onsdag 27. januar 2010

Podcast, Øvingsoppgåve

Gruppa har komt i gong med arbeidet med A1. Morten som gruppeleiar har oppretta ein timeplan, der gruppemedlemmane skriv inn når det passar for oss å møtast på Skype. Magnar, Morten og Hjørdis hadde eit møte på Skype i går kveld. Dei snakka då gjennom oppgåva og skreiv ned ein del ting som dei delte med heile gruppa. I dag fekk heile gruppa til å møtast, og vi sat i eit par timar og fekk i grunnen gjort ganske mykje. Vi starta med å i fellesskap laste ned Pamela recorder på maskinene våre, og gjorde eit kort opptak av samtalen som vi hadde.
Denne lydfila henta eg opp i Audacity, og gjorde denne om til ei Mp3 fil. Fantastisk bra lydkvalitet faktisk, av telefonsamtalen vår, så noko anna redigering er ikkje nødvendig. Denne lydfila skal eg no prøve å hente inn i bloggen min.