Forelesning 05.02.10
Foreleser: Kjell Antvort og Torbjørn Frantsen
Fortsetter arbeidet med podcasten. Hjørdis har gjort ein kjempejobb i natt medan vi andre sov. Så i dag har Morten arbeida med å leite etter lydar og lagt desse i dropboxa. Magnar har satt ting litt i system, og gjort heilt klart kva som er roller. Eg har arbeida med å skrive inn i teksta kvar dei forskjellige lydane skal inn. Erling arbeidar med å få til ein spanande slutt. Dette arbeidet skal vere ferdig til presentasjon kl 13.00 for resten av klassa.
Etter at vi hadde jobba ferdig "manus", fekk vi gå bort i studioet. Her fekk vi ei kort innføring i korleis dei forskjellige tinga virka. Vi gjorde ferdig opptaket vårt i studio. Når vi kom tilbake vart alt satt inn i Aviary, både innlest fil, og lydane vart satt inn på dei plassane som det var tenkt. Det viste seg at det var begrensningar på dette på 6 min. Så vi var altså nøydde til å kutte vekk slutten til presentasjonen. Men med kreative Morten gikk det bra til slutt:) Han la alt inn i Audacity, og fekk satt inn slutten, så då vart det happy ending til slutt.
Veldig kjekt på samling, og utrulig lærerikt. Såg at dette er noko som eg må øve meg på iallfall.
Skal legge inn ei lenkje til høyrespelet vårt i bloggen min.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar