søndag 15. mars 2009

Oppgåve1, Tenkjeverktøy

Hei og god kveld!!
Karina og eg valde å samarbeide om denne oppgåva, fordi vi trengde å setje ord på/rydde i//få bekrefting på tankane våre.
Etter mykje leiting og prøving på eit utal
 lenkjer til pedagogiske sider vi har funne utfrå leksjonar m.m., har vi endeleg klart å plassere dei nokonlunde i Hutchings kube, viss vi har oppfatta det rett. Vi kan slå fast at alt vi har jobba med dette skuleåret kan plasserast under CSCL (Computer-supported collaborative learning). Dette meiner vi er nivå 2 i kuba.

Programvare/medie/læringssituasjon som kan hjelpe oss å gjere kvalifiserte val ut fra måla med læringsarbeidet (
i planlegging/utføring)sett utfrå Koschmans teoriar - plasserte i Hutchings kube (slik vi oppfattar det:))


Biletet er henta frå 
http://www.ascilite.org.au/conferences/melbourne01/pdf/papers/koschmannt.pdf 

Ein tenkjer seg Koschmanns teoriar plasserte på den raude pila i Hutching kube (frå nivå 1 (passiv lærarstyrt elev)  til  nivå 2 (aktiv, krativ elev med kontroll).
Desimalvalet er noko tilfeldig og ikkje teoretisk begrunna :))


Biletet er henta frå tenkjeverktøy2-leksjonen. 
Nivå 1:_Computer-Assisted Instruction (CAI)
kalkulator/rekne-/skrivemaskin (dei første hjelpemidla)
Nivå 1,3: 
Information Processing Theory (ITS) (70-tal): 
Mons og Marte/Formel/Multi (matte): Automatiskering, overlæring og mange repetisjonar. 1 til 1. Desse programma gir tilbakemelding om rett/feil svar, Gir ikkje hjelp eller rettleiing i kva som må til for å kome farm til eit rett svar. Dei legg ikkje vekt på å hjelpe elevar til beherske eller forstå matematikk betre. Repetisjon og alternativ arbeidsform for elevar som treng drill/variasjon. Dette er den typen ein finn flest av når ein leitar etter pedagogiske spel frå 80-talet.
Dei læremidla som ligg ute på forlaga er i stor grad av denne typen.
Nivå 1,5: http://4567skole.no/
 Ein nettressurs, der elevane kan vere både aktive og passive.
Nivå 1,7: Logo-as-Latin (tenkeverktøy/mindomo):
Døme her er: Bridge Building Game,  Google Earth/Sketchup.
Eleven er aktiv, ikkje rett/gale-tilbakemeldingar, oppdagings-læring (learning by doing), refleksjon og erfaring. Dels nivåbasert.
Nivå 2. Computer-supported collaborative learning (CSCL) (datastøtta samarbeidslæring)
Google oppslagsverk (søkemotor), GoogleDocs (norsk/data/samskriving), Blogg/digitale mapper/LMS, nettstadar/nettavis/podcast/Wikipedia/Wiktionary/Wikibøker/Wikispaces. Elevane kan vere initiativtakar, interaktiv, kommunikativ, redaktør, produsent, gi/få respons/tilbakemeldingar frå medelev/lærar.

Vi er spente på kva M3 vil by på av utfordringar, og håpar det er ei spennande oppgåve som ein lett forstår poenget med, som kan inspirere til arbeid/læring og utvikling av digitale ferdigheiter.
God natt frå oss! :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar