Øvingsoppgåve 1, Informasjonskompetanse 2.
Tankekart av Jeanette Tranberg, over ulike web 2.0 verktøy
I denne figuren under vil du se noen av de viktigste web 2.0-verktøyene som alle har et pedagogisk potensiale ved seg. Ta en grundig titt på dem og reflekter på bloggen din.
- Hvilke bruker du i dag?
- Hvilke har du hørt om?
- Hvordan kan de brukes inn mot elevenes læring?
VideoYouTube: Dette er eit verktøy eg nyttar meg av sporadisk. Kanskje fordi eg har høyrt om noko morosamt, eller fått ei lenkje til ein video her.
GoogleVideos: Dette er eit verktøy eg har høyrt om, men som eg ikkje har nytta meg av i noko stor grad. GoogleVideos er ikkje aktuelt lenger, då Google har kjøpt opp YouTube. GoogleVideos kunne ikkje konkurrere med YouTube, og hadde store problemer med å kome inn på markedet.
LydEigenprodusert: Eg har gjennom studiet blitt kjent med programmet Audacity. Her skulle vi produsere ei lydfil. Laste opp musikk som vi skulle legge i bakgrunnen, og lese inn ei lydfil. Dette er eit verktøy som er enkelt i bruk, og ikkje noko problem for elevane å lære seg. Ein kan nytte seg av dette programmet i nesten alle fag i skulen. Eg ser at det kan vere ein stor fordel i leseopplæringa, hjå svake lesarar og i engelsk. Her vil elevane kunne lese, lytte og øve på uttale av ord og uttrykk.
Podcast: Lydfila som eg laga i forbindelse med oppgåva vi hadde før jul, lasta eg ned som ei MP3 fil. Denne publiserte eg, slik at andre kunne laste den ned, og lytte til den. Då har eg også laga ein podcast. Når elevane kan lage ein podcast av relevante tema i skulen, og andre kan laste dette ned, vil det vere til store nytte for andre lærande. Det kan vere eit nyttig hjelpemiddel for elevane. Det kan også vere ein til stor nytte elevane sine digitale mapper/blogg innlegg.
BokmerkerDel.icio.us:
GoogleNotebook: Er eit verktøy eg har nytta meg av i stor grad. Her legg eg inn lenkjer til materiale som er nyttig for meg. Spesielt i forbindelse med nye mappeoppgåver, då blir det mange nye sider og lenkjer. Då er det greit å vite kvar ein finn dette igjen.
Bloggroll: Dette er eit verktøy som eg aldri har høyrt om eller nytta meg av. Men eg kan tenke meg at dette er omtrent det same som GoogleNotebook og Del.icio.us. Vi finn vel alle våre måtar og verktøy å hjelpe oss med, og nokon nyttar seg av dette.
Tankekart
Mindomo: Dette verktøyet har eg nytta meg av i studiet. Ein flott måte organisere oppgåver på. Her får ein sette ting system, og rydde litt i tankane.
FreeMind: Dette har sett på, men eg likte best Mindomo og har derfor nytta meg av det.
Begge desse er til stor fordel for elevane. Kan nyttast i alle fag, lærer elevane seg dette vil dei ha stor nytte av det. Det er også bra at ein kan legge inn lenkjer i tankekartet, og dei vil kunne ha alt på ein plass.
Bilder
Picasa:Eg har nytta meg av Picasa nettalbum. Det er her eg lagrar mine bileter. Her har eg oppdatert til Picasa 3.0. I dette programmet har eg også laga film, men denne fekk eg ikkje til å laste opp i bloggen min. Kan det vere fordi den er for stor? Har ikkje heilt gitt opp det enda, skal prøve litt til.
Flickr: Eg har lasta ned dette programmet, men eg har ikkje sjølv nytta meg av det.
Ser at dette kan vere nyttige program i skulearbeidet. Her kan elevane laste ned bilete frå nettet, eller ta bilete sjølve og redigere dei. Dette er eit nytig verktøy i stort sett alle fag, der ein jobbar med samansette tekstar.
Tekst
Blogg: Dette er eit verktøy eg nyttar meg av i studiet. Eg hadde ikkje ein eigen blogg før dette semesteret. Dette er eit verktøy eg ser for meg å ha nytte av sjølv når studiet er ferdig. Eit nyttig verktøy med tanke på refleksjon, spesielt i studiet. Nyttig å lese andre sine bloggar i mange tilfeller der ein står fast, eller tviler på noko i forhold til studiet. Dette er vel det som vi les så mykje om i Høiland og Wølner, "Nye pedagogiske tekstar".
Wiki: Eg har nytta meg av dette som eit oppslagsverk, i arbeid med oppgåver. Her må ein vere kritisk i forhold til kva ein nyttar seg av. Gjerne sjekke opp kven som har publisert kva på wikien. Dette må ein vere flink å formidle til elevane i deira arbeid.
GoogleDocs: Dette nyttar eg meg av så å seie dagleg. Eg hadde ikkje noko kjennskap til GoogleDocs før dette studiet, men ser heilt klart at programmet har det som eg treng, og elevane i skulen har nytte av. Det er eit ypperleg redskap i forhold til samskriving i tekstdokument, og ved samarbeid med oppgåver. Spesielt fordi elevane kan skrive i same dokument, på same tid.
SyndikeringAtom: Dette har eg aldri høyrt om før, og altså ikkje nytta meg av heller.
RSS: Dette har eg nytta meg av i bloggen min. Dette vil vere eit nyttig verktøy i skulen, der ein som lærar kan hjelpe elevane til å velge "riktige" rss i forhold til oppgåver og kva som kan vere kjekt å få opplysningar om. Her kan eg vel referere til siste leksjon, der informasjonen kan kome til oss, og vi slepp å drukne i nettsider, og rote oss heilt vekk i alle dei moglegheitene vi har på nettet.
Sosiale nettverkFacebook: Dette er det einaste av dei nemnte sosiale nettverk som eg kjenner til. I tillegg til facebook, har eg skype og msn. Skype og msn har vi i gruppa nytta oss av i gruppearbeid i studiet.
MySpace, Ning og Linkedin: Myspace har eg høyrt om, men aldri nytta meg av. Dei andre har eg aldri høyrt om før.