Forelesning 04.02.10
Foreleser: Kjell Antvort og Torbjørn Frantsen
Vi fekk ein kort presentasjon av eit presentasjonsverktøy som kan erstatte eks powerpoint. Dette verktøyet heiter Prezi. Har ikkje hatt anledning enda til å sjå nærmare på dette, men det skal eg vel få tid til etterkvart.
Aviary - Creation om the fly: Verktøy for å lage musikk, her kan vi faktisk lage ein podcast frå grunnen av. Korleis få tak i opphavsklarert materiale til bruk i oppgåvene og ikkje minst til eksamen. Her kan vi fade inn og ut og få lyden til å gå få den eine til den andre høgtalaren.Dette verktøyet brukte vi på denne samlinga, for å lage eit høyrespel. Det var mange forskjellige lydar og mykje opphavsklarert musikk som vi står fritt til å bruke. Det var kun her vi fann alt som vi trengte til å lage podcasten til samlinga.
Sjølv har eg ein del problem med å nytte dette verktøyet. Holdt på ganske lenge med å prøve å laste opp ei lydfil i Aviary, men fekk det ikkje til. Men når eg gjorde det på ei anna maskin heime, så gikk det bra. På mi maskin har eg Windows 7, og eg lurer på om det kan vere det som er problemet.
Ellers kom vi ein del inn på kva som:
Kva særmerker radio?
Det handlar om å høyre, ikkje om å sjå.
Inspirerande for innleving, førestelling og stemningsskaping.
Kva handlar journalistikken om? Sakleg, objektiv og stemningslaust
I nyheitsformidling er det eit ønske at nyheitsopplesarane skal vere "stemningslause", det som er meint er at ein ikkje bli forstyrra av denne personen, eller at ein skal kunne tolke noko på ein feil måte.
Å skape stemning - å formidle stemning er viktig - ein skal kunne skape bilete gjennom ord og lydar. Det er viktig å kunne skape stemning, dette gir tillit og held oppe publikumstalet. Kva kan ein gjere for å skape den stemninga ein vil ha i kommunikasjonen. Kva lydar kan ein legge til, eller kvar kan ein gjere forskjellige opptak for å skape den stemninga ein ønskjer.