torsdag 13. mai 2010

Innlevering

Medlemene i DKL104 gruppe 2 har i dag torsdag 13. mai, på Kristi Himmelfartsdag, komme i mål med den første delen av vårens IKT-eksamen. Vi har laga ein film på fire minutt. Vidare har vi skrive ein eksamensrapport som er godt under 4000 ord, som var maksgrensa.

I samband med filmprosjektet og rapportskrivinga har vi brukt mange timar saman. Vi har stort sett vore samde om vegen vi skulle gå. Det har vore både utfordrande, kjekt, lærerikt, arbeidskrevjande og veldig sosialt å lage ein film om sosial web-bruk. Gruppa har fungert godt i lag, og alle har bidrege til at vi har komt i mål med denne delen av eksamensinnleveringa. No må vi berre forberede oss kvar for oss til den munnlege delen av eksamen:)

Vi takkar også ektefellene våre for toldmodet dei har vist oss i denne hektiske perioden. Vi har hatt eit godt samarbeid og synest det har vore kjekt å vere høgskulestudentar i mogen alder.

Då attstår framleis ein viktig del av studiet: Munnleg eksamen torsdag 27. mai. Vi ynskjer alle på kullet vårt lukke til med "vårens vakraste eventyr" = les pensumlesinga framover. Takk til Kjell Antvort for inspirasjon, entusiasme, faglege oppdateringar og ikkje minst velvilje. Takk også til dei andre førelesarane våre. Vi har vorte digitalt danna ved Høgskulen i Volda - og vi er stolte av det!

søndag 2. mai 2010

Fortsatt eksamensarbeid :)

No har eg vore innom bloggen til Hjørdis og kika, og synest at den var så fin med mange bilder, så no må eg også pynte litt i bloggen min:)
I tillegg har Morten gjort heilt ferdig filmen og lagt den i dropbox, og eg vart så glad når eg såg den. Den vart veldig bra, og eg synest at vi har fått fram alt som vi hadde tenkt i manus. Det var litt spennande om det ville kome fram kva kompetansemål unge når gjennom å nytte digitale verktøy heime, og det synest eg heilt klart at vi har fått til å vise.

Som eg har skreve i eit tidlegare innlegg i bloggen, var det filmdag heime hjå meg fredag 30. april. Her står vi og går gjennom storyboard og manus før vi skal filme ei scene ved kjøkkenbordet. Inger-Marlen er mi eldste datter, og som de ser på kleda så er ho russ no.


Under ser vi bilete av dei to andre døtrene mine som syntest det var veldig urettferdig at berre Inger-Marlen skulle få vere med i filmen. Så då måtte selfølgeleg dei også få kvar si rolle i filmen. Karoline spelar engelsk kusine, og måtte snakke engelsk på Skype med Inger-Marlen. Og det gjekk veldig bra.


Men det var no då urettferdig for Sofie, så ho måtte få lov til å sitte ved middags- bordet.






Mellom regnbygene fekk vi stikke ned på bade stranda å filme dei scenene som var tenkt der. Her riggar vi opp utstyret, medan Hjørdis er fotograf.










Her sit Hjørdis, Erling og Morten og ser gjennom kva vi har gjort, og kva som står igjen.

Vi hadde ein veldig kjekk dag, og alt gjekk veldig fint. Vi velger å tru at det gjekk så bra fordi vi hadde planlagt dette godt, og hadde gjort ferdig både produksjonsplan og storyboard som vi har erfart er veldig nyttig å ha.







lørdag 1. mai 2010

Eksamensarbeid

Gruppa er i rute:) Vi følg tidsskjema som vi sette opp i prosjektplanen, og der stod det filmiinnspeling på planen fredag 30.04.
Gruppa møttest heime med meg denne fredagen for å spele inn film. Vi såg litt mørkt på veret ei stund, då det hølja ned ei periode, og vi skulle spele inn nokre utescener. Det letta heldigvis opp ei lita stund, så vi kunne ta opp scenene på badestranda. Vi hadde på førehand laga manus, storyboard og produksjonsplan. Det ser vi er veldig nyttig å ha når ein skal spele inn ein film. I produksjonsplanen skriv vi ned scenene som skal takast opp på kvar enkelt plass, slik at vi slepp å fare fram å tilbake heile tida. Det gikk på skinner nok ein gong, og vi vel å tenke at det er god planlegging som gjer at dette går greit.
Mi eldste datter skulle spele hovudrolla i filmen vår denne gongen. Dette valgte vi å gjer for å få filmen til å sjå mest mogleg realistisk ut. Ho er midt i russetida, og skulle då selfølgeleg på russefest i går, natt til 1. mai. Så vi var spente på om vi fekk til alle scenene slik som vi tenkte det skulle bli. Og det gjorde vi. Ho var kjempeflink, og vi slapp å gjer mange opptak av kvar scene. Vi valgte å ta opp alle scenene som ho skulle vere med i først, så kunne vi ta dei andre scenene etterpå, slik at ho kunne få fare.
Vi fekk tatt alle opptaka, og grovredigerte filmen denne fredagen. Vi fekk også lagt til noko musikk, og vi reknar med at filmen blir ferdig ganske snart.
Vi har så vidt begynt å skrive på prosjektrapporten, og har fortsatt igjen to veker å jobbe med denne. Gruppa føler at vi har god kontroll og oversikt over kva som skal gjerast, og vil prøve å fordele litt arbeidsoppgåver til skrivinga, og noko vil vi ta i fellesskap på Skype.