Det vart skreve ei novelle som vi utarbeida til manus. Manus har vi no jobba med og skreve ei detaljert dreiebok, og så vidt starta på storyboard. I dreieboka har vi skreve ned korleis vi skal filme, kva vinkel det skal filmast frå, og om det skal vere nærbilete, ultranærbilete, totalbilete osv. Vi har skreve ned kvar filmen skal takast opp, og når.
Gruppa har planlagt at vi skal filme på førstkomande søndag i Ørsta. Og at vi alle reiser til Stranda neste helg for å redigere filmen heime med Morten, fordi han har bedre utstyr til å få gjennomført dette heime. Vi gleder oss alla saman til å sjå det ferdige resultatet. No har vi vel alle saman danna oss eit bilete av korleis det kjem til å bli :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar