mandag 26. januar 2009

Sosial web/Mappe 1 oppgåva

I dag har gruppa vore samla på Bergsøy skule. Vi oppretta eit nytt tankekart i Mindomo, som vi begynte å fylle ut. Vi prata ein del om M1 oppgåva, og kva er problematikken? Vi kom vel til at vi må dele opp oppgåveteksta, og ta et trinn for trinn. Oppgåva er vel eigentleg ikkje så vanskeleg, viss ein klarer å bestemme seg for kva for sosiale web ein skal ta med, og klare å finne pensum å knytte dette opp i mot. Spesielt i forhold til kva som kan nyttast i undervisning.

søndag 25. januar 2009

Sosial web

No har eg i fleire dagar jobba med denne artikkelen. Eg har lest, lytta og reflektert. No kom eg til at eg kan ikkje bruke meir tid på dette. Det er ei obligatorisk oppgåve, men den tel ikkje for nokon karakter. Så no la eg den inn, og håpar at den er grei nok. I dag vil eg sette meg meir inn i M1 oppgåva. Gruppa skal møtast i morgon, og jobbe meir med tankekartet. Då håpar eg at ting fell litt meir på plass, og at eg kjem ordentleg i gong med M1.

Sosial web, eit potensielt utdanningsverktøy

Sosial web, eit potensielt utdanningsverktøy
Michael Wesch vs Neil Selwyn


Sosial Web, kva er det?
Sosial web, også kalla web 2.0 er alle nettfenomen som støttar opp om kontakt mellom folk. T.d. facebook, msn, e-post, flickr m.fl.
Nye nettsamfunn blir ofte starta opp i minoritetsgrupper. Dette er ikkje tilfeldig, då dette er grupper som søkjer informasjon.
I nettsamfunn kan ein få alt i ett: mail, tv, album, shoppe, nyheiter, chatte, blogg osv.
Jenter er definert som ei gruppe som vanlegvis heng etter. Men slik er det ikkje i nettsamfunn, og det viser seg at nettet har blitt ein del av det daglege livet.
Det nye med desse fenomena, er at brukar vekslar mellom å vere mottakar og leverandør. Dette er ikkje noko ein vanlegvis lærer elevane å bruke. Mange av desse verktøya er nye, og elevane veit korleis dei skal navigere i dette. Men elevane har ikkje utvikla idear om korleis dette kan utnyttast som del av deira eigne læringsstrategiar. Dersom vi som lærarar skal kunne ta på oss denne oppgåva, må vi som lærarar kjenne til desse verktøya.

To forskarar ved navn Michael Wesch og Neil Selwyn er begge opptatt av korleis sosiale media fungerar i skulen. Dei har ulikt syn på bruk av sosial media i undervisninga, der Wesch er positiv, og Selwyn meir kritisk til bruk av sosiale media i skulen.

Michael Wesch har brukt sosial web i si undervisning, og er positiv til bruken av dette i skulen. Han meinar at dette kan ha god innverknad på læringa. Studentane hans visste ingenting om korleis dei kunne bruke sosial web i undervisninga.
Michael Wesch seier også i sitt foredrag at elevane hans har uttalt, at dei strevar med å sjå betydninga i utdanninga si. Det største problemet med utdanning i dag er å få studentane til å sjå viktigheita sjølve. Studentane synest det er vanskeleg å tilegne seg kunnskap. Informasjon er sjeldan og vanskeleg å finne, og elevane stolar på at informasjonen dei får i skulen er god. Det studentane er mest opptatt av i undervisninga er, kva får vi på prøva? Kor langt må vi skrive?
Wesch meinar at det er ein stor fordel å tillate elevane å skape ein arena for deltakelse der dei kan sjå at dei har moglegheitene til å ha innflytelse på den begynnende/komande media omgivelse.
Han oppretta ei slik plattform for sine studentar. Her hadde han sørga for å ha med alt han trudde kunne vere av betydning for studentane. Denne plattforma inneheld facebook, googlenews, wiki, video, moglegheitene til å tagge forskjellige ting, og å kunne dele med klassa.
Studentane brukar wiki til å tå notatar frå forlesningane. Han seier at han sjølv har slutta heilt å legge ut sine forelsningar, dette gjer elevane sjølve. No får han sjølv også moglegheita til å reflektere over kva han har sagt, og korleis dette blir oppfatta.

Neil Selwyn vurderar sosial web og læring i eit kritisk lys
Neil Selwyn er sosiolog og arbeidar på London Knowledge Lab. Han forskar på digitale medias rolle i kvardagen.
Selwyn er redd for at bruk av sosiale media i skulen vil føre til manglande basisferdigheiter. Vidare seier han at sosiale media ikkje tilfredstiller dei formelle krava til undervisninga, og slik det er no, er det sosiale media altfor uformell.
Han meinar at det kan vere ein fare at vi som vaksne prøvar å vere kule mot eit ungt publikum, dersom vi brukar sosial web i undervisninga. Han trur at dette vil bli oppfatta som at vi invaderar det dei unge ser på som sitt område. Det er stor forskjell mellom å vere der brukarane er, og det å vere nyttige for våre brukarar der dei er.
Neil Selwyn vil helst ignorere sosial web, og oppfordrar til å ikkje bruke dette i skulen. Dei fleste britiske skular har valgt å ikkje tillate bruk av dette i skulen. Dette er dei unge sitt område seier han.
__________________________________________________________________
Lenkjer:

http://www.itu.no/Nyheter/1224159645.86
http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s
http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04

søndag 18. januar 2009

Wesch, Michael University of Manitoba

I dag har eg igjen gått igjennom leksjon for veke 3-5, og sett igjennom lenkjene som låg i leksjonen. I dag har eg først sett og lytta til forskar Petter Bae Brandtzæg, og skreve meg nokre notatar om nettsamfunn og brukarar av dette. Veldig spennande tema, som eg ikkje har tenkt så veldig mykje på før denne leksjonen.
Etterpå lytta eg til foredraget til Michael Wesch. Veldig spennande å sjå korleis han klarer å få med seg studentane, og møte dei på rett arena. Kanskje nettopp derfor han får dei med seg? Dette varte ganske lenge, og eg må tenke gjennom føredraget litt før eg set meg til å skrive artikkelen. Må prøve å få gjort det i morgon, så ikkje ting hopar seg opp for meg.
Såg at Kjell har lagt ut neste leksjon, så den får eg skrive ut i morgon. Likar best å lese ting på papir fortsatt.
Ellers har eg kika inn på nettsidene til medstudentar. Synest mi er så kjedeleg, så eg ville sjå om eg fekk nokre gode tips.

lørdag 17. januar 2009

RSS

No har eg prøvd å legge til rss på bloggen min.

fredag 16. januar 2009

Samling 15-16.01.09

Det har vore ei lærerik samling i Volda. Tema var sosial web og tankekart. Vi fekk ein gjennomgang på korleis vi skal lage oss tankekart, Mindomo, og vi laga eit i fellesskap. Etterpå skulle vi jobbe saman i grupper. Då skulle gruppene lage egne tankekart om sosial web. Ein i gruppa oppretta tankekartet og delte med dei andre medlemmane i gruppa. Det som var litt dumt var at vi ikkje kunne jobbe samtidig i tankekartet. Vi måtte altså ha ein redaktør. Eg må sette meg ned å øve meg på dette. Ser heilt klart at dette kan vere eit yttig redskap i oppgåveskriving. Har tidlegare berre laga meg tankekart med papir og blyant. Vi skulle også opprette oss ei nettside og ein blogg. Nettsida skal vise arbeidet vi gjer, og bloggen skal vi bruke til å skrive kva vi har gjort. På same måten som vi brukte arbeidsmappa/loggen i haust. Vi fekk ein gjennomgang på dette også.
Gruppa mi: Elena, Linda, Karina, og Eva Kristin, vart einige om å prøve å få til kollokvie arbeid. Vi skal i første omgong møtast på nett.

torsdag 15. januar 2009

onsdag 14. januar 2009

Test

Dette er ein test, må sjå korleis dette ser ut i bloggen min;)