torsdag 29. april 2010

Eksamensarbeid

Vi hadde vår siste samling i Volda 22. og 23. april. Då skulle vi presentere prosjektplanen som vi hadde forberedt. Denne fekk vi godkjent same dag, og kunne starte planlegginga av eksamensprosjektet vårt.
Vi bestemte egentlig ganske tidlig at vi ville ha film til eksamensinnleveringa. Ein strek i rekninga var at denne oppgåva skulle endre seg til sjølve eksamensinnleveringa, men vi holdt på vårt, og bestemte oss for å lage ein ny film. Målet med denne filmen var å få flette inn kompetansemåla i kunnskapsløftet, og fleire av delemna som vi har vore innom gjennom studiet. Dette for å vise litt av kva vi har lært i studiet, og også for å vise at det er mogleg å nytte dette i skulesamanheng.
Vi har denne veka jobba med manus, storyboard og opptaksplan. Vi har nytta prosjektplanen som vi hadde laga på førehand, og følgt denne ganske bra. På planen står det at vi skal nytte fredag 30.04 og laurdag 01.05 til å spele inn filmen. For at filmen skal vere mest mogleg realistisk, har vi bestemt oss for å få eldste døtra i til å spele hovudrolla i filmen. Ho er russ og då selfølgeleg midt i russetida akkurat no, men skal vere tilgjengeleg for oss denne fredagen:) Vi satsar på å få spele inn scenene med henne først på fredag, så kan vi jobbe med det andre utan henne. Vi håpar på solskin og at alt skal gå etter planen:)

mandag 19. april 2010

Prosjekplanen

Vi fekk utdelt oppgåva til prosjektplanen og eksamensoppgåve tirs 6. april. Denne dagen reiste eg på leirskule til Dombås ilag med 70 6. klassingar. Vi hadde på førehand avtalt eit skype-møte søndagen etter, slik at vi alle hadde litt tid på oss til å lese gjennom dette, og kanskje kome med forslag til kva som kunne vere eksamensoppgåva vår.
I utgangspunktet hadde vi tenkt at vi skulle levere same filmen som til A3, med justeringar og redigeringar om nødvendig. Vi hadde eigentleg tenkt at vi kunne spele denne filmen inn på nytt slik at vi alle skulle få betre læring utav dette med film. Men kriteria til film hadde endra seg til eksamen, slik at vi fann ut at vi ville lage ein ny film.
I den "nye" filmen tenkte vi at vi skulle få til å flette inn fleire kompetansemål, og også få flette inn ein del som har vore vårt pensum gjennom studiet. Vi har fordelt arbeidsoppgåvene gruppa i mellom, og har hatt nokre skype-møter for å gå gjennom dette fellesskap også. Ein del av oppgåvene i prosjektplanen er felles-oppgåver, og vi treng også å gå gjennom dette til presentasjonen på samling tors. 22. april.