I dag kom første leksjon DK103. Denne har eg fått lest igjennom i dag. E håpar på at eg skal klare å jobbe med leksjonane etterkvart som dei kjem inn, og iallfall same veke som vi får dei. Det skal iallefall vere målet mitt denne hausten. Så får vi håpe at eg då er i forkant slik som Kjell sa i leksjonen. Øvingsoppgåve i innføringsleksjonen var at vi skulle skrive eit innlegg i Forum, det har eg også gjort i dag. Eg er spent på kva arbeidsmappe vi skal ha i år. Håper at vi skal fortsette med bloggen, i og med det var det vi jobba med siste halvår. Det er greit med alt som ein slepp å sette seg inn i på nytt. Har også tidlegare vore inn å sett på informasjonsnavet som Kjell har laga. Det er også ein veldig oversiktleg og grei måte å jobbe på. Spesielt det at ein kan legge inn alt det ein treng på ein plass, og slepp å operere med mange sider på ein gong.