår. Det er greit med alt som ein slepp å sette seg inn i på nytt. Har også tidlegare vore inn å sett på informasjonsnavet som Kjell har laga. Det er også ein veldig oversiktleg og grei måte å jobbe på. Spesielt det at ein kan legge inn alt det ein treng på ein plass, og slepp å operere med mange sider på ein gong.

søndag 26. april 2009

Nettstaden min

Dei siste dagane har eg jobba med nettstaden min. Eg hadde alle oppgåve i boks, men det som eg ikkje hadde gjort etterkvart var å lenkje opp til bloggen min frå nettstaden. Eg har no laga undersider for kvart delemne, og lenka opp til bloggen eller til GoogleDocs der oppgåvene mine låg. Øvingsoppgåver til kvart enkelt delemne var heldigvis noko som eg har jobba etterkvart, så eg slapp noko skippertak no mot slutten.