mandag 19. april 2010

Prosjekplanen

Vi fekk utdelt oppgåva til prosjektplanen og eksamensoppgåve tirs 6. april. Denne dagen reiste eg på leirskule til Dombås ilag med 70 6. klassingar. Vi hadde på førehand avtalt eit skype-møte søndagen etter, slik at vi alle hadde litt tid på oss til å lese gjennom dette, og kanskje kome med forslag til kva som kunne vere eksamensoppgåva vår.
I utgangspunktet hadde vi tenkt at vi skulle levere same filmen som til A3, med justeringar og redigeringar om nødvendig. Vi hadde eigentleg tenkt at vi kunne spele denne filmen inn på nytt slik at vi alle skulle få betre læring utav dette med film. Men kriteria til film hadde endra seg til eksamen, slik at vi fann ut at vi ville lage ein ny film.
I den "nye" filmen tenkte vi at vi skulle få til å flette inn fleire kompetansemål, og også få flette inn ein del som har vore vårt pensum gjennom studiet. Vi har fordelt arbeidsoppgåvene gruppa i mellom, og har hatt nokre skype-møter for å gå gjennom dette fellesskap også. Ein del av oppgåvene i prosjektplanen er felles-oppgåver, og vi treng også å gå gjennom dette til presentasjonen på samling tors. 22. april.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar